Verdidebatt

«Israelsmisjon» er sett saman av to misforståelege ord

MISJON: I eit innlegg 7. oktober understrekar leiinga i Den Norske Israelmisjonen kor viktig det er at også «i vårt land skal det være trygt for jøder å være jøder.» Det er det vanskeleg å vere ueinig i. Spørsmålet er om norske jødar også kan vere trygge for misjonsforsøk frå majoritetsreligionen i dette landet?

I utgreiinga om kyrkjas forhold til jødar blir det konkludert med at målet er «dialog mellom to likeverdige religiøse tradisjoner» basert på at «jøder og kristne dypest sett tror på samme Gud». På bakgrunn av dette, stilte eg i eit innlegg i Vårt Land spørsmål om det er uproblematisk å sameine religionsdialog mellom likeverdige partar med tradisjonelle førestillingar om misjon, den 25. september.

Rolv Nøtvik Jakobsen, Teolog og 1700-tallsforsker

Det einaste svaret eg fekk i avisa var eit innlegg dagen etter frå Erik Dahl. Han meinte at det er ein naturleg del av den kristne trua «å fortelle jøder om Jesus og det han står for. Det må komme i samme gruppe som å forkynne evangeliet for muslimer og hinduer.»

Dahl grunngav dette mellom anna med å vise til Jesu ord frå slutten av Matteus-evangeliet, ofte kalla misjonsbefalinga.

Misforstålege ord

Eg er litt usikker på om DNI deler Dahl sitt syn her. Sjølve omgrepet «israelsmisjon» er jo sett saman av to misforstålege ord:

Israel som i dei bibelske tekstane, og også i liturgi og salmar, er eit namn på Guds folk, samtidig som det i nyheiter og daglegtale peikar mot ein stat som vart oppretta i 1948. Og misjon, som svært mange i og utafor kyrkja forstår som noko som blir gjort for å gjere andre til kristne, samstundes som det i nyare teologi og misjonstenking også har blitt tatt til orde for andre måtar å forstå omgrepet på, som kyrkjas «kall» eller «oppdrag» basert på rettferd og likeverd.

Den omtalte utgreiinga viser korleis DNI i seinare år har tatt oppgjer med delar av si problematiske historie når det gjeld jødar og viser også til at organisasjonen på engelsk har endra namn til The Norwegian Church Ministry to Israel. Dette har skjedd etter inspirasjon frå den anglikanske søsterorganisasjonen som no heiter The Church’s Ministry Among Jewish People. Det er forskjell på ei kyrkjeleg teneste «til Israel» og «blant jødar».

Av og til lurer eg på om kyrkjefolk er verdsmeistrar i å ha minst to tankar i hovudet på same tid

Betyr det at ein skal forstå DNIs namneval som noko som peikar mot staten Israel? Eller er det heller eit uttrykk for å DNI sitt ønske om å ri to kamelar på ein gong, både når det gjeld forståinga av «Israel» og «misjon»?

I eit innlegg i VL på årsdagen for terrorhandlinga 7. oktober understrekar leiinga i DNI kor viktig det er at også «i vårt land skal det være trygt for jøder å være jøder.» Det er det vanskeleg å vere ueinig i. Spørsmålet er om norske jødar også kan vere trygge for misjonsforsøk frå majoritetsreligionen i dette landet?

Kognitiv dissonans

Av og til lurer eg på om kyrkjefolk er verdsmeistrar i å ha minst to tankar i hovudet på same tid. Etter daglege nyheitsendingar som omtalar Israel og nye krigshandlingar, møter folk opp til gudstenester der dei får høyre bibellesingar, både løfte og domsord retta til Israel og syng salmar, til dømes om det «bundne Israel»:

«Ver glad, ver glad! Immanuel er fødd for deg, du Israel.»

Eg vil gjerne ha råd om kva vi gjer i ein slik situasjon der mange gudstenestedeltakarar vil oppleve ei form for kognitiv dissonans: For «alle» veit jo at «Israel» i bibeltekstar og salmar ikkje på noko vis kan handle om staten Israel frå 1948. Spørsmålet er: Kva kan vi i praksis gjere med denne utfordringa?

Den andre utfordringa til teologar og kyrkja er korleis ein skal lese dei siste Jesus-orda i Matteus-evangeliet. Dersom ein går ut frå at kyrkjelyden Matteus skreiv til, oppfatta seg som jødar, kva betyr det då å gjere «alle folkeslag til læresveinar»? Er dette ord som eigentleg legitimerer misjon til jødar?

Det skulle eg også gjerne ha visst meir om.

Mer fra: Verdidebatt