Kultur

Nobelprisvinnaren om Pavens brev: - Det beste forsvaret for litteratur eg har lese

LITTERATUR: Jon Fosse seier han er stolt av å tilhøyra ei kyrkje med ein øvste leiar som tenkjer så klokt om litteratur.

I eit brev utsendt av Pave Frans i sommar understrekar han verdien av litteratur, særleg romanar og poesi, i den personlege og åndelege utviklinga til alle kristne.

Paven siterer både kristne forfattarar som C.S. Lewis og T.S. Elliot, men også ikkje-kristelege forfattarar som Marcel Proust når han argumenterer for rolla til litteratur i tru og menneskeverd.

– Det pave Frans gjer er å skriva fram eit forsvar for skjønnlitteraturen, for litteraturen i seg sjølv, den som ikkje har noko føremål utanfor seg seg sjølv. Og så syner han korleis denne litteraturen er svært nyttig, ja nettopp med å vera unyttig.

Det seier nobelsprisvinnar og katolikk Jon Fosse. Han meiner pavebrevet kanskje er det beste forsvaret han har lese for litteratur som litteratur, og for den seriøse diktinga.

Klokt om bok og skjerm

Paven skriv at i motsetning til passivt konsum av audiovisuelle medium, krev lesing aktivt engasjement. Dette gjer det mogleg for lesarane å omskape tekstar og skape personlege samband, og dermed styrke sitt verdsbilde og sin personlege vekst.

– Paven tenkjer klokt kring skilnaden mellom det å lesa ei bok og det å sjå på ein skjerm, om korleis litteraturen og lesinga gjer det reflekterande rommet større, og dermed også til dømes kan gjera at ein ikkje utan vidare lèt seg lura av «fake news», seier Fosse.

Opnar for all litteratur

I brevet bruker også paven plass på å kritisere presteutdanninga, og peiker på at litteratur ikkje blir akseptert nok i utdanninga av nye prestar, og kjem med det han meiner er eit radikalt forslag om å vere open til all litteratur.

Paven meiner litteratur er viktig for at truande skal kunne engasjere seg meiningsfullt i samtidskulturen og andre menneskes erfaringar, noko som bidrar til kyrkjas oppdrag om å presentere evangeliet i ulike kulturelle kontekster.

- I Noreg var det vel lenge, om ikkje lenger, nesten ein motsetnad mellom det å vera kristen og det å vera litterat. I den mon litteraturen var viktig var det fordi han var forkynnande litteratur, altså eigentleg det motsette av litteratur. Den akseptable litteraturen var «fundamentalisk sjølvrefererande», for no å nytta Pavens ord. Den baud på det same, medan den gode litteraturen får ein til «å lytta til den andres røyst», slik han skriv, seier Fosse.

Du merkar skilnaden han er inne på tydeleg om du går til ei ortodoks, eller for den saks skuld ei katolsk messe og til ei protenstantisk preike- og salme-gudsteneste

—  Jon Fosse

Vesten manglar poesi

Når paven vart spurd om kva han meiner er den største skilnaden mellom Austen og vesten seier han: “Eg trur vesten manglar litt poesi”.

- Er du einig i dette utsagnet?

- Det er ei utsegn som nesten er eit dikt i seg sjølv. Men for å svara slik: du merkar skilnaden han er inne på tydeleg om du går til ei ortodoks, eller for den saks skuld ei katolsk messe og til ei protestantisk preike- og salme-gudsteneste, svarar Fosse.

Eg er stolt av å tilhøyra ei kyrkje med ein øvste leiar som tenkjer så klokt om litteratur

—  Jon Fosse

Brevet legg også vekt på innleving i litteraturen, og trekkjer blant anna fram pavens eigen kjærleik til tragediar. Fosse viser til korleis paven meiner at litteraturen gjev innleving i andres liv og røynsler, tankar og tru.

– Dermed gjer den vårt indre rom større, vi lærer å sjå betre. Det som gjev meining blir større og større di meir god litteratur ein les, seier Fosse.

Han trekk også fram at paven skriv om korleis litteraturen utfordrar oss til å spørja etter meininga med livet, til å røyna livet slik det er.

– Og litteraturen formidlar røynsle, ikkje ved å gjera den til objekt, slik vitskapen gjer, men ved å uttrykkja og tolka den djupare meininga i røynsla. Slik får litteraturen oss til å sjå røynda til menneske som eit mysterium fullt av meining som berre til dels kan bli forstått gjennom omgrep, forklaringar, av årsak og verkand. «Dei som verkeleg lærer å sjå, kjem nær det som er usynleg,» slik han vel å avslutta brevet sitt, med eit sitat frå Paul Celan.

Stolt Fosse

- Paven seier litteraturen er viktig fordi det fremmer empati og innleving, men er det ikkje også viktig med at litteraturen skal utfordre og provosere?

- Paven peikar gjennomgåande på at ein i litteraturen møter det som er annleis, og i ei viss tyding kan vel det seiast å vera «provoserande» og at det «utfordrar» all trygg sjølvforståing? Om du derimot meiner provokasjon i meir vanleg tyding, så er eg usamd med deg. Bortimot det einaste som vel no kan provosera er høgreradikale rasistiske og sexistiske utsegner? Og vi treng vel ikkje ynskja oss meir av slikt. Den tid provokasjon i vanleg tyding var naudsynt er forbi.

Fosse trur at svært mange, også dei med lite interesse for litteratur, vil få glede av å lesa pavens brev.

– Eg er stolt av å tilhøyra ei kyrkje med ein øvste leiar som tenkjer så klokt om litteratur.


Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur