Kommentar

Ei framtid som kanskje ikkje lenger finst

Jonas Gahr Støre risikerer å undervurdere Ukrainas forsvarskapasitet og overvurdere verdifellesskapet med Trumps Amerika. Han kan bli tvungen til å endre analyse i løpet av kort tid.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den norske statsministeren skal ha honnør for sjølvkontroll og strategisk mot då han i Politisk kvarter måndag morgon hardnakka hevda at Norge framleis har eit sterkt verdifellesskap med Trumps Amerika. Han visste nok at det ikkje var den mest populære tingen å seie, men han meinte det var den kloke linja å velje.

Støres poeng var at norske og europeiske politikarar ikkje må la seg distrahere av Trumps utspelsmaskineri. Det er viktig å halde fast i forsøket på å overtyde Trump om å velje ein annan veg enn den han er på. Verdifellesskapet med amerikanarane stikk dessutan djupt. Framleis er det tunge aktørar i det republikanske partiet, spesielt i Kongressen, som står støtt på Nato-foten. Norsk tryggleikspolitikk må derfor ha blikket trygt festa på ei framtid i Amerika utan Trump.

Dei høge herrar i norsk utanrikspolitikk

Det var også denne tenkinga som låg bak då Støres partifelle og tidlegare statssekretær, den utanrikspolitiske strategen Henrik Thune, skreiv på Facebook at europeiske leiarar må fortelje Volodymyr Zelenskyj at han og Ukraina må godta ei avtale via Trumps administrasjon. «Hvis ikke vil vi ende med å gi garantier og støtte til Ukraina som ikke vil vare. Også her peker klok sikkerhetspolitikk i retning av at Europa må ta innover seg hva den amerikanske virkeligheten nå er, og at de jobber frem en våpenhvile så godt de makter, med Trumps Washington», skreiv Thune i innlegget, som også er publisert i Aftenposten.

Sentralt i Thunes analyse er forståinga av Trumps utspel som forhandlingstaktikk. Det står i kontrast til forståinga av Trumps verdssyn som historikaren Timothy Snyder har argumentert for. Snyder meiner at verken Trump eller Putin ønsker fred i Ukraina. Dei ser kvarandre tvert om som allierte.

Fire år er lang nok tid til å øydelegge eit verdifellesskap. Med Trumps tempo treng han kanskje ikkje eingong så lang tid

Det er ingen hemmelegheit at Thune er ein som den norske statsministeren lyttar til, spesielt i utanriks- og tryggleikspolitikken. Thune var også statssekretær for noverande ambassadør i Washington, D.C., Anniken Huitfeldt, då ho var utanriksminister. Dette er så tett vi kjem på etablissementet og dei høge herrar i norsk utanrikspolitikk.

Spørsmålet er derfor om analysen er rett. Og kan vi eigentleg stole på Trump? Det er det stor usemje om, både i Utanriksdepartementet og i krinsen rundt Jonas Gahr Støre. Ingen veit om forholdet til Europa står over forholdet til Putin, i den amerikanske presidentens hovud og hierarki. Det er fare for at Snyder har meir rett enn Thune.

Ingen ukrainsk overgivelse

Derfor var det interessant å merke seg kva Arbeidarpartiets utanriks- og forsvarspolitiske rådgjevar på Stortinget, Jørn Wichne Pedersen, kommenterte ope og offentleg i Thunes kommentarfelt på Facebook. Der stilte han spørsmål ved fleire premiss i Thunes analyse, til dømes premisset om at Ukraina på kort sikt ikkje greier seg åleine, og heller ikkje med stor europeisk støtte. Wichne Pedersens vurdering var i tråd med mange internasjonale tryggleiksanalytikarar, nemleg at det er liten grunn til å forskottere det ukrainske nederlaget – sjølv utan amerikanske bidrag.

Sentralt i denne utbreidde mot-analysen er at verken Europa eller USA har bidrege med tilstrekkeleg hjelp til ukrainarane, i alle fall målt opp mot kva Zelenskyjs mannskap har bede om. Det såg vi til dømes i den berømmelege motoffensiven, der den allierte hjelpa kom for lite og for seint. Den viktigaste forsvarsjobben har ukrainarane heile vegen gjort sjølv. Den mest effektive droneteknologien er ukrainsk, ikkje amerikansk. Det er ingenting som tyder på at ukrainarane vil legge våpena ned og godta russiske krav, sjølv etter nyheita om stans i amerikansk våpenstøtte. Dei har kraft og kapasitet til å kjempe vidare.

Eit anna sentralt poeng er at Volodymyr Zelenskyj har ei mykje betre analyse av Russlands mål med krigen i Ukraina, enn det europearane og amerikanarane har. Det er ikkje så rart, ettersom eit av hovudmåla til Putin har vore å likvidere Zelenskyj og hans stab, for å erstatte dei med eit russisk marionettregime i Kyiv. Slikt pleier å gje motivasjon til å skjerpe sansane.

Russland ønsker ingen reell fred

Det russiske krigsmålet – om vi skal følge det russarane sjølv seier i eigne mediekanalar og det vi veit frå vestleg etterretning – er framleis full kontroll over heile Ukraina og det dei kallar si interessesfære. Dei er ikkje interessert i noko fredsavtale som hindrar det. Det handlar heilt grunnleggande om å ikkje ha konkurrerande regimeformer – som eit liberalt demokrati med fri stemmerett – så tett på Moskvas middelklasse. Så lenge det lever frie borgarar i Lviv, Odesa og Kyiv kan det sette grillar i hovudet på folk i russiske storbyar. Det utgjer ein akutt trugsel for Putins maktpyramide.

Meir sannsynleg enn ukrainsk overgivelse som følge av Trumps våpenstans, er at den ukrainske strategien og krigstaktikken endrar form. Tenk berre på dei banda som ukrainske militærstrategar har hatt på seg for å unngå sivile tap inne i Russland, som følge av restriksjonar frå Washington, D.C. Dersom denne hjelpa er borte, kan ukrainarane sjå seg nøydd til å kjempe ein total krig mot Russland. Dei vil i større grad kunne ramme sivile mål, for å skape eit internt, russisk press mot Putin.

Det er nok meir realistisk å tenke Volodymyr Zelenskyj som ein de facto leiar av den frie verda, enn å stole på at Trump eller J.D. Vance innehar den rolla.

Det er lite i Trumps kommunikasjon som tyder på at han eller denne såkalla Maga-rørsla har forholdet til sine tradisjonelle allierte særleg høgt på dagsorden. Støres blikk på dei amerikanske leiarane som kjem etter Trump er klokt og tolmodig. Eit scenario kan vere at amerikanarane veljer ein klokare presidentkandidat neste gong. Vel så sannsynleg er det at Trumps massive åtak på amerikanske institusjonar kan få varige, negative konsekvensar. Desto meir sannsynleg er det at hans handlingar i utanrikspolitikken, som den stadig hardare retorikken om å overta Grønland frå Danmark, vil gjere uboteleg skade på USAs tradisjonsrike alliansar.

Verdifellesskapet forsvinn

Ein av grunnane til at Støre tviheld på den gamle analysen av verdifellesskapet med Trump og at vegen til fred i Ukraina går gjennom USA, er ganske enkelt at det er billegare og mindre smertefullt for vår økonomi. Det er klokt av ein statsminister å tenke slik, i den grad det er realisme i dette etter kvart forslitte håpet.

Men fire år er også lang nok tid til å øydelegge eit verdifellesskap. Med Trumps tempo treng han kanskje ikkje eingong så lang tid.

På eit eller anna tidspunkt passerer vi ei grense der det ikkje berre er urealistisk å basere seg på analysane av den gamle verda, men direkte farleg. Om den ikkje allereie er passert, er vi farleg nær den grensa. Då vil det riktige vere å auke den norske støtta til Ukraina til eit nivå som faktisk monnar. Hovudproblemet er produksjonskapasiteten i Norge og Europa. Det er likevel ingenting i vegen for at Norge kan kjøpe ammunisjon til Ukraina frå amerikanske fabrikkar.

Berre slik kan vi gjere ukrainarane i stand til å skaffe seg ein fred som ikkje er diktert av autoritære leiarar i Moskva eller Washington.

Det er nok meir realistisk å tenke Volodymyr Zelenskyj som ein de facto leiar av den frie verda, enn å stole på at Trump eller J.D. Vance innehar den rolla.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar