Kommentar

Politisk journalistikk er ikkje i krise

Bråket rundt boka «Partiet» har synleggjort kva som er styrken til journalistisk handverk. Når det blir brukt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei siste vekene har politikarar og kommentatorar stått i kø for å slakte boka Partiet skriver av Dagbladet-journalistane Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant. Elendig faktasjekk, eit ubalansert kjeldeutval og manglande tilsvar, er omkvedet.

Bakgrunnen for striden er fleire faktafeil, og dessutan at kjeldene ikkje har blitt kontakta før publisering. Det er lett å seie seg einig i det meste av kritikken.

Det gjer inntrykk når enka etter avdøde Hans Kristian Amundsen går ut i Aftenposten mot klare faktafeil og fortel at ho aldri vart kontakta før publisering. Amundsen var sekretariatsleiar på Stortinget under den opprivande metoo-saka. I boka heiter det at Amundsen skulle ha justert og tilpassa varslene mot Giske på ein slik måte at dei skulle ramme nestleiaren. Påstandane vert sterkt avvist av enka.

Det er berre ein av feila som forlaget Gyldendal nå vil rette.

Derfor kan vi ikkje alltid fortelje kor informasjonen kjem frå

Bråket rundt boka rammer tilliten til politisk journalistikk på kort sikt. Og bruken av anonyme kjelder er igjen blitt ein hoggestabbe.

Men tilstanden til norsk politisk journalistikk er god, mykje takka vere eit sams regelverk som journalistar er forplikta til å følgje. Dessverre valte å forfattarane bak Partiet å sjå på regelverket som ein hemsko, heller enn eit verktøy.

I haust har Vårt Land brukt mange anonyme kjelder for å avsløre kva som skjedde då Olaug Bollestad måtte trekkje seg som KrF-leiar. Det hadde vore uråd å fortelje lesarane om drama i KrF dersom vi berre skulle snakka med kjelder som står fram med namn.

Slett ikkje alle kjelder liker det vi har skrive, og vi har slept til kritikk mot bildet vår journalistikk har danna.

Slike saker vert alltid gjennomgått fleire gonger før publisering, nettopp fordi dei utfordrar eit viktig prinsipp i presseetikken – openheit

Må vere ekstra aktsame når ein nyttar anonyme kjelder

Bruk av anonyme kjelder krev ekstra aktsemd. Vi bruker anonyme kjelder for å få fram fakta, ikkje for å la kjelder sleppe til med karakteristikkar. Somme gonger er det vanskeleg å skildre. I saka om varselet mot Bollestad, kjem det fram negativ omtale av henne. Men det er naudsynt å ha med for å kunne avsløre kva varselet handlar om.

Slike saker vert alltid gjennomgått fleire gonger før publisering, nettopp fordi dei utfordrar eit viktig prinsipp i presseetikken – openheit.

Anonymitet tar frå lesaren seg moglegheita til å vurdere motivet til kjelda. Då blir det ekstra viktig at reporterane fortel så mykje som råd om kor informasjonen kjem frå, utan å bryte kjeldevernet. Det er også god skikk å opplyse lesaren om kva reporteren ikkje veit. Det styrkjer truverdet til historieforteljinga og dermed det journalistiske produktet.

Vi hadde ikkje kunne fortelje den historia med same tyngde utan eit etisk regelverk i ryggen.

Etikken gjer journalistikken skarpare

Om Partiet er eit brot med det etiske regelverket til forlaga, vil vi aldri få eit svar på. Eit slikt regelverk finst nemleg ikkje, i motsetnad til i pressen der alle journalistar er forventa å kjenne Vær varsam-plakaten (VVP).

I arbeidet med ei sakprosaboka kunne dermed Suvatne og Gilbrant sjå vekk frå kontrollmekanismane dei må forhalde seg til som journalistar i Dagbladet. Men dei måtte slett ikkje gjere det.

Ein får inntrykk av at kontrollmekanismane i pressa utelukkande er til for å beskytte kjelda mot overivrige journalistar. Men regelverket er ein avgjerande del av verktøykassa som gjer granskande journalistikk mogleg.

Historia om ein fråverande statsminister

I ein sørlandsby syder det av liv. Gatene koker av journalistar, politikarar og lobbyistar. Dei politiske rådgjevarane sveittar over ferske, urovekkjande målingar. Men statsministeren er fråverande. Han søkjer ro på hytta. Der gjer han det han liker aller best, diskuterer filosofen René Descartes saman med sin intellektuelle rådgjevar. Fullstendig fråkopla røynda der inne i Arendal.

Scena over laust gjeve att frå boka. Det gir definitivt ei nerve til historia om ein fråverande og tåkefyrste av ein statsminister. Det er god historieforteljing.

Problemet er berre at den utgjer seg for å vere sann.

Rådgjevaren Siri Storstein Hytten, som ifølgje boka statsministeren si svevande kollokviegruppe på hytta, hevdar det heile er reint oppspinn. Det er ein av episodane forlaget nå vil sjå nærare på.

Ein journalistisk arbeidsprosess kan gjerne starte med eit rykte. Men det kan ikkje vere endestoppen

Never check a good story

Det er blitt eit munnhell blant journalistar i Europa og USA. Dessverre er det også noko forfattarane bak «Partiet» ser ut til å ha brukt som metode.

Ein journalistisk arbeidsprosess kan gjerne starte med eit rykte. Men det kan ikkje vere endestoppen.

Dersom tipset kan dokumenterast, har reporteren ein god story. Før publisering av ei alvorleg sak må også den parten som kjem dårlegast ut kontaktast. Då kjem det gjerne ny informasjon som journalisten pliktar å ettergå. Då kan saka sjølvsagt falle, og det er opphavet til munnhellet om at ein god story ikkje skal sjekkast.

Men dersom den ikkje gjer det, står journalistikken støtt. Det var tilfelle då journalistane i Vårt Land kunne rulle opp historia om Olaug Bollestads fall.

Dersom den omtalte part ikkje vert kontakta, er det overhengande fare for at journalisten bommar på fakta. Det er årsaka til at journalistar som blir felt i Pressens fagleg utval (PFU) for manglande samtidig imøtegåing også felt for manglande faktasjekk.

Nå rasar debatten om forlagsbransjen skal innføre eit liknande regelverk som i pressen.

Kritikk ville komme uansett

Den eksplosive merksemda som har komme i kjølvatnet av denne boka handlar ikkje berre om faktafeil. Det er også aktørar som reagerer som uansett ville ha kritisert historieforteljinga, sjølv om alle etikkreglar var følgt.

Vårt Land-kommentar Emil André Erstad skriv at boka kunne hatt godt av eit ærlegare innslag. Dette er forteljinga om kva motstandarane til Støre tenkjer. Ingen av dei har så langt reagert på metodebruken, skriv Erstad.

At faktakontroll ikkje er den einaste ingrediensar i dette bråket, kjem tydeleg frå både i Hyttens kronikk i VG. Der kallar ho boka “i beste fall skjev og tendensiøs”. Torsdag kom også Trond Giske forfattarane i forsvar, gjennom eit angrep på Lars Joakim Skarvøys metodar i boka “Alle skal ned”, ført i pennen av Skarvøy og Marie Melgård. Melgård og Skarvøy slår tilbake mot skuldingane.

Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant visste heilt sikkert at historieforteljinga ville skape debatt. Som ein forteljing om korleis Jonas Gahr Støres motstandarar tenkjer, er boka interessant. Målet med ei bok er ikkje at aktørane skal vere einige i framstillinga.

Men ved å hoppe bok over regelverket har forfattarane av Partiet flytta kritikken og merksemda mot seg sjølv. Forlagsbransjen er i full gang med debatten om etikken som ligg til grunn for sakprosa.

Den politiske journalistikken står støtt gjennom stormen.

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar