Mens verda var oppteken med pandemi, braut nok ein krig ut mellom Aserbajdsjan og Armenia. Pandemien er over, men såra frå krigen om Nagorno-Karabakh blir opna på ny. Dei siste to månadene har dei 120.000 armenarane i det omstridde området levd under blokade. Spenninga aukar risikoen for at krigen i Europas ytterkant igjen blussar opp.
Under eit lett gjennomskinleg påskot om miljøprotest, har aserbajdsjanarar sidan 12. desember i fjor blokkert tilgang til mat, varer og medisinar for armenarar i Nagorno-Karabakh. Det herskar liten tvil om at blokaden ber president Alievs velsigning. Den sokalla Latsjin-korridoren frå Armenia til Karabakh er einaste moglegheit for transport av viktige varer inn til området, og for at dei med behov kan transporterast ut til nødvendig medisinsk behandling.
Ifølge lokale styresmakter har talet på lastebilar med varer frå Jerevan minka frå 1200 per dag til 5-6. Dei som kjem gjennom er frå dei russiske styrkane som er utplassert i området, eller frå Raude Kors. Det omstridde området har vore de facto uavhengig frå Aserbajdsjan sidan ein krig på 1990-talet, og kvalifisert som ein frosen konflikt trass i jamlege trefningar. Både sivile og militære har lidd av skytevåpen og landminer. Hausten 2020 var det ein 44 dagar lang krig der Aserbajdsjan med makt tok tilbake fleire av landområda som var under armensk folkerettsstridig okkupasjon. I fjor gjekk Aserbajdsjan også til åtak på sjølve Armenia. Statusen til området er aldri blitt formelt avklart, og ulike fredsavtaler og våpenkviler blir jamleg brotne. Etter siste våpenkvile har russiske soldatar eit fredsbevarande oppdrag.
Dei geopolitiske konsekvensane kan bli katastrofale om ein ny krig blir utfallet av den aukande spenninga rundt blokaden
Ei geopolitisk kruttønne
Heime i Baku syt Aserbajdsjans diktator Ilham Aliev for at ein kvar demonstrasjon blir oppløyst etter få minutt og sentrale deltakarar lagde til lista over politiske fangar i landet. Samtidig har denne sokalla «miljøprotesten» mot Armenia heldt fram uhindra i to månader. I Nagorno-Karabakh har det lokale sjølvstyret dimed innført rasjonskort for grunnleggjande varer som egg og mjøl, og skulane har hovudsakleg stengt ettersom det også er ustabil leveranse av gass til å varme opp bygningar midtvinters. Gassrøyret går langsmed vegen som er blokkert. Det er mangel på viktige medisinar, og blokaden har allereie medført tap av liv. Helsesituasjonen er prekær.
Sør-Kaukasus er ei geopolitisk kruttønne der Russland speler ei sentral og omstridd rolle. Landet har mekla mellom dei to partane i konflikten, og samtidig seld våpen til begge sider. Putin verker politisk interessert i å halde konflikten gåande. Armenia er formelt i forsvarsallianse med Russland og avhengig av landet som tryggleiksgarantist. Aserbajdsjan får militær støtte frå Tyrkia, mellom anna under krigen i 2020, og kjøper også militært utstyr som dronar frå Israel. Iran støtter Armenia politisk. Dei geopolitiske konsekvensane kan bli katastrofale om ein ny krig blir utfallet av den aukande spenninga rundt blokaden.
Aliev sitt ansvar
Kruttønna har fått stå lenge under oppsyn av Russland og Tyrkia medan resten av verda har sett ein annan veg. Armenia gjekk gjennom ein revolusjon i demokratisk retning i 2018, men fekk ikkje den nødvendige stønaden i ettertid for å få eit realistisk alternativ til Russlands klamme famn. Det gryande demokratiet gjer seg uttrykk i intern usemje og sterk kritikk av særleg statsminister Nikol Pasjinian i samfunn, parlament og i media. Aserbajdsjans president har på si side rusta opp militært, fortsett å undertrykkje grunnleggjande menneskerettar for alle borgarar, og også intensivert sin propaganda og kaviardiplomati opp mot vestlege avgjerdstakarar.
Oppmuntra av at ingen av desse handlingane har medført sanksjonar, men at det tvert om er innført ein eigen gassavtale mellom Aserbajdsjan og EU, er det heller ikkje noko insentiv for Aliev å avslutte blokaden. Han vil sørgje for at Aserbajdsjan står sterkare når eventuelle forhandlingar startar, og har lukkast i å ta tilbake landområda på eige territorium, tatt landområde i sjølve Armenia, og latt dei 120.000 armenarane i Nagorno-Karabakh skjøne korleis tilværet vil bli dersom dei blir verande. Sjølv om området er de facto uavhengig, er det klart Alievs ansvar å sørgje for at blokaden blir oppheva.
Det engasjementet og den solidariteten som er kome fram no kan også kome andre offer for autoritære leiarar til gode
Norge kan bidra
Det er på høg tid at Europa og Noreg no tek ansvar og får Aliev til å gjere nettopp det, og at dei følgjer opp med å spele ei større rolle i løysing av sjølve konflikten. EU har nyleg sendt ein toårig observasjonsstyrke til Armenia. Det er eit bra utgangspunkt der Norge kan bidra til å sikre den politiske og økonomiske støtta som trengst for å utvikle dette arbeidet. Fleire norske institusjonar har også gode skussmål frå kompliserte fredsforhandlingar og kunne ta utfordringa med å finne ei varig løysing på konflikten.
Når alvorlege overgrep og krigsbrotsverk ikkje får konsekvensar, aukar sjansen for nye overgrep. Om verdssamfunnet reagerte annleis då Russland gjekk inn i Georgia i 2008 kunne me kanskje ha unngått både anneksjonen av Krym i 2014 og åtaket på Ukraina i 2022. Men det engasjementet og den solidariteten som er komme fram no kan også komme andre offer for autoritære leiarar til gode.
I første omgang ved å sikre tilgang til mat, utdanning, helsehjelp og grunnleggjande varer for innbyggjarane i Nagorno-Karabakh ved å oppheve blokaden, og vidare ved å bidra til ein slutt på denne langt frå frosne konflikten i ytterkanten av Europa.