Kultur

Kjendislege er lei: - Vi sjukeleggjer det normale

OVERDIAGNOSTISERING: Ole Petter Hjelle, hjerneforskar og forfattar, meiner det er eit auka samfunnsproblem at fleire pasientar får diagnosar utan at dei nødvendigvis treng det.

Sidan Ole Petter Hjelle starta som allmennlege på byrjinga av 2000-talet, har han sett ein tydeleg trend:

– Det har vore ei tydeleg samfunnsutvikling i retning av at vi i aukande grad sjukeleggjer det normale.

Hjelle, som er hjerneforskar, lege, foredragshaldar og forfattar, seier at utviklinga kan sporast tilbake til ei markant auking i talet på diagnosar legane forheld seg til.

– Når vi får ein pasient med plager, skal vi finne ut kva som er feil ved å prøve å finne ein diagnose som kan forklare plagene, forklarer han.

Ifølgje Hjelle har dette systemet vakse betydeleg dei siste 20 åra, noko som har ført til fleire diagnosar på tilstandar som tidlegare ikkje vart vurderte som sjukdommar. Hjelle peiker på vanlege kvardagsplager som døme:

– Ei av dei vanlegaste årsakene til at pasientar kontaktar oss er at dei føler seg slitne. Tidlegare ville dette ofte blitt sett på som ein normal reaksjon på livsens påkjenningar. I dag er vegen til ein diagnose som for eksempel depresjon eller utmattingssyndrom kort. Nedstemtheit er blitt til depresjon. Nervøsitet blir til angst.

– Mange av problema menneska opplever, er ikkje sjukdom, men ein naturleg del av motbakkane vi alle møter i livet.

Ein industri av diagnosar

Hjelle meiner at ein del av problemet er at helsevesenet er blitt ein industri som lever av diagnosar.

– Vi bruker medisinar når vi har ein diagnose, og jo fleire diagnosar vi stiller, jo fleire medisinar kan vi bruke. Dette fører til ein situasjon der det økonomiske insentivet kan drive fram fleire diagnosar, noko som igjen påverkar finansieringa av sjukehus, seier Hjelle og legg til:

– Fleire diagnosar gir meir pengar.

---

Sjukmelding og diagnosar i 2023

  • Legemeld sjukefråvær auka med 2,7 prosent frå 2022 til 2023 og var på 5,6 prosent i 2023. Dette er det høgaste årsnivået på sjukefråvær sidan 2009.
  • Dei diagnosane som auka mest var slappheit/ trøyttleik. Dei psykiske lidingane som auka mest var depresjonskjensle, psykiske symptom.

Kjelde: NAV

---

På spørsmål om kven som har ansvaret, er Hjelle tydeleg på at det er eit samfunnsproblem.

– Eg trur det handlar om forventningar i samfunnet. Vi lever i ei tid kor vi objektivt sett er friskare enn nokon gong, men likevel oppsøkjer vi legar som aldri før, seier han.


Hjelle forklarer paradokset med at i eit samfunn kor vi har det veldig bra, er det naturleg at vi fokuserer på dei tinga som ikkje er heilt optimalt.

– Jo betre vi har det, jo lågare blir terskelen for å sjå på noko som unormalt. Det er menneskeleg å søke forklaringar og løysingar på plager vi opplever, men ikkje alt er ein sjukdom.

Ei nødvendig haldningsendring

Eit område Hjelle er spesielt opptatt av er ADHD. I boka Fokus skriv han at talet på nordmenn som bruker medisin mot ADHD auka frå 11.000 til heile 80.000 dei siste ti åra.

– Talet på diagnosar har auka dramatisk. Eg er overtydd om at det bak tala skjuler det seg ei omfattande overdiagnostisering.

– ADHD er ein reell diagnose og plagene frå det er utfordrande for mange. Det må vi ta på alvor. Trass i det støtter ikkje vitskapen omfanget av ADHD-diagnosar som stillast i Norge. I eit samfunn preget av mykje stillesitting og konstant stimulering frå mobiltelefonen, er det ikkje rart at mange, særleg barn og unge blir urolege og slit med konsentrasjonen. Det betyr ikkje at dei bør få ein diagnose.

– Vi må endre haldningane våre til kva vi ser på som sjukdom.

Hjelle trekkjer også fram korleis tilgjengelegheita av informasjon, spesielt på internett, påverkar folks helseoppfatningar, og seier at nesten alle bruker «doktor Google» i dag.

– Du kan søke på nesten kva som helst og få opp resultat som skremmer deg til å tru at du er alvorleg sjuk, legg Hjelle til.

For å handtere problemet med overdiagnostisering, meiner Hjelle at vi må endre tilnærminga vår til helse og sjukdom.

– Vi må ta oss meir tid til å snakke med pasientane og forstå at ikkje alle plager er sjukdommar. Det er normalt å vere nedstemt av og til og møte motbakkar i livet. Og barn som er aktive og slit med konsentrasjonen treng ikkje nødvendigvis ein diagnose.

– Overdiagnostisering er eit problem med djupe røter i både helsevesenet og samfunnet som heilskap. Det krev ein felles innsats frå legar, pasientar og samfunnet for å endre denne utviklinga og finne ein betre balanse mellom å behandle reelle sjukdommar og å akseptere dei normale utfordringane i livet.

Fokus
Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur