Kommentar

Latskaps-demokratiet

Det virtuelle demokratiet er eit latskaps-demokrati. Derfor treng vi fleire av Christian Tybring-Gjeddes kaliber.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ta ansvar! Ja, du! Du som på sosiale medium er oppteken av å vise kor moralsk overlegen du er andre menneske. Du som postar riktige ting om riktige tema til riktig tidspunkt. Du som puttar korrekt logo eller emblem i profilbiletet ditt. Du forandrar ikkje verda ved å dele ting i story.

Det kostar knapt ein kalori å poste «all eyes on Gaza»-bilete på Instagram. Å melde seg inn eit parti, ein organisasjon, ei fagrørsle, eller gå på partimøte, organisere seg på gamlemåten, skrive referat, lage sakslister, skrive forslag og jobbe for kjedelege kompromiss – det er ting som kostar kaloriar, seine kveldar og ekte engasjement.

Politikk på gamlemåten

Ein som har gjort mange av desse tinga heilt sidan 2005, er Christian Tybring-Gjedde frå Framstegspartiet.

Han har stilt på partimøte, skrive innlegg i avisene, komme med forslag, vunne avstemmingar, tapt avstemmingar, møtt veljarar og bede om tillit år ut og år inn.

Christian Tybring-Gjedde gjorde meir enn å fnyse av det han var mot. Han engasjerte seg i dei institusjonane som forandrar verda. At han har forandra verda i ei anna retning enn eg sjølv kjempa for, understrekar poenget.

Måndag denne veka måtte han pakke snippsekken som Frp-medlem, etter å ha blitt ekskludert frå partiet.

Den kontroversielle stortingsrepresentanten hadde for siste gong kryssa grensa for kva ein politikar i Framstegspartiet kunne seie. Det skjedde då han i juni omtalte nominasjonsprosessen i Oslo Frp som eit «bestillingsverk» og «partipolitisk korrupsjon». Årsaka var at Tor Mikkel Wara og Simen Velle vart plassert på dei to øvste plassane frå Oslo.

Hyperpolitikkens tid

Sjølv om Tybring-Gjedde i april sa at han ikkje var motivert for ein ny runde på Stortinget, har han i fleire tiår vore ein som har søkt makt og posisjonar og påverknad.

Slik har Tybring-Gjedde har blitt sjeldan vare.

Grunnen er denne:

I følge den belgiske statsvitaren Anton Jäger, lever vi i ei tid der alt er politisk. Han kallar det hyperpolitikk. Det inneber ein tilstand av enormt politisk engasjement og stor politisering, men likevel er det påfallande få som vier liv og karrierar til dei maktinstitusjonane som faktisk kan forandre verda. Jägers poeng er at vi i hyperpolitikkens tid er gode til å mobilisere (på Instagram, til dømes), men elendige til å institusjonalisere engasjementet.

Christian Tybring-Gjedde er ein politikar som ofte har stått for det motsette av meg sjølv. Han har også vore polariserande, kontroversiell og til tider ein politisk provokatør.

Til dømes då han i 2010 publiserte kronikken Drøm fra Disneyland i Aftenposten. Der langa han og partikollega Kent Andersen ut mot fleirkultur. «Vi tror det er en drøm fra Disneyland», skreiv dei og meinte at Arbeidarpartiet ville bytte ut norsk kultur med fleirkultur. Dei omtalte det som «kultursviket». Dei skreiv at «fremmedkulturer og ukulturer samler seg i Norge og simsalabim danner en helt ny kulturform. Vi fnyser av det».

Kronikken fekk fortent kritikk. Spesielt då den fekk gjenklang av Anders Behring Breivik i den høgreekstreme terroristens manifest året etterpå.

Det virtuelle demokratiet er eit latskaps-demokrati. Derfor treng vi fleire av Christian Tybring-Gjeddes kaliber.

Christian Tybring-Gjedde gjorde meir enn å fnyse av det han var mot. Han engasjerte seg i dei institusjonane som forandrar verda. At han har forandra verda i ei anna retning enn eg sjølv kjempa for, understrekar poenget.

Å engasjere seg der det betyr noko har Tybring-Gjedde gjort i ei tid der dei politiske partia, fagrørslene, kyrkja og andre sosiale institusjonar har mista tusenvis av medlemer.

Medan engasjementet tilsynelatande har blitt større og talet på folk har vakse, så har desse viktige institusjonane mista styrke. Sjølv om dei framleis er dei einaste måtane å få til reell forandring.

Det forstod Tybring-Gjedde.

Livet handlar om å møte opp

No som han går over i livet som uavhengig stortingsrepresentant det siste året i stortingsperioden, er det grunn til å reflektere over det politiske monumentet som står igjen etter han.

Det som i 2010 var kontroversielt å seie om norsk innvandringspolitikk og som berre blei sagt på lukka møter i Framstegspartiet, vart etter kvart også politikken til både Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet. Den norske innvandrings- og integreringspolitikken har gått i ein stadig strengare retning. Krava til integrering har knapt vore tøffare.

Det er få i dag som går til val på naive førestillingar om norsk innvandringspolitikk.

Ein av dei som skal ha skulda eller takken for det, er Christian Tybring-Gjedde.

For alle dei som kjempar for annan politikk, er det eit tankekors. Det held ikkje å skrive det på Facebook. Livet handlar om å faktisk møte opp i den verkelege verda og forandre den.

Det virtuelle demokratiet er eit latskaps-demokrati. Derfor treng vi fleire av Christian Tybring-Gjeddes kaliber.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

Mer fra: Kommentar