Kommentar

Lubna Jaffery dreiv ikkje med blotting på Pride

Når ein tømmer ord for si opprinnelige meining, risikerer ein å skade dei ein ønskar å verne.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kulturminister Lubna Jaffery kledde av seg på eit arrangement under Oslo Pride.

Jaffery melder til forsamlinga, etter å ha motteke prisen som «årets fag hag» (eit vanlegvis nedsetjande omgrep nytta om heterofile kvinner som heng seg på homofile menn i sosiale samanhengar, men i denne samanhengen tydelegvis meint som ei heidersomtale), at ho ikkje har smykka seg i glitter fordi ho hadde møter tidlegare på dagen, men ho har førebudd noko anna: Kulturministeren løfter opp blusen og viser fram brysta sine – med tildekka brystvorter og dekorative duskar. Vulgært? Ja, det får ein vel seie. Passande i forsamlinga ho var i? Heilt sikkert.

Utfordringa var at opptrinnet vart fanga på video og spreidd via ei rekke medium, med den etterfølgjande offentlege debatten som måtte følge slikt. Foreløpig sist ut i rekka er kommentator i avisa Dagen, Sofie Braut. Ho spør retorisk kvifor ingen melder Lubna Jaffery til politiet for blotting.

Ved å kalle det Jaffery gjer «blotting» skuldar Braut hendig statsråden for å vere ein seksuell avvikar utan å måtte ta orda i munnen

Avkledde statsrådar

La det vere klart: Eg tykkjer statsrådar bør halde kleda på. Også på Pride.

I motsetnad til Braut, har eg derimot ikkje noko imot at sjølv den mest rytmeutfordra politikar til dømes tek nokre dansetrinn, kor pinleg det enn måtte vere for oss andre å sjå på. Det vere seg på scena under eit barne-arrangement på Arendalsveka eller for å markere 17. mai under pandemien. Eller under Pride-paraden, som Braut er mest oppteken av. Ho minner om då Raymond Johansen og Jonas Gahr Støre dansa i paraden i 2019, og kallar det «audmjukande». Det korkje såg eller høyrdest ut som Støre og Johansen delte den opplevinga undervegs, for å seie det mildt, men Braut står sjølvsagt fritt til å karakterisere det slik ho vil.

Då er det langt verre, og meir alvorleg, at eitt av hovudpoenga i Braut sin kommentar er å samanlikne dei (halv-)nakne brysta til Lubna Jaffery på Pride med ei kriminell handling. Braut trekk parallellar – sjølv om ho seier at ho ikkje gjer det – mellom læraren som i Hordaland tingrett nyleg vart dømt til 60 dagar fengsel etter å ha sendt seksualiserte bilete og videoar til elevane sine.

Ved å kalle det Jaffery gjer «blotting» skuldar Braut hendig statsråden for å vere ein seksuell avvikar utan å måtte ta orda i munnen. Blotting er eit spesifikt omgrep som ikkje berre tyder å kle av seg, men å få ein form for seksuell tilfredsstilling av at andre ser ein avkledd. Det er, igjen, grunn til å minne om at brystvortene til Jaffery var tildekka.

Det er knappast så ein trur sine eigne auge når kommentatorar i seriøse norske aviser ser det som skjedde og reaksjonen ikkje er oppgjeven himling med augo, men å gripe etter Noregs lovar.

Ein stad, mellom ein mann i bar overkropp og Lubna Jaffery sine halvnakne bryst, går det altså ei grense mellom det ordinære og det seksuelle

Kropp og moral

Underliggande i både samanlikninga med seksualbrot og bruken av det juridiske og medisinske omgrepet «blotting» er ein tanke om at avkledd (kvinne)kropp i seg sjølv er noko seksuelt, og at å vise den fram automatisk er ei slags seksuell handling. Det er ei haldning som nok ikkje er ukjent i korkje Dagen eller Vårt Land sin lesarkrets, men eg er ikkje sikker på kor konstruktiv og sunn den er.

Ein mann i bar overkropp ville ein truleg reagert langt mindre på. Ein stad, mellom ein mann i bar overkropp og Lubna Jaffery sine halvnakne bryst, går det altså ei grense mellom det ordinære og det seksuelle. Men kor går den? Kor djup utringing er greitt, og på kva tidspunkt sluttar det å vere greitt?

Svaret på det, som på så mange andre spørsmål, heng dessverre alt for mykje saman med kor stor den aktuelle kroppen er. Ei slank kvinne har langt større spelerom i klesval utan å bli stempla som vulgær enn ei som er meir formfull. Ein kan også lese det i Sofie Braut sin kommentar, der ho skriv «på VGs front veltar Lubna ut over oss alle» (mi utheving). Ordvalet er talande.

Kropp er ikkje automatisk grunn til skam. Å kle av seg er ikkje alltid blotting

Born og kropp

Det handlar, som Sofie Braut også seier, om kva vi formidlar til born og unge. Eg trur noko av det aller beste vi kan formidle til borna våre, er at kropp ikkje er farleg eller syndig i seg sjølv. Kropp er ikkje automatisk grunn til skam.

Dersom også vi som vil gje borna våre ei kristen oppseding kunne tenke slik, ville det også vere lettare for unge kristne å snakke med vaksne, og med kvarandre, om kropp, seksualitet og grenser. I ytste konsekvens kan det å oppmuntre til skamfri dialog om kropp gjere det lettare å melde frå dersom ein vert utsett for overgrep eller annan grenselaus åtferd. Å kle av seg er ikkje alltid blotting, og når ein rotar med omgrepa, risikerer ein i tilsløringa å gjere det vanskeligare for unge å sortere i rett og gale.

Nakenheit er ikkje automatisk seksuelt, før nokon vel å seksualisere det. Til dømes i ein aviskommentar.




Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar