Nyheter

Dansk moské fekk 6,6 millionar frå Saudi-Arabia

Omstridd dansk moské har fått raus gåve frå Saudi-Arabia, regjeringa leitar etter måtar å stoppe slik støtte. Norge kan få lov som hindrar gåver frå land utan religionsfridom.

Ei kvinne og to barn kjem gåande med målretta steg til næringsbygget. Inngangsdøra går opp, trioen forsvinn inn. Det er fredag og klart for bønn.

Bygningen husar i dag ein moské.

Me er nord i København. Nørrebro er ein innvandrartett bydel i Danmarks hovudstad. Her finn du mange moskear. Éin er særleg omstridd: Taiba - Islamsk Center og Moské.

LES MEIR: SV: Pengestøtte frå autoritære regime til norske trossamfunn er ein uting

Moskeen hadde «hatpredikant» på besøk

Hendingane som har plassert Taiba på den offentlege scenen som ein moské med band til ekstremistar, er fleire:

Said Mansour, «bokhandlaren frå Brandshøj», som er dømt til fengsel for oppmodingar til terrorhandlingar, har vitja moskeen.

Omar El-Hussein, som stod bak åtaka på kulturhuset Krudttønden og synagogen i København i 2015, og skaut og drap ein mann begge stader, hadde også vitja Taiba.

Abdullah Al-Shammary, saudi-arabisk religiøs leiar som blir omtalt som «hatpredikant», vitja moskeen i 2017 og heldt ei rekkje foredrag. Han blei same år nekta innreise i Danmark.

Moskeen fekk 6,5 millionar kroner

No har Taiba på nytt fått søkelyset retta mot seg:

Moskeen har fått vel 4,9 millionar danske kroner - eller kring 6,5 millionar norske - i ei pengegåve frå Saudi-Arabia, avslører avisa Berlingske.

Gåva kom på konto i 2018, og er rapportert til det danske Kirkeministeriet, slik regelverket krev. I årsrapporten for 2018 melder Taiba at «Saudi Arabiens Ambassade» i København har donert 4.937.949 kroner.

Slike gåver er ikkje ulovlege i Danmark. Fleire trus- og kyrkjesamfunn får donasjonar frå utlandet, til dømes Den katolske kyrkja.

Sosialdemokratleiar Mette Fredriksen reagerte på donasjonen: – Absurd

Men med Saudi-Arabia er det annleis. Kongedømmet er styrt av eit totalitært regime som ikkje tillett religionsfridom, og som er kjent for å spreie ein svært konservativ islam. Både dagens danske sosialdemokratiske regjering og den førre konservative er samde: Statar som Saudi-Arabia skal ikkje kunne støtte moskear og andre trussamfunn.

– Det er fullstendig absurd at svært undertrykkande regime skal finansiere religiøse institusjonar i Danmark, sa den sosialdemokratiske partileiaren Mette Frederiksen i valkampen i fjor.

I snart eit år har ho vore statsminister.

LES MEIR: Britisk tankesmie: Ekstremisme er saudi-finansiert

Redde for at demokratiet vert undergrava

Det politiske Danmark reagerer kraftig på donasjonsavsløringa:

– Eg er redd for at det kan kome donasjonar frå utlandet til religiøse institusjonar i Danmark som motarbeidar demokratiet og spreier hatefull tale, seier utlendings- og integrasjonsminister Mattias Tesfaye (S).

– Regjeringa vil forby donasjonar son undergrev demokratiet vårt, seier barne- og undervisningsminister Pernille Rosenkrantz-Theil (S).

For å stoppe Saudi-Arabia vil Udlændinge- og Integrationsministeriet leggje fram eit lovforslag i vår som skal forby både personar, organisasjonar og styresmakter å sende donasjonar til trussamfunn der målet er å undergrave danske verdiar.

Terrorforskar: Saudi-Arabia vil spreie wahabbisme

Magnus Ranstorp er terrorforskar ved Forsvarshögskolan i Stockholm. Han forklarar at Saudi-Arabia er raus med gåver til trussamfunn i utlandet fordi ein ventar å få noko attende. Ranstorp seier til Berlingske at det er kjent at Saudi-Arabia prøver å spreie wahabbisme og salafisme, men at han blir uroa når landet byrjar å dele ut pengar i Danmark.

Slike gåver blir brukt for påverke moskeen, ein vil bestemme kven som sit i styret, kva imam som skal brukast og korleis ein organiserer moskeen, ifølgje Ranstorp. Han har særleg forska på den saudiske pengestraumen til svenske moskear.

Vårt Land har kontakta Taiba med spørsmål om pengegåva, men moskeen har ikkje svart.

«Ikkje gjenytingar»

Taiba søkte pengar for å kunne betale bygget som husar moskeen. Difor gav Saudi-Arabia ein milliondonasjon.

I ein epost til Vårt Land opplyser Saudi-Arabias ambassade i København at donasjonen på rundt 6,5 millionar kroner er ei gåve, og at dei ikkje krev noko tilbake.

– Saudi-Arabia har ikkje krav til kven som skal vere imam eller styremedlemmer, skriv ambassaden på vegne av ambassadør Fahad Alruwaily.

Ambassaden understrekar at donasjonen ikkje bryt med dansk lovverk:

– Donasjonen er gjeven etter å ha fått alle løyver, og etter å ha bede om førehandsgodkjenning frå alle involverte offentlege instansar.

Til kritikken om at Saudi-Arabia spreiar radikal islam via pengegåver, svarar ambassaden at Saudi-Arabia «har ein veletablert og tydeleg politikk som krev etterleving og forkynning av dei verkelege verdiane i islam, inkludert toleranse, respekt, sameksistens og dialog med alle religionar», og at landet avviser ekstremisme og radikalisme.

Jonas Gahr Støre sa nei til saudi-gåver

I Norge sa utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) kontant nei til saudi-arabiske pengegåver til moskear for ti år sidan. I eit brev til Tawfiiq islamske senter i Oslo skreiv Utanriksdepartementet at det ville vere «et paradoks og unaturlig om det ble gitt godkjenning til finansiering fra kilder i et land der det ikke åpnes for religionsfrihet».

Bakgrunnen var to førespurnader; ein frå Oslo og ein frå Tromsø. Avslaget førte til at Alnor islamske senter i Tromsø ikkje fekk byggje moské.

Skal gåver forbys i ny tros- og livssynslov?

Ti år seinare skal Stortinget i vår vedta ein ny trus- og livssynslov. I Granavolden-erklæringa, som Høgre, Frp, Venstre og KrF blei samde om i 2019, seier partia at «regjeringa vil: «Trekke tilbake økonomisk støtte til trossamfunn som (...) mottar støtte fra stater som ikke praktiserer religionsfrihet.»

Men då barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), som også er livssynsminister, sende lovforslaget til Stortinget i juni i fjor, hadde straffepunktet forsvunne: «Blant annet i lys av høringen vil departementet i denne omgangen ikke gå videre med forslaget om at tros- eller livssynssamfunn som tar imot bidrag fra stater som ikke respekterer retten til tros- og livssynsfrihet, kan nektes tilskudd», skriv departementet i lovproposisjonen, og melder at det kan kome tilbake med reguleringar.

Regjeringa vil først prøve med krav om å vere opne: Ropstad ønskjer lovkrav om at registrerte trus- og livssynssamfunn må «avgi årsrapport og revidert regnskap».

No blir det opp til Stortinget å avgjere om straffeforslaget blir ein røyndom (sjå eiga sak). Frp, som stod hardt på kravet, er ute av regjeringa.

Kjelder: Berlingske, TV2.dk, Kristeligt Dagblad, Kirkeministeriet

LES MEIR:

Måtte velje mellom å vere imam eller ektemann

Danmark strammer grepet om moskeene

Koranbrenner kan bli valgt i Danmark

---

Fakta:

---

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter