Verdidebatt

«At norske medium ukritisk repeterer Rowling sin bodskap, er vanskeleg å vere vitne til»

PODKAST: The Witch Trials of J. K. Rowling er ikkje historia om eit offer, men eit svært vellukka PR-prosjekt. Det tar ikkje norsk presse innover seg.

I fleire av podkastane eg lyttar til, har podkasten «The Witch Trials of J. K. Rowling» vore tema fleire gonger. Aftenpodden snakka om podkasten ikkje mindre enn tre gonger på tre sendingar, for det meste i positive ordelag. Aftenblabla vigde store delar av sendinga 12. april til positive omtale av Rowling. Astrid Mæland, kommentator i VG, konkluderte på bakgrunn av podkasten med at Rowling «er ikkje transfobisk». I mai skal podkastskapar Meghan Phelps-Roper bli intervjua på Nordiske mediedager i Bergen.

Dei stadige omtalane fekk meg til å lure på om podkasten verkeleg er så genial og banebrytande som fleire skal ha det til. Derfor sette eg Harry Potter og føniksordenen på pause og dukka inn i historia om det som fleire meiner er ei heksejakt på Rowling.

Mai Lene Fløysvik Hæåk skriv kommentarar for Vårt Land.

Transdebatt

Bakgrunnen for podkasten er kontroversen som har oppstått rundt Rowling og utsegnene hennar om transpersonar. Rowling hevdar sjølv at ho står opp for kvinner sine grunnleggjande rettar og at berre biologiske kvinner kan vere kvinner. Motstandarane hevdar at utsegnene hennar er transfobiske og bidreg til å gjere livet verre for transpersonar.

Dei stadige omtalane fekk meg til å lure på om podkasten verkeleg er så genial og banebrytande som fleire skal ha det til

Einsidig framstilling

Dessverre lir podkasten under at Rowling får definere størstedelen av historieforteljinga. Éin episode kor to transpersonar blir intervjua veg ikkje opp for dei andre episodane, kor nesten samtlege intervjuobjekt stadfestar Rowling sitt verdssyn. Negative reaksjonar blir lesne opp med dyster musikk i bakgrunnen, og det blir gjort eit poeng ut av at fleire av skodespelarar i Harry Potter-filmane har tatt avstand frå Rowling, «sjølv om dei har kjent henne heilt sidan dei var barn». Ho samanliknar òg på eit tidspunkt «transrørsla» med dødsetarar, hovudfienden til Harry Potter, som er kjent for å drepe og torturere dei som står i vegen for Voldemort.

Det er lite som tilseier at Rowling er høgreekstrem, men kritikken hennar av transrørsla som illiberal og autoritær er vanskeleg å ta seriøs når ho sjølv pleier omgang med dei som støttar det autoritære og illiberale

To spørsmål manglar

Det er særleg eitt kritisk spørsmål eg meiner Phelps-Roper burde stilt: Er det uviktig kven ein kjemper saman med, så lenge ein kjemper for det ein trur på?

I april 2022 samla Rowling ni kvinner til ein lunsj i London. Alle kvinnene har markert seg i transdebatten, og alle er samde med Rowling. Fleire av kvinnene ho inviterte har kontaktar i høgreradikale miljø, både i USA og Europa. Dette er miljø som vil gjere homofili kriminelt i USA og har kjempa mot Roe v. Wade. Eit par av damene Rowling inviterte, har snakka på demonstrasjonar kor høgreekstremistar har vore til stades, utan at dette har blitt kritisert av arrangørane. Det er lite som tilseier at Rowling er høgreekstrem, men kritikken hennar av transrørsla som illiberal og autoritær er vanskeleg å ta seriøs når ho sjølv pleier omgang med dei som støttar det autoritære og illiberale.

Rowling kunne kor tid som helst dei siste tre åra ha kontakta akkurat den avisa ho ønskte, og dei ville ha jubla over moglegheita til å publisere eit «Rowling snakkar ut»-intervju. I staden vel ho å bli intervjua i ein einsidig podkast kor ho kan vere med å definere historieforteljinga.

Forventar maktkritikk

At norske medium då ligg nasegruse av beundring og ukritisk repeterer Rowling sin bodskap, er vanskeleg å vere vitne til. Rowling har stor makt, og då er maktkritikk frå norsk presse ikkje for mykje å forvente.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt