Verdidebatt

Større perspektiv?

DEN NORSKE KIRKE: «Det er lov å bli eldre og se et større bilde,» seier biskopen i Møre, og stemplar dermed alle med eit tradisjonelt syn på samkjønna ekteskap som mindre vidsynte, eller sneversynte.

Det er ganske nedlatande overfor medarbeidarar og andre kyrkjemedlemar, biskop Ingeborg. Dessutan er det faktisk mange av oss som er eldre enn biskopen, men som fortsatt står på kyrkjas gamle lære og ikkje har fått eit «større bilde» av det som Bibelen lærer oss.

Eg høyrer til dei som har vald å bli verande i den kyrkja som eg høyrer heime i, sjølv om eg ser at det snart ikkje er lov å ha eit konservativt syn på samliv, kjønn og ekteskap. Det er ikkje underleg om kyrkja tømmes for konservative kristne, som stille forlet den kyrkja dei er glade i, som dei etter kvart blir skvisa ut av, og finn seg plass i ei eller anna frikyrkje. Eg kjenner slike, og eg beklager det sterkt. Kanskje Den norske kyrkja hadde hatt bruk for dei?

Einy Rendal Elgsæther

Vegrar seg mot å bli prest

Heller er det ikkje rart om unge konservative kristne vegrar seg mot å utdanna seg til prestar, enda vi har så stor bruk for dei. Dei er vel redde dei ikkje vil få eit kall. Når preses og andre biskopar oppfordrar til å gå i «Pride»-tog, som er ein demonstrasjon for seksuelt mangfold i fri flyt, heilt mot Bibelens lære. «Mangfold» og «toleranse» er berre for dei som er samde i Fri og Pride sin ideologi. Eller når biskopar, prostar og prestar støttar det blasfemiske teaterstykket i Hamar om Jesus som transperson, noko som strir mot både bibelsk og historisk fakta. Kva hadde skjedd om dei hadde framstilt Muhammed slik? Er det nokon som tør det? Og ville biskopen ha applaudert da? Eller når det arrangeres «pridegudstenester» i kyrkjene. Kva har dette å gjera i våre kyrkjer og vår liturgi?

Det er ikkje underleg om kyrkja tømmes for konservative kristne, som stille forlet den kyrkja dei er glade i, som dei etter kvart blir skvisa ut av, og finn seg plass i ei eller anna frikyrkje

Kyrkja skulle vel heller stå opp imot ein ideologi som med normløyse og grenselaus seksualitet okkuperer regnbogen, som er eit jødisk/kristent symbol som står for noko anna, offentlege flaggstenger (til og med ved Stortinget), skule, barnehage, det offentlege rom, media, radioandakten og også kyrkja.

Mer fra: Verdidebatt