Kommentar

Ei kjærleikserklæring til byråkratiet

BYRÅKRATIET: Velfungerande byråkrati er ein formidabel styrke i eit demokrati. Derfor kan autoritære leiarar glede seg over Elon Musk sin plyndring av det amerikanske statsappartet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nemn ordet «statsforvaltar» eller «plan- og bygningsetaten» i eit sosialt lag, og du veit kva du får. Mest truleg får du høyre om andletslause byråkratar som legg seg opp i kor stor bryggja skal vere, eller kanskje parkeringsplassen som ligg for nær eit utmarksbeite. Kanskje får du høyre om at den nye trafikksikre vegen vert langt dyrare fordi anleggsmaskinane skal vere utsleppsfrie. Eller om endelause prosessar for å få omgjort eit vedtak som vart gjort fordi du gløymde å leggje ved ei underskrift frå ein nabo.

Presisjonsnivået i påstandane er så som så, og ein får inntrykk av at det berre er straumprisane som vekkjer like stort engasjement.

Andletslause byråkratar er usynlege av ein grunn. Dei skal implementere reglar gitt av politikarar, som oftast sit langt unna. Det er byråkraten si plikt å gripe inn i folk sine liv. Byråkraten skal vere lojale mot politiske avgjerder og ikkje gå ut i media for å forsvare si eiga rolle.

Politikarane har ansvar for reglane og pengebruken

Denne teksten er ein kjærleikserklæring til byråkratiet.

Dei irriterande, lojale regelryttarane som verner oss mot maktovergrep, og dermed sikrar at reglane er like for bonden, entreprenøren eller den uføretrygda. Reglane vi reagerer på, er det politikarane som må ta ansvar for.

I USA føregår det nå ei plyndring av byråkratiet som kan få konsekvenser lenge etter Trump har gått av.

Nei, det er ikkje kutt i seg sjølv som er problemet.

Det er at ein av verdas rikaste menn, Elon Musk, har tilsynelatande fått frie tøyler til å herje som han vil med det amerikanske statsapparatet.

Informasjon ligg ope for alle

I fleire hundre år vore samde om at eit ukorrupt byråkrati er ein føresetnad for effektiv styring, også blant dei som vil ha ein liten stat og la kapitalen flyte fritt. Franskmannen Alexis de Toqueville meinte på tidleg 1800-tal at det desentraliserte og regelstyrte maktapparatet i USA var avgjerande for at demokratiet hadde betre kår der enn i Europa.

Amerikanske presidentar har i dag myndigheit til å utnemne partifolk i sentrale stillingar i statsapparatet. Til dømes vert svært mange amerikanske ambassadørar skifta ut etter at ein ny president tar over. Men dei aller, aller fleste tilsette i statsapparatet er der uavhengig av kven som styrer.

Openheit er det fremste verktøyet mot korrupsjon. Det amerikanske statsapparatet er i mange høve meir ope enn det norske. Journalistar med interesse for forsvarsindustrien veit at det kan vere langt enklare å få ut informasjon frå amerikanske offentlege kjelder enn frå norsk forvaltning.

På nettstaden usaspending.gov kan alle følgje pengebruken til amerikanske departement.

Donald Trump og Elon Musk raljerer over at offentlege etatar støttar kritiske medium ved å kjøpe inn dyre abonnement for statstilsette. Det er offentleg informasjon. Men openheita må brukast og støtteordningar må bli diskutert politisk, slik pressestøtta blir i Norge.

Om ikkje risikerer ein løyvingar blir brukt som våpen i ein krig mot statsapparatet.


I USA føregår det nå ei plyndring av byråkratiet som kan få konsekvenser lenge etter Trump har gått av.

Ville du turt å klage til styresmaktene i ein eittpartistat?

Eit gjennomsiktig byråkrati styrker demokratiet og økonomien.

Har naboen fått lov til å setje opp eit lysthus i strandsona, medan du ikkje får lov til å byggje ut garasjen? Då kan gå inn og sjekke kva naboen har skrive til kommunen. Dersom du mistenkjer at sakshandsamar og naboen har tett band, kan du be kommunen om svar.

Kan du bevise tettare band, har politiet plikt til å etterforske.

Dette er grunnleggjande, men på ingen måte sjølvsagt. Sjå for deg at garasjen din var eit selskap du hadde bygd opp i Beijing eller Moskva. Naboen var ein entreprenør som har bygd eit hotellkompleks på di tomt, og han har tette band til ein lokal partipolitikar. Ville du då klaga til den offentlege forvaltninga?

Kan vi eigentleg stole på at økonomiforvaltninga i eittparti-stater rapporterer inflasjonstal som er ugunstige for den politiske leiinga? Dersom svara på desse spørsmåla er nei, blir det risikabelt å investere i landet.

Eit godt byråkrati er også avgjerande for personvernet. Berre tenk kva som skjer med tilliten til statsapparatet dersom du ikkje kan stole på at helseinformasjonen du gir til velferdsstaten ikkje vert gitt vidare til eit forsikringsselskap.

Det er dette som nå står på spel i USA.

USAs president vil forhandle med Russlands Vladimir Putin om fred i Ukraina. Men planen blir dårlig mottatt i Ukraina og EU. Foto: AP / NTB

Interessekonfliktar i kø

Donald Trump har nå gitt verdas rikaste mann måndag til å “bryte det føderale byråkratiet” ned. Musk har tilsett ein liten hær med unge hjelparar til å ta seg fysisk inn i offentlege forvaltningskontor. Doge, det Musk-leia kontoret for offentleg effektivitet, har vide fullmakter til å få tilgang til data.

Og openheita som gjeld byråkratiet, gjeld ikkje for Musk. Vi veit ikkje kva data Doge har tilgang til, eller om dei har tilgang til å endre data og stoppe utbetalingar. Risikoen for at sensitiv informasjon kjem på avvege er overhengande. Sjølv om finansdepartementet seier at Musk ikkje få tilgang til informasjon som han kan bruke for eiga vinning, er det ein umiddelbar fare for interessekonflikt.

Ta til dømes det amerikanske luftfartstilsynet som tidlegare har bøtelagt Musk sitt selskap SpaceX. Ifølgje Propublica kan ha Musk har sikra seg tilgang til sensitive data frå tilsynet. Dersom det er tilfelle, kan han bruke informasjonen til å berike seg sjølv og sitt selskap.

Lukkast Trump med å bryte ned byråkratiet er det ein stor fare for at han kan fylle på med tenestefolk som er lojale overfor han. Eller folk som er lojale overfor Elon Musk, som veljarane aldri har valt og som veljarane dermed ikkje kan kaste.

Vi får ein politisering av byråkratiet. Donald Trump er inspirert av Viktor Orbáns regime i Ungarn, som har gjennomført ei storstilt politisering av statsapparatet. Dersom høgrepopulistiske krefter i Europa kan mobilisere makt ved å angripe det nøytrale byråkratiet, bør vi vere uroa.

Kritikk gjer staten sterkare

Det er ingenting som tyder på at noko liknande kan skje i Norge. Vi har ein sterk tradisjon for å verne om eit uavhengig byråkrati. Statsforvaltninga gjer feil, noko Nav-skandalen er eit døme på. På heimesidene til Riksrevisjonen kan ein finne mykje kritikk av forvaltninga. Debatten om offentleg pengebruk rettar seg mot politiske prioriteringar, ikkje ein “djup stat” som må bekjempast. Du kan lett sjekke kva staten brukar pengar på.

Men vi kan styrke byråkratiet ved å synleggjere svakheitene. Vi må vise fram sløsing med offentlege midlar og debattere det. Unødvendig byråkratisering i offentleg sektor svekkjer tilliten til systemet. Legar skal behandle folk, ikkje bruke tid på administrasjon. Norske politikarar er heller ikkje veldig glade i å bli sett i korta. Openheit må kjempast for.

Det er heldigvis langt frå departementskontora i Oslo til Elon Musk sin hær av byråkrati-knusarar. Vi forstår at den velfungerande byråkratiet er ein formidabel styrke for demokratiet og økonomien. Nyhenda frå USA er djupt urovekkjande for oss.

Kinas leiar Xi Jinping kan derimot glede seg over at Trump bryt ned det som lenge har vore USAs styrke.

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar