Den palestinske regissøren Scandar Copti vaks opp i Israel og har israelsk pass. Han blei nominert til Oscar for beste framandspråklege film med spelefilmen Ajami og er for tida aktuell med Happy Holidays. Vi intervjuar han kort tid etter at våpenkvila mellom Israel og Hamas kom i stand, ein avtale han uttrykker optimisme over.
– Vi veit ikkje kor reell våpenkvila kjem til å vere, men ho gir oss håp. Eg har sett folk som dansar i gatene i Gaza, seier Copti.
Situasjonen i Gaza er likevel eit uttrykk for at vi som menneske feilar om og om igjen, meiner han.
– Vi må spørje oss sjølve om kvifor vi, som menneskeheit, tillét at slike ting skjer. Men enkelte meiner at moralen deira er overlegen moralen til andre menneske, meiner den palestinsk-israelske regissøren.
Enkelte meiner at moralen deira er overlegen moralen til andre menneske
— Scandar Copti, filmregissør
Palestinsk krysspress
I den nye spelefilmen sin går han ikkje storpolitisk til verks, men fortel ei nærare historie som utspelar seg på eit relasjonelt og emosjonelt plan. Happy Holidays handlar om ein palestinsk familie som lever i krysspresset mellom eigen moralkodeks, sosiale restriksjonar og det israelske storsamfunnet. Også i filmen finst det menneske som meiner at deira eigen moral er betre enn andre sin, som når dei palestinske mødrene i beste meining prøver å stake ut ein kurs for døtrene sine som desse kanskje ikkje står inne for sjølv.
– Moralske narrativ er bra for å binde folk saman. Problemet startar når vi blir blinde for at det kan eksistere andre val, seier Copti.
I filmen passar regissøren seg for å ta parti med berre ei av sidene, men er opptatt av å fortelje ei nyansert historie, blant anna om ei jødisk jente blir gravid etter å ha ligge med den palestinske kjærasten sin. Som palestinar frå Israel er han i posisjon til å sjå på konflikten i Midtausten med andre briller enn mange andre. Samtidig er han tydeleg i kritikken sin av israelske styresmakter, som han også var då han blei nominert til Oscar med Ajami. Då fekk han mykje merksemd for å seie at han «ikkje kunne representerte eit land som ikkje representerte han».
– Dei kvite amerikanarane som gjorde afrikanarar til slavar, var sikkert gode menneske, dei også. Dei hadde kjensler, gjekk i kyrkja og græt når barna var sjuke eller foreldre deira døydde. I kristendommen – og eg snakkar som ein kristen – hadde krossfararane ei moralsk oppfatning om at det var betre å frigjere Palestina frå dei ikkje-kristne. Folk trur ofte at dei veit kva andre treng, seier Copti, som kjem frå ein katolsk palestinsk familie i den israelske hamnebyen Jaffa.
Mista slektningar i krigen
Han har sjølv mista fire slektningar i krigen i Gaza, noko som smertar han. Når han tenker på ein mogleg fred i området, er det ordet «rettferd» og ikkje «fred» som er det viktigaste for han.
– Fred kan vere nokså kunstig. Det vi leitar etter er rettferd, ikkje fred, seier han.
I same andedrag kommenterer han Oslo-prosessen, der Noreg hadde ei sentral rolle som fredsforhandlar mellom Israel og PLO på 1990-talet, som han meiner ikkje hadde dette klart nok for auge.
– Det finst 52 israelske lover som er laga for å motarbeide folk som meg, seier den palestinske regissøren.
– Korleis har det vore for deg å vekse opp som palestinar i Israel?
– Filmen viser mykje om dette, for eg skriv berre om ting eg relaterer meg til. I Israel er ikkje israelar ein nasjonalitet – dei anerkjenner over 140 nasjonalitetar, men «israelsk» ikkje blant dei. For då kunne eg ha sagt: «Eg er israelar, gi meg rettane mine!» I staden er du anten jøde eller arabar. I mitt eige ID-kort står det «arabisk», sjølv om den palestinske familien min i Jaffa har ei historie på mange hundre år, seier Copti.
Fred kan vere nokså kunstig
— Scandar Copti, filmregissør
Har kone frå Nasaret
Denne familien er som nemnt kristen, sjølv om Copti ikkje er religiøst aktiv eller kallar seg truande. Kona hans er frå Nasaret, der også Jesus kom frå. På arabisk tyder stadnamnet «siger».
– Somme trur, og eg respekterer det. Somme trur ikkje, og eg respekterer det også. Tru burde ikkje diktere måten du lever på. Dersom du spør, vil eg seie at eg er ein palestinsk kristen. Men det er ikkje den einaste måten eg definerer meg sjølv på, seier han.
Bandet mellom kristne og muslimske palestinarar meiner han uansett er sterkt.
– Dei har solidaritet med kvarandre fordi dei er undertrykte, seier han.
I Happy Holidays skildrar han ei rekke ulike menneske og menneskelagnader som alle er knytt til ein og same familie. Sjølv om publikum etter kvart gjer opp si meining om dei, startar alle karakterane som personar både regissøren og publikum blir glade i. Copti prøver først og fremst å forstå kvifor folk handlar som dei gjer.
– Du kan berre engasjere deg i folk når du forstår kvifor dei lir. Kvinna Hanan i filmen er klar over at statusen deira vil falle om folk får vite at dei er i økonomisk knipe. Det vil påverka alt, på same måten som alt blir påverka om folk får vite at dotter hennar ikkje er ei «god jente». Det er menneskeleg. Vi fryktar ting, seier Copti.
– Vi ønsker å lide mindre, bringe orden i kaoset. Då er vi ofte ikkje klar over at vi skader andre.
Brukar urøynde skodespelarar
I Happy Holiday nyttar Copti seg av ein metode som han sjølv har vidareutvikla, nemleg å bruke amatørskodespelarar og improvisasjon for å få mest mogleg autentisitet inn i spelefilmen.
– Eg begynte med denne metoden i den første filmen min, Ajami. Eg lagar filmane min av ein grunn, og grunnen er ikkje filmmediet i seg sjølv. Eg ønsker sosial forandring, seier Copti.
Då er autentisitet viktig. Copti skriv normalt sett ut heile manuset, men lar ikkje skodespelarane få vite alt som går føre seg. Han jobbar med skodespelarane og lærer dei å improvisere, før han introduserer små bitar av forteljinga. Slik får han fram ekte reaksjonar på lerretet.
– Det blir som ein dokumentar, seier regissøren.
Han likar at skodespelarane er nøydde til å lytte på kvarandre fordi dei ikkje har lært replikkane ut frå eit manus.
– Når dei stammar, stammar dei. Når dei er tomme for ord, er dei tomme for ord. Dei er nøydde til å høyre på kvarandre, ikkje tenke på sin eigen replikk. Og eg elskar når folk lyttar til kvarandre, seier Copti.
Jaktar ikkje Oscar-statuett
Metoden har altså medført internasjonal anerkjenning. Men den palestinske regissøren synest å vere svært avslappa til om filmane hans blir nominerte til Oscar og andre store filmprisar eller ikkje. Denne gongen blei han ikkje nominert til Oscar for beste framandspråklege film, som sist.
– Eg er ikkje ein person som jagar det folk kallar for suksess, seier han.
– Du jagar ikkje etter ein Oscar-statuett?
– Nei, eg gjer ikkje det. Derimot kjenner eg ei forplikting overfor lokalsamfunnet mitt, folka eg elskar og dei eg bur saman med. Eg prøver å skape større toleranse for kva som er akseptert, noko som må skje gradvis. Eg ønsker å sjå eit meir ope samfunn, seier han.
Den nye filmen hans er ikkje vist i Israel enno, men han håper at det kan bli premiere i februar. I Noreg har filmen vore vist på Tromsø Internasjonale Filmfestival.
Med Happy Holiday ønsker han å få oss til å tenke og kanskje også bli klar over kva slags verdiar som er viktige for oss. For sin eigen del er det rettferd, som han har snakka om.
– Det viktigaste for folk er ofte det som dei ikkje har. Spør du ein fyr ute i ørkenen om kva som er det viktigaste for han, vil han svare vatn. Det eg sjølv manglar, er rettferd. Derfor er dette det viktigaste for meg: rettferdig og verdigheit. Det er svært basalt, seier Scandar Copti.
– Pengar og suksess betyr ikkje noko. Verdigheit betyr noko. Kjensla av å vere eit likeverdig menneske på jorda.
---
Scandar Copti
- Palestinsk filmregissør frå Jaffa i Israel
- 49 år
- Bur med familien sin i Abu Dhabi
- Nominert til Oscar for den førre spelefilmen sin, Ajami.
- Aktuell med spelefilm nummer to, Happy Holidays, som truleg får premiere i Israel i februar
---