Førre veke kjende eg det gjekk kaldt nedover ryggen. Hårene reiste seg då eg såg videoar på Twitter/X av to palestinske terroristar med automatvåpen som skaut rundt seg på trikken i Jaffa-bydelen i Tel Aviv. Då hadde israelske styrkar allereie i fleire dagar sleppt bomber over heile Libanon. Frå Gaza kom det ein jamn straum av dårleg nytt.
Eg var der
Ei av dei som stod i vegen for kulene i Jaffa var 33 år gamle Inbar Segev-Vigder. Ho hadde sin ni månader gamle son i beresele på magen. Sonen overlevde, medan Inbar blei drepen der, midt på Jerusalem-boulevarden.
For nøyaktig eit år sidan, fleire dagar på rad, på akkurat det same trikkestoppet, gjekk vi av og på trikken, eg, kona mi og borna mine. Vi vakna til lyden av flyalarmen 7. oktober, og fekk ganske fort inn dei skremmande videoane frå massakrane lenger sør i Israel.
Eg trur reaksjonen min handlar om at eg opplevde 7. oktober i Israel
Det var ei uverkeleg kjensle av å vere på feil stad til feil tid.
Eg skal vere ærleg: Terroråtaket i Jaffa førre veke trefte meg djupt i magen. Eg kjende meg fysisk uvel. Det trefte meg personleg hardare enn dronane over Beirut eller dei mange kilos tunge bombene som har knust Gaza, bygg for bygg.
Kvifor fungerte eg sånn? Eg forstår det ikkje sjølv.
7. oktober i Israel
Det er jo mange fleire drepne i Gaza og Libanon enn dei sju israelarane Hamas-terroristane drap førre veke i Jaffa. Lidingane er meir langvarige, større og vanskelegare å fatte.
Eg trur reaksjonen min handlar om at eg opplevde 7. oktober i Israel.
Det ville vere å lyge, om eg sa at det å oppleve 7. oktober i Israel ikkje sette djupe spor i meg og har prega mitt syn på konflikten i året som har gått
Eg opplevde å sjå kva det gjorde med menneska rundt meg den dagen, både palestinarar og israelarar. Eg var der då dei vakna opp til det ufattelege dagen derpå, korleis sjokket var for vanskeleg å forstå til at dei klarte å sette ord på det. Den unge, kvinnelege resepsjonisten som forstod at ho ville bli kalla inn til hæren igjen – der ho hadde opplevd grufulle ting då ho måtte tenestegjere. Taxisjåføren som umiddelbart tenkte på det bestefaren hadde fortald han om å overleve Holocaust. Den palestinsk-israelske kaféeigaren som brått merka korleis gifta av mistenksamheit og tvil prega blikka frå medborgarane: Kunne ein eigentleg ein jødisk israelar stole på ein som snakka arabisk og tilba Allah?
For alle desse var 7. oktober eksistensielt. Eit tidsskilje. Noko dei aldri vil gløyme, om dei så prøver.
Det ville vere å lyge, om eg sa at det å oppleve 7. oktober i Israel ikkje sette djupe spor i meg og har prega mitt syn på konflikten i året som har gått. Det var nesten som at eg fysisk kunne kjenne korleis åtaket vekte til live gamle traume, denne ibuande kjensla blant israelarane om at nokon ville prøve å utrydde dei, om desse nokon berre fekk sjansen.
Likevel er jobben min å prøve å sjå det store biletet, og skrive om korleis situasjonen er – på begge sider.
To parallelle lidingshistorier
Eg er redd vi ikkje tar denne emosjonelle dimensjonen av konflikten på alvor, men at vi overlét til aktørar som Benjamin Netanyahu, Hamas og Hizbollah å profittere på kjenslene av frykt og liding. Den israelske opplevinga av 7. oktober og alle dei historiske trauma er unike for jødane og for Israel.
Likevel finst den andre forteljinga, dei andre trauma og det som er ei parallell og berande lidingshistorie, også på palestinsk side. Bombene i Gaza og Beirut skapar nye slike lidingsforteljingar kvar gong dei treff ein bygning der ein uskuldig blir drepen. Liding fortald frå generasjon til generasjon.
Våre politiske leiarar, som statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide, snakkar gjerne om å finne ei politisk løysing på konflikten. Det er jobben deira, så det er forståeleg at dei gjer det. Derfor har dei stått hardt på å anerkjenne ein palestinsk stat. Det er ei handgripeleg og forståeleg løysing.
I året som har gått har dei likevel ikkje makta å vise ekte og djup forståing for det traumet Israel opplevde 7. oktober. Spesielt Barth Eide har snakka mykje om dei palestinske lidingane, men har ikkje klart å skape ei like truverdig historie frå start om den israelske opplevinga.
Ingen av dei to har klart å kommunisere klart og tydeleg til vanlege israelarar at dei forstår at det som skjedde skapte ei unik form for frykt. Den manglande emosjonelle kommunikasjonen frå politiske leiarar som Støre og Barth Eide har gitt Netanyahus apostlar gode kort på handa overfor eiga befolkning. Han og dei høgreradikale busettingsministrane har kunne stå på TV og sei: Sjå, det er ingen utanfrå som forstår vårt behov for tryggleik. Vi er åleine, og vi må beskytte oss sjølv.
Dessverre har mange vestlege leiarar bidrege til å styrke denne forteljinga i Israel. Det har ikkje gitt israelarane meir tryggleik. Tvert om har det skapt legitimitet til eit valdsmaskineri som har forsterka den palestinske lidingshistoria så mange hakk at ekstreme grupper med vald og terror som verkemiddel, vil ha gode kår i åra som kjem. Alle søner som mista ein far, onkel eller mor, kan ta imot eit våpen og vie seg til kamp.
Det er ikkje eigentleg så komplisert å lage eit kart over ein framtidig palestinsk stat. Fleire opplyste menneske langt inni det israelske statsapparatet er i stand til å teikne kartet over ei tostatsløysing der israelske busettingar blir fjerna med makt av IDF.
Det som er langt meir komplisert, og som gir mykje mindre grunn til håp og optimisme, er det manglande kartet over trauma. Vi har ikkje i stor nok grad klart å forstå at lag på lag med liding og traume, låser folk og skapar vekstvilkår for ekstremistane.
Klarar ikkje sjå kvarandres lidingar
Kvifor slår det meg hardare når eg las om terroråtaket i Jaffa, enn lidingane i Gaza og Beirut? Målt i talet på drepne er lidingane på palestinsk og libanesisk side av konflikten langt større enn det som skjedde i Israel for eit år sidan og førre veke. Målet i materielle øydeleggingar er det ikkje mogleg å samanlikne. Målt i militær kapasitet er det snakk om to partar det er umogleg å samanlikne.
Så er det ikkje sånn menneskehjernen fungerer. Frykt og empati er prega av heilt andre faktorar, som til dømes: Kva har vi opplevd? Det er sjeldan vi klarar å sette våre eigne opplevingar inn i ein større heilskap, og skape ei heilt rettferdig oversikt.
Det er ikkje rart partane låser seg, at mange Palestina-sympatisørar i Norge ikkje klarar å snakke om Hamas-terroren eit år etter eller at mange Israel-sympatisørar ikkje klarar å anerkjenne krigens grufulle konsekvensar i Gaza eller Libanon.
Men politiske leiarar, som står utanfor konflikten emosjonelt, må i det minste klare å anerkjenne desse emosjonelle laga på begge sider. Det er heilt avgjerande at leiarar som Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide klarar å kommunisere til denne meir irrasjonelle og kjenslemessige delen av konflikten.
Dei anerkjende den palestinske staten, men lukkast ikkje med å anerkjenne dei israelske trauma.
Mandag kveld deltek statsminister Støre, saman med kongen og kronprinsen, på minneseremoni for 7. oktober i den jødiske synagogen i Bergstien. Det er eit unikt høve til å kommunisere emosjonelt til ei jødisk offentlegheit som framleis kjenner djup og intens frykt.