Harald Kjosås
Avgått leiar, Kvam KrF
Underteikna har vore medlem i KrF i alle dei år og over 20 år som KrF-representant i kommunestyret. KrF har alltid vore udiskutabelt partiet mitt. Men no røyner det kraftig på også hjå meg.
Som andre bønder
Saka som har provosert meg kraftig er at KrF, stikk i strid med eige program aksepterte eit forbod mot pelsdyr. Hadde det no i det minste vore konsekvens i det med forbod mot import av pels. Men nei.
Pelsdyrbønder er som andre bønder. Dei steller dyra sine svært godt fordi dei er glade i dyra. Det seiest at dei kan driva til 2025 og trappa ned til den tid, men kven har motivasjon å driva med desse dyra med eit forbod hengande over seg?
Det som provoserar meg mest er erstatningsoppgjeret til desse bøndene. Det starta på 3-400 millionar, så 500 millionar og no 800 millionar. Berre det seier kor dårleg denne saka er handsama. Titusenmilliardar har staten på bok.
Tomme ord?
«Menneskeverd i sentrum» heiter det i KrF sitt program. KrF har lagt ned forbod mot ei lovleg næring. Teke livsgrunnlaget frå mange bønder og familiar som har investert. Er glade i yrket sitt. Eit yrket mange har arva etter fleire generasjonar med oppdrett. Utan å kompensera dette fullt ut. KrF sit i tillegg med landbruksministeren. Her har KrF sjansen å visa at «menneskeverd i sentrum« har meining og ikkje vert tomme ord.
Dette er ei så alvorleg sak at KrF bør ta eigarskap i saka og saman med opposisjonen vedta kompensasjon / erstatning til desse bøndene. Denne saka bør ikkje avgjerast av eit knapt fleirtal av Stortinget eller regjeringa åleine.
LES OGSÅ: KrF-ere gjør opprør mot pelsdyrerstatning: – Ikke anstendig
Psykisk terror
Eg er ikkje stolt over KrF sin rolle i denne saka. Ein ting er at KrF kjem å missa svært mange veljarar i distrikta som resultat av dårleg oppgjer i denne saka. Det får no så vera. Men KrF har ei forplikting som eit verdiparti, å syta for at menneskeverdet står i sentrum når KrF skal gjera desse bøndene skadeslause og eit rettferdig oppgjerd.
Eg har sjølv vore bonde heile mitt liv og kjenner det fysisk på kroppen korleis desse pelsdyrbøndene må ha det no. Dyra skal vekk. Bygningar rivast. Mange generasjonar sitt ærlege arbeid skal slettast fordi KrF valte å akseptera Venstre sitt forbod mot pelsdyr for å gå i regjering.
Dette er psykisk terror mot mange bønder. Skulle ikkje då verdipartiet KrF gå i front og forlanga eit oppgjer me kan vera stolte av i ettertid? Takst og ikkje bokførd verdi. I denne saka skal KrF vera rause og rettferdige. Det skulle berre mangla.
KrF med landbruksministeren i spissen misser alt truverde hjå meg og svært mange rundt i distrikta i Norge dersom dei ikkje kjem med eit oppgjer der pelsdyrbøndene vert kompensert fullt ut.
LES OGSÅ: Pelsdyrbønder som må legge ned får minst 800 millioner i kompensasjon