Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Uansett kva som skjer i Ukraina dei neste vekene og månadane, bør Norge ta president Zelenskyj si bøn om fleire våpen på alvor. Det russiske regimet snakkar allereie om at det ønsker å lage ei ny verdsorden saman med Kina, som betyr at krigen i Ukraina har stor betydning for framtida til demokrati og menneskerettar verda over. Enten krigen vil halde fram veldig lenge, eller om den vert avslutta med ei snarleg fredsavtale eller våpenkvile, så bør Norge støtte det ukrainske forsvaret for framtidig tryggleik.
Autoritært og uføreseieleg
Norge har fram til no støtta Ukraina med panservernrakettar. Det ukrainske forsvaret har brukt våpensystema dei har fått av vestlege allierte effektivt i kampen mot russarane. Vi ser at Russland går på store tap på ukrainsk jord, og at tapa er langt større enn den politiske leiinga i Kreml rekna med. Det er gjort mogleg fordi Ukraina over lang tid har prioritert sin eigen forsvarsevne, men òg fordi landet har fått betydeleg med militært utstyr frå land som støttar fridomen deira.
No må Europa og Norge tenke på kva som kjem etterpå. Det er ingen grunn til å tru at ei fredsavtale eller våpenkvile vil føre verda tilbake til normalen. Så lenge det russiske regimet er så autoritært og uføreseieleg som det er no, bør Norge og andre demokratiske land gjere alt vi kan for at Ukraina kan forsvare seg — både i krig og fred. Vladimir Putin er ein farleg mann, og vil sannsynlegvis vere det så lenge han sit med makta i Kreml. Per no ser heller ingen for seg kven som eventuelt kan ta over etter Putin.
Å gje meir meir våpen til Ukraina, er eit verdispørsmål. Fordi det handlar om demokratiets framtid i verda
— Vårt Land
Det finst meir avanserte våpensystem Norge kan bidra med i Ukraina, som vil gjere landets forsvar sterkare, utan at det går utover den norske forsvarsevna. Desse våpensystema er meir kompliserte å levere over til ukrainarane, men det vil vere mogleg.
Verdispørsmål
Vi forstår at statsminister Støre må tenke seg om, fordi det ikkje er gjort i ei handvending å gje meir avanserte våpen til Ukraina. Det er vanskeleg og vil ta tid, men derfor bør førebuingane til å gje meir avanserte våpen, byrje no. Det vil gje eit tydeleg signal til Russland om at det å halde fram krigføringa i Ukraina vil innebere ein større kostnad. Det vil òg gje ukrainarane garantiar om at den kommande freden ikkje vil komme på Russlands premiss åleine.
[ Reagerer på flyktningtak: – Hvorfor er det regjeringa som skal holde igjen? ]
Å gje meir våpen til Ukraina, er eit verdispørsmål. Fordi det handlar om demokratiets framtid i verda.