Kommentar

Vi vert ikkje trygge gjennom å smiske med Donald Trump

DIPLOMATISK KRISE: Leiaren for den frie verda har gitt Vladimir Putin dei viktigaste korta. No haster det å styrke alliansen for Ukraina.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Oslo — Fredag kveld kom det som kan bli slutten på den transatlantiske alliansen, i alle fall så lenge Donald Trump sit ved makta.

I Det kvite hus fekk vi sjå korleis Trump skjelte ut Volodymyr Zelenskyj. Dette er altså den ukrainske presidenten som for tre år sidan vart forsøkt drepen av russiske spesialstyrkar sendt av Vladimir Putin. Og som nå vart skjelt ut av USA presidenten for å be ein tryggleiksgaranti for å underteikne våpenkvile.

Besøket til den ukrainske presidenten fekk ein brå slutt før han fekk underteikna avtalen som sikra USA tilgang til store naturressursar i Ukraina. Det var ein diplomatisk katastrofe for Ukraina, for USA og for Europa. Og ein fadese som vert feira som ein siger i Moskva.

Smisk og brev frå kong Charles

Fram til fredag kveld var det smisking og god stemning då europeiske leiarar besøkte Det kvite hus. Først Frankrikes president Emmanuel Macron og deretter Storbritannias statsminister Keir Starmer.

Sistnemnde hadde med seg ein invitasjon frå kong Charles som Trump sette stor pris på. Som Zelenskyj bad også Starner om ein tryggleiksgaranti, noko han heller ikkje fekk. Med kongebrevet i handa var det derimot hyggeleg tone under heile besøket.

Trump sin lojalitet overfor allierte kom også på prøve sist gong han var president. Dåverande Nato-sjef Jens Stoltenberg gav ros til Trump for at han bad europeiske land betale meir for sine forsvarsstyrkar. Det var sett på som viktig for at Trump ikkje gjorde alvor at trugsmålet om å forlate Nato.

Dette er altså den ukrainske presidenten som for tre år sidan vart forsøkt drepen av russiske spesialstyrkar sendt av Vladimir Putin. Og som nå vart skjelt ut av USA presidenten for å be ein tryggleiksgaranti for å underteikne våpenkvile.

—  Lars Inge Staveland, nyheitsredaktør

Ei enorm oppgåve ventar Europa

Men vår tryggleik kan ikkje basere seg på å oppnå god stemning hos Trump i Washington. Kanskje var Zelenskyj litt klumsete i møtet på det ovale kontor, men det er av underordna betydning.

Donald Trump har vist at han ikkje respekterer demokratiske spelereglar i eige land, eller folkeretten. Hans humørsvingingar kan ikkje få avgjere rammeverket for vår tryggleik.

No står Europa overfor ei enorm oppgåve. Same veka som Macron og Starmer var hos Trump, var også EUs utanrikssjef Kaja Kallas i Washington. Men ho kom ikkje innom døra til Trump. Kallas har i oppgåve å støtte Ukraina så lenge det krevst og å koordinere oppgåva med å byggje ein europeiske forsvarsunion.

Krevjande samarbeid

USAs president Donald Trump har aldri respektert EU, som han tidlegare i veka meinte vart oppretta for å «kødde med USA». Faktum er at USA støtta heilhjarta opp om eit økonomisk samarbeid mellom dei europeiske stormaktene som har kjempa to verdskrigar i førre hundreår.

Fredag kveld gjekk europeiske leiarar ut med varm støtte til Ukraina. Det var ekstremt viktig, og ei handling som må følgjast opp.

For nå er det samhald som gjeld, og det kan bli krevjande nok.

– I dag blei det klart at den frie verda treng ein ny leiar, skreiv Kallas på meldingstenesta X fredag.

Det har ho sjølvsagt heilt rett i.

Men arbeidet med å byggje opp tryggleiken i Europa, kan ikkje gjerast av ein stat aleine.

Med Storbritannia utanfor, er det heller ikkje lett å sjå korleis EU kan ha den rolla.

Hastar med ekstra finansiering

Skal Europa ha sjanse til å ta ansvar for eigen tryggleik, må enkeltland og EU stå saman om verdiane som Trump no tek farvel med.

Fremst av desse er at vi står klippefast på at Russland er aggressoren og at ein fredsavtale gir Ukraina varig tryggleik. Den frie verda må bli leia av ein sterk allianse som deler grunnleggjande verdiar som folkerett og respektert for nasjonal sjølvråderett.

Kven tar leiarskapen?

Vi må klare å samlast om viktige avgjerder, sjølv om europeiske land vil ha forskjellig syn på mange verdispørsmål. At Ungarn stadig går ut med støtte til Trump er eit døme på eit synspunkt som andre europeiske land må forhalde seg til.

Søndag møttest europeiske leiarar i Storbritannia. Kven av desse som veks fram som den mest samlande leiaren, er uklart. Kanskje er det statsminister Keir Starmer – som har invitert Trump på statsbesøk. Eller kanskje er det president Emmanuel Macron, som inviterte Trump til opninga av Notre Dame-katedralen. Eller kanskje er det Italias høgrepopulistiske statsminister Giorgia Meloni.

Frå vår posisjon utanfor EU, må Norge insistere på at alle land må bli invitert med inn. At dei baltiske landa ikkje er invitert til søndagens møte i London, er ikkje ein god start.

Norge må straks auke støtta

Dette arbeidet må starte med ein umiddelbar auke i finansieringa av Ukraina sin forsvarskrig.

Norge har hatt enorme inntekter frå olje- og gasseksport etter Ukraina-krigen starta.

No må tidlegare Nato-sjef og noverande finansminister Jens Stoltenberg straks auka støtta langt over dei 35 milliardar kronene som vart vedtatt i haust.


Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar