Verdidebatt

Ikkje mobb studiekameraten min!

DEBATT: Unge teologistudentar frå MF og TF har funne det nødvendig å skrive eit bekymra opprop i Vårt Land mot oss som studerer erfaringsbasert master prest. Innlegget deira vitnar om frykt for det framande og manglande vilje til å sjekke fakta.

Det er ei grov forenkling å hevde at den erfaringsbaserte mastergraden er ein snarveg til presteteneste. Dersom ein tek seg tid til å lese teksten på heimesida, vil det bli tydeleg at dette løpet krev fem år på fulltid i tillegg til ei avslutta utdanning frå før. Eit år teologi før opptak, minst to års relevant praksis og to år som masterstudent. I sum er det altså ingen av oss som berre har brukt seks år på å nå målet.

Krumsvik MF-debatt

Folk som har ein litt annan bakgrunn og som dei ikkje finn verdige til å vere deira kollegaer eller føresette

Akademiker

I mitt tilfelle har eg cand.mag. (4 år), master (2 år) og doktorgrad (3 år), før eg tok teologiske fag (1 år) for å komme inn på mastergraden (2 år). I tillegg til relevant praksis (2 år). Min snarveg har altså tatt meg 14 år på fulltid. Når eg så tek ein del av dette på deltid, er det ikkje direkte mangel på tid til modning og refleksjon.

I tillegg har eg ein del praksis frå media og akademia, mellom anna som sjefredaktør for fleire media og som forskar og professor.

Det er slike som meg dei unge teologikandidatane fryktar. Det er slike som meg dei er redde for å få som prost eller biskop. Folk som har ein litt annan bakgrunn og som dei ikkje finn verdige til å vere deira kollegaer eller føresette. Fordi vi truleg ikkje kan gjennomføre ein samtale om faget på deira nivå.

Men den erfaringsbaserte mastergraden er altså ingen snarveg. Og vi som tek den finn oss ikkje i å verte sett på som berre eit nødvendig vonde for å bøte på prestemangelen i kyrkja. Vi er tvert imot ressurssterke personar som har jobba hardt for å komme dit vi er, og som jobbar hardt for å komme dit vi er på veg.

Tenkjemåten studentane tek inn i Vårt Land sine spalter er ikkje ukjend.

Mange av oss har opplevd frykta for det framande når vi er ute i praksis. Særleg frå unge og usikre prestar. Eg hadde ærleg talt forventa meir av unge teologar. At dei var meir opne for mangfald, kunne verdsette kollegaer med ulik bakgrunn sin samla kompetanse, og å sette seg betre inn i ein tekst før dei tek ordet i det offentlege.

No må det bli slutt på mobbinga av både meg og studiekameratane mine. La oss heller finne saman og verdsette kvarandre som kollegaer både i studietida og i kyrkja.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt