Kommentar

Støres forsøk på Trump-kviskring

Det mest interessante med statsministerens tryggingspolitiske tale til Stortinget, var alt han elegant og strategisk lét vere å nemne.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var ein alvorleg statsminister som torsdag føremiddag stod på talarstolen i Stortinget, og gjorde greie for den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Det gjorde Jonas Gahr Støre på klassisk nøkternt vis, utan fakter og dramatikk. I staden for å bidra til ei panikkjensle blant stortingsrepresentantane, mana Støre dei til ro. Nato-alliansen ligg fast, sa han. Det same gjer visst også artikkel 5.

Trudde han på det han sjølv sa? Det er ikkje sikkert, og eigentleg av mindre betydning. Det er jobben til ein statsminister å av og til seie ting han ikkje meiner inst i hjartet. Av og til må ein norsk statsminister seie ting som er strategisk rett, men som er analytisk feil. Det er berre å sjå på alle utsegna Støre har hatt om norsk EU-medlemskap.

Sjølvmotseiingar i Støres manus

Fleire stader i Støres tale til Stortinget sa han imot seg sjølv. Det skjedde til dømes då han tok til orde for ei «vente og sjå»-haldning overfor Trumps USA, og oppmoda til is i magen og tolmod, slik at vi kan lære oss å forstå Trump-regjeringas logikk. Så sa Støre at det var avgjerande med alliert samhald om støtte til Ukraina, og at det er alvorleg «om dette slår sprekker». Her var som om dei siste tjuefire timane var viska bort frå Støres manus.

Sjølvsagt hadde statsministeren fått med seg dei alvorlege kunngjeringane om stans i amerikanske våpen og stans i etterretningsdeling med Ukraina. Det vedgjekk han også seinare i talen.

Det er alvorleg fare for at Putins kviskring i øyret til Trump er meir effektiv og omfattande enn den frå Støre og hans europeiske kollegaer

Sjølvmotseiingane og den nøkterne «vente og sjå»-haldninga er døme på ein brei konsensus blant fleire europeiske leiarar om at det er strategisk lurt å kviskre Trump i øyret det han vil høyre. Trump-kviskringa var ein effektiv strategi under hans førre presidentperiode. Billiardkronerspørsmålet er om strategien held vatn også denne gongen.

Trumps hånande spørsmål

Under det europeiske toppmøtet i London, der Støre deltok, uttalte gruppa av regjeringssjefar med britiske Keir Starmer i spissen, at Europa ikkje kan skape fred i Ukraina utan USA. Også det var eit klassisk døme på Trump-kviskring. Då den amerikanske presidenten sjølv kommenterte fråsegnet på plattforma Truth Social, tolka han det som veikskap: «Sannsynlegvis ikkje ei god fråsegn å komme med når det gjeld å vise styrke mot Russland. Kva tenker dei på?»

Ja, her er Trumps spørsmål interessant. Det er nemleg ein del av risikoen ved strategien om å kviskre etter Trumps pipe. Ei av dei rådande analysane av den amerikanske presidenten er at han utnyttar eit kvart teikn på veikskap, til sin fordel.

Det er all grunn til å tru at uroa blant norske etterretningsfolk også har nådd Statsministerens kontor. Torsdag kunne Dagens Næringsliv fortelle at det i den norske etterretningstenesta er uro for at USA ikkje lenger er til å stole på, og derfor kan sette hemmelege operasjonar i fare. Ingen andre får så mykje hemmeleg og sensitiv informasjon frå norske spionar, som amerikanarane. Fleire kjelder stadfesta bekymringane overfor avisa, men også at den daglege informasjonsutvekslinga held fram som før.

Det er alvorleg fare for at Putins kviskring i øyret til Trump er meir effektiv og omfattande enn den frå Støre og hans europeiske kollegaer.

Look to Canada

Denne frykta låg under overflata då Støre talte til Stortinget. Slår fryktscenarioet til, så kan vi ende i ein situasjon der vår etterretningsinformasjon blir delt med Putins menn. Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen sa scenarioet er høgst tenkeleg, då han uttalte seg til Klassekampen tysdag.

Derfor er kanskje det mest interessant å følge den politiske diskusjonen i Canada, der dei leiande politikarane ser ut til å ha lagt bort strategien om Trump-kviskring. I siste episode av podkasten The Rahcman Review frå utanriksredaktøren i den britiske storavisa Financial Times, var Chrystia Freeland gjest for å diskutere Canadas respons mot Trumps politikk. Ho er ein av dei leiande kandidatane til å overta leiinga av regjeringspartiet Liberal Party og landets tidlegare utanriksminister.

Ho seier rett ut at Trump og Maga-rørsla sine trugslar om å gjere Canada til landets 51. delstat, er veldig alvorlege. Det er full konsensus i Canada om at landets suverenitet ikkje er til forhandling. I podkasten seier Freeland også at ho aldri har kjend så sterkt på canadisk patriotisme som ho gjer om dagen.

Potensial til å endre verda vår

Trass i at kanadiarane er bevisst på asymmetrien i maktforholdet til USA, skildrar Freeland likevel ei stemning av sinne og handlekraft, heller enn frykt. Canada er derfor førebudd på tøffe tider der dei må forsvare sin suverenitet. Trump har byrja å omtale Canadas statsminister Justin Trudeu som «guvernør av Canada». Freeland meiner også at det er langt frå sikkert at USA vil komme sigrande ut av ein tollkrig med Canada. «Komplett galskap», seier ho om det Trump-regjeringa driv på med i Washington, og argumenterer for at Trump har meir respekt for hennar klare og skarpe haldningar, enn for veik Trump-kviskring.

Den potensielle canadiske statsministeren meiner også at det som skjer mellom USA og Canada har potensial til å endre vår verdsorden og heile Nato-alliansen. Det set spørsmål ved heile militæralliansen og den rettsbaserte verdsordenen. Den gamle verdsordenen er ikkje perfekt, men den er langt betre enn den verda Trump og Putin tilbyr, argumenterer Freeland.

Sjølv om det er eit stykke frå det Merz og Freeland seier offentleg, til det Støre sa i stortingssalen torsdag, er det sannsynleg at det dei seier bak lukka dører liknar meir

I Europa har dei fleste regjeringssjefane vald same linje som Støres Trump-kviskring frå stortingssalen. Det er ikkje fordi dei er feige, mindre opptekne av den rettsbaserte verdsordenen eller at Ukraina skal vinne krigen mot Russland. Det er verd å kjempe for at Trump ombestemmer seg, eller at han blir felt av intern, amerikansk motstand.

Ein som har vald ei anna linje er den kommande tyske kanslaren, Friedrich Merz, som har tatt til orde for reell tryggingspolitisk sjølvstende frå USA «så fort som mogleg». Både Freeland og Merz har privilegiet av at dei er på veg inn i maktposisjonar, men at dei ikkje endå har tiltrådt.

Sjølv om det er eit stykke frå det Merz og Freeland seier offentleg, til det Støre sa i stortingssalen torsdag, er det sannsynleg at det dei seier bak lukka dører liknar meir.






Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Kommentar