Nyheter

Sanner: «Kontantstøtta er heilt utmerka»

SPÅKULE: Ein god barndom blir for første gong vektlagd i perspektivmeldinga. Den trekker fram barnehagar som ein del av suksessoppskrifta. Det får ikkje finansminister Jan Tore Sanner til å endra syn på kontantstøtta.

– For å bevara velferda må fleire koma i arbeid. Me må sikra at fleire ungdommar fullfører vidaregåande, at færre blir uføre og at sjukefråværet går ned. Då må me starta med den gode barndommen.

Det seier finansminister Jan Tore Sanner (H) til Vårt Land.

Fredag legg han fram perspektivmeldinga 2021, som er ei slags spåkule for regjeringa. I meldinga ser regjeringa nærare på utfordringane som ligg fram i tid, i 2030 og 2060.

Eg synest kontantstøtta er heilt utmerka. Den gjev familien valfridom.

—  Finansminister Jan Tore Sanner

For første gong har meldinga ein eigen del som tek opp kor viktig barndommen er.

– Å investera i ein god barndom, gjev gode resultat. Når du møter seksåringar så kan du nesten spå korleis det går med dei vidare i livet, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Ikkje alle går i barnehage

Perspektivmeldinga trekker fram barnehagar som «ein viktig arena for læring av sosial og emosjonell kompetanse», som igjen er viktig for at barna meistrar skulen.

Meldinga slår fast at dess lenger barn går i barnehage frå 1,5 års alder, dess betre leseferdigheiter har dei seinare.

Barn flest går i barnehage: 84 prosent av 1-2-åringar og 97 prosent av 3-5-åringar. Nokre grupper er underrepresentert, som barn av foreldre med kort utdanning og barn med innvandrarbakgrunn.

Meldinga slår fast at det ofte er barn som ville ha hatt størst utbytte av å gå i barnehage, som ikkje går i barnehage.

Finansminister Jan Tore Sanner og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad legger fram Perspektivmeldinga.

Auka kontantstøtta i 2017

I 2017 fekk KrF pressa regjeringa til å auka kontantstøtta frå 6.000 til 7.500 kroner i månaden. Støtta går til foreldre med barn under to år som ikkje går i barnehage.

Kjell Ingolf Ropstad kjem ikkje på andre tankar av å lesa perspektivmeldinga.

– Nei, tvert imot. Den peiker på at halvanna år er ei god tid for å starta i barnehagen. Ikkje det at det er noko gale å sende eittåringar i barnehagen. Men det at nokon foreldre i ein liten del av livet ønsker å bruka noko meir tid med barna, kan vera ei veldig styrke.

Lokalt har KrF fått gjennomslag for kommunal kontantstøtte fram til barnet fyller tre år.

– Er det problematisk?

– Nei, det synest ikkje eg. KrF går ikkje til val nasjonalt på kontantstøtte til treåringar, seier Ropstad.

Stridstema på landsmøte

Jan Tore Sanner er første nestleiar i Høgre i tillegg til å vera finansminister. Han er positiv til kontantstøtta.

– Det er stadig færre som nyttar seg av kontantstøtta, i motsetning til kva du skulle tru frå den politiske debatten. Det er ei ordning som er viktig for nokon foreldre. Eg synest kontantstøtta er heilt utmerka. Den gjev familien valfridom.

Kontantstøtta kan bli eit heitt tema til våren. Høgre sin programkomite foreslår å skrota kontantstøtta i sitt forslag til partiprogram for 2021 til 2025.

Eit mindretal har teke dissens og foreslår å bevare støtta for å sikra reell valfridom for familiane.

13.-16. mai skal Høgre ta stilling til saka. Då blir endeleg program spikra på landsmøtet. Landsmøtet vart utsett frå mars til mai grunna korona.

Møtte ungdom som gjorde inntrykk

Perspektivmeldinga peiker på kor viktig den tidlege barndommen er for å lukkast i vaksenlivet. I denne tida blir grunnlaget lagt for sjølvkjensle, empati og kognitiv utvikling.

Meldinga slår fast at «Jo tidligere man setter inn innsatsen, desto bedre blir utbyttet senere».

– Er det ikkje litt instrumentelt å bruka ord som «utbytte» når ein snakkar om barn?

– Tvert i mot! Det er å sjå kvart enkelt menneske. Me ønsker at flest mogeleg skal fullføra vidaregåande så dei kan leva sjølvstendige liv, seier Sanner.

Finansminister Jan Tore Sanner og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad legger fram Perspektivmeldinga.

Då han var kunnskapsminister, reiste han rundt på besøk på mange ungdomsskular. Der møtte han ungdom som gjorde inntrykk.

– Eg møtte ungdommar som hadde gått åtte år på skulen utan å bli sett. Dei sleit med mobbing, dei hadde ikkje lært seg å lesa og skriva. Eg har aldri møtt ein einaste ungdom som har sagt at han eller ho har fått for mykje tidleg innsats.

Tre utfordringar i spåkula

Perspektivmeldinga kjem kvart fjerde år og ser vanlegvis langt fram i tid. Meldinga som Sanner legg fram fredag, kastar også eit blikk på nær framtid: 2030.

– Når ein tenker 40 år fram i tid, så vil nok dei fleste tenka at ting kjem til å ordna seg. Derfor har me også definert eit 2030-perspektiv, seier Sanner.

Det Sanner ser i spåkula, gjer han uroleg. Han peiker på tre utfordringar:

  • Eldrebølgja. I dag er det fire yrkesaktive per pensjonist. I 2060 kjem forholdet til å vera to per pensjonist.
  • Gap mellom inntekter og utgifter. Utgiftene til pensjonar og helse og omsorg går opp, utan at skatteinntektene held følge. Inntektene frå olje- og gassnæringa kjem til å gå ned.
  • Klimaendringar.

Fryktar større forskjellar

Eigentleg skulle Sanner ha lagt fram perspektivmeldinga i mai i fjor. Det sette korona ein stoppar for. Sanner seier koronakrisa skil seg frå andre, tradisjonelle kriser.

– Kriser kjem med jamne mellomrom. Sidan 1980-talet har me hatt bankkrise, dotcom-krise, finanskrise og krise etter oljeprisfall. Denne gongen er det ikkje noko gale med økonomien i utgangspunktet. Koronakrisa er ei helsekrise som er blitt ei økonomisk krise. Det er grunn til å tru at så fort me lettar på smitteverntiltaka, så vil veksten ta seg opp igjen.

Han peiker likevel på eit fareteikn:

– Faren med ei krise som dette, er at den rammar skeivt. Den rammar dei med låg utdanning og låge løner og svak tilknyting til arbeidslivet. Det er ei fare for at dei vil ha problem med å koma seg tilbake til arbeidslivet. Då aukar forskjellane.

---

Perspektivmeldinga

  • Perspektivmeldinga blir lagd fram kvart fjerde år.
  • I den nye meldinga skildrar regjeringa strategiar for å møta utfordringane som Noreg står ovanfor fram mot 2030 og 2060.
  • God oppvekst og tidleg innsats for barn og unge er ein eigen del av den nye meldinga.

--

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter