Kommentar

Vi er ikkje immune mot trumpismen

Før dei to verdskrigane, var det få menneske som trudde krig var mogleg. I vår tid må heller ingen vere naive, og så må vi vere skikkeleg rause med dei som trår feil.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For tida les eg Stefan Zweigs klassikar Verden av i går frå 1941. I desse dagar er ikkje boka for dei skuggeredde. Måten den forklarar oppbygginga til dei to verdskrigane hundre år tilbake i tid, gir skremmande assosiasjonar til den tilspissa tryggleikssituasjonen i verda i Trump-æraen.

Mykje er annleis, men desto meir skremmande er likskapstrekka: Folk trudde ikkje det var mogleg at nasjonar kunne krige mot kvarandre. Den ekstreme nasjonalismen vaks plutseleg. Dei farlege, fascistiske bøllene vart møtt med skuldertrekk og naivitet, heller enn fastheit og handlekraft, av den liberale eliten. Det som trefte dei, kom raskare og meir overraskande enn nokon kunne føresjå.

Det er like lett å seie at det utenkjelege ikkje kan skje i dag, som det var i 1913 og 1937.

Faktaresistens som metode

Ei anna bok som kan auke forståinga for korleis ei brå samfunnsendring kan skje – slik den vi er vitne til frå USA i desse dagar – er The uncompromising generation frå 2002, av historikaren Michael Wildt. Boka handlar om korleis eit knippe unge menn, som lét seg forføre av nazismens tankegods, brukte det som heitte Reichssicherheitshauptamt (RSHA) – ein hybrid mellom Gestapo, SS og kriminalpolitiet – til å organisere sjølve Holocaust. Forfattaren har studert korleis denne homogene gruppa av unge akademikarar, frå det borgarlege og velutdanna Tyskland, klarte å bli så radikaliserte.

RSHA skaffa seg eit så sterkt valdsmonopol at det var sjanselaust å gjere motstand. Få skjønte det før det var for seint.

Mi vurdering er at det i løpet av dei neste åra også vil sprette fram aktørar som vil gå hardt laus på det norske byråkratiet, etter modell frå Musks kontormassakrar

Eit av funna var at alle problem og utfordringar gjengen i RSHA møtte, fekk stadig meir radikale «løysingar». Det handla om deira overtydde, ideologiske radikalisme frå nazismen. Det motsette er ofte tilfellet i det normale byråkratiet, der vanlege byråkratar ser på eit problem med ein verdimessig eller ideologisk ståstad. Då er det ofte ideologi som må vike når problemet er meir komplekst eller vanskeleg å løyse enn denne tenkemåten tilseier. I RSHA var det ideologiske tankegodset så immun mot verkelegheita, at det ikkje skjedde.

Lærdommen frå RSHA var at dei knuste det gamle byråkratiet for å ta full kontroll sjølv.

Ein del av det som dreiv RSHA var korleis dei unge menneske som utgjorde denne gruppa hadde utvikla ein sterk resistens mot fakta. Høyrest det kjend ut? Det er berre å ta ein kikk på Twitterprofilen til Elon Musk eller – på eige ansvar – besøke Donald Trumps profil på hans nettstad med det misvisande namnet Truth Social. Det er lenge sidan desse forlét den verkelege verdas faktamessige grunn.

Tillit er ein skjør valuta

Min gode kollega og Vårt Lands nyheitsredaktør, Lars Inge Staveland, skreiv nyleg i denne avisa at det ikkje er noko tyder på at det same kan skje i Norge. Det er ein komfortabel tanke og eit forståeleg standpunkt. Min påstand er at den er litt for komfortabel, ettersom tillit er ein såpass skjør valuta.

Det er heilt rett som Staveland skriv at vi i Norge har ein sterkare tradisjon for å verne om eit uavhengig byråkrati. Det heng saman med den generelt høge tilliten mellom folk, til media og til institusjonane som vi har i Norge. Så veit vi også at aktørar har som mål å bryte ned denne tilliten, noko som er ein integrert del av til dømes Russlands maktpolitiske verktøykasse. I følge FFI-rapporten Valgpåvirkning i 2023 og 2024 – en trendstudie er det eit sjølvstendig mål for russisk etterretning å svekke tilliten til media, polarisere offentleg debatt og skape splitting i målstatane. Også Irans etterretning har som mål å manipulere og påverke folk i vestlege land, på ein sånn måte at desse mistar tilliten til sine regjeringar.

Det sit mange på gjerdet og vurderer å komme over til den breie alliansen for demokrati og vår samfunnsorden. Dei bør ikkje bli påført skamkjensle for å ta til fornuft

Ein del av spelet til desse aktørane er at dei utnyttar ekte hendingar til å undergrave tilliten. Til dømes er det ikkje vanskeleg å førestille seg korleis russisk etterretning vil kunne bruke manglande rentekutt frå Noregs Bank i sin kyniske kampanje, dersom inflasjonen her heime skulle halde fram å vekse som følge av tollkrigen i verda. Folk som slit med å betale bustadlånet og som er på randa av økonomisk krise, kan vere meir mottakelege for desinformasjon. Endå verre kan det bli om tollkrigen fører til at folk mistar arbeidsplassane i Norge, noko som også er eit nærliggande og realistisk scenario.

Musks kontormassakrar

Som vi har sett i USA er folks sosiale naud og misnøye noko det er lett å utnytte for krefter som vil øydelegge det systemet som har tent oss godt sidan 2. verdskrigen. Nedbrytinga av det amerikanske byråkratiet har gått raskare enn dei fleste kunne sjå for seg. Det har sterke likskapstrekk med den raske kontrollen RSHA fekk over det tyske byråkratiet på 1930-talet. Sjølv om Musk på ingen måte har planar om å utrydde jødar slik nazistane gjorde, er dei autoritære trekka og samanlikningane openberre. Det handlar om å sikre seg mykje makt, raskt, på ein måte som overrumplar dei demokratiske kreftene. Brått er det for seint å snu.

Heller enn å tenke at dette ikkje kan skje i Norge, bør vi sjå med vaktsamt blikk etter dei same ideologiske strøymingane også her. Mi vurdering er at det i løpet av dei neste åra også vil sprette fram aktørar som vil gå hardt laus på det norske byråkratiet, etter modell frå Musks kontormassakrar.

Så korleis bygger vi motstand? Det finst lærdomar frå forskinga, litteraturen generelt og Stefan Zweigs bok spesielt.

Ein del av det handlar om å bygge breie, motstandsdyktige alliansar av folk som ikkje vil la seg lokke ned i det autoritære. Då kan vi ikkje berre samle på dei reine og ranke liberale som aldri trådde feil. Vi må bygge langsiktige alliansar med folk som gjerne er usamde med oss i det perifere, men som står støtt i det sentrale: Trua på demokratiet som den beste av alle dårlege styringsformer. Vi må anerkjenne meiningsmotstandarane sine gode poeng.

Aldri naivitet, men alltid storsinn

Heilt konkret ser vi for tida korleis samfunnsaktørar skiftar syn på Trumps Amerika. Folk som Jan Petter Sissener innrømmer at dei tok feil, og seier ting som at dei er skuffa over eigen vurderingsevne.

Sjølv om det er lov å meine det er i seinaste laget, at det var ei absurd feilvurdering og slike ting, så er det grunnleggande bra at folk endrar meining om noko så grunnleggande.

Då er det ikkje strategisk klokt av oss å møte desse som skiftar meining med at det er «flaut», «litt vel seint» og slike ting. Det sit mange på gjerdet og vurderer å komme over til den breie alliansen for demokrati og vår samfunnsorden. Dei bør ikkje bli påført skamkjensle for å ta til fornuft.

Derfor: Aldri naivitet, men meir storsinn haldningar overfor dei som trår feil.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar