– Det er ikkje berre tenkte tilfelle dette handlar om, men reelle personar som får nei i dag, fortel stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson (SV) til Vårt Land.
Han snakkar om retten til eggdonasjon for transmenn og ikkje-binære. Han har engasjert seg sterkt i saka og har fått helseministeren til utarbeide eit forslag til endring av bioteknologiloven.
Wilkinson er utgåande SV-representant, og får ikkje følgt lovarbeidet vidare i det nye Stortinget.
I Fri, foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, er leiar Inge Alexander Gjestvang glad for innsatsen til SV og Wilkinson.
– Me vonar at alle typar kjønn kan bli foreldre, seier han til Vårt Land.
Han peikar på at dei to gruppene som loven i dag stenger for, har éin type kjønnsceller, men eit anna kjønnsuttrykk.
Me vonar at alle typar kjønn kan bli foreldre
— Inge Alexander Gjestvang, leiar i Fri
To definisjonar
Med transmann og ikkje-binær meinest:
• Ein ikkje-binær person er ein som ikkje reknar seg som korkje mann eller kvinne.
• Ein transmann er ein person som er fødd som kvinne, men som har mannleg kjønnsidentitet. Personen kan ha gått gjennom ei kjønnsstadfestande behandling.
[ Heimhenta leigesoldat kuppa demokratisk valt president ]
Frys ned egg
Stortingsfleirtalet, Ap, SV og Frp, mjuka opp bioteknologiloven i fjor. Eggdonasjon til par blei lovleg i Norge frå 1. januar i år.
Men loven har framleis avgrensingar:
Partnardonasjon av egg gjeld berre likekjønna par som består av to kvinner som blei fødde som kvinner.
Egg som trans-menn eller ikkje-binære kan ha fryst ned, kan ikkje bli brukte fordi dei er trans eller ikkje-binære.
«Er statsråden enig at det strider mot likestillings- og diskrimineringsloven?», spør Wilkinson i eit skriftleg spørsmål til helseminister Bent Høie (H).
Let Stortinget avgjere
Regjeringa blei overkjørt av Frp, Ap og SV i bioteknologistriden. Høie skriv i svaret at «likestillings- og diskrimineringsloven § 6 forbyr diskriminering på grunn av blant annet kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk».
Men Høgre-statsråden let det bli opp til Stortinget å avgjere om dagens lov er diskriminerande:
«Dersom Stortinget mener den nye bestemmelsen bør gjelde uavhengig av juridisk kjønn for å unngå brudd med likestillings- og diskrimineringsloven, bør bestemmelsen endres».
Han skriv vidare at Helsedepartementet kan «gi lovteknisk bistand».
---
Bioteknologiloven
- Stortinget vedtok ny bioteknologilov i fjor vår. Solberg-regjeringa ønskte ein restriktiv lov, men fleirtalet, Ap, SV og Frp, gjekk saman om ei oppmjuking.
- Mellom anna blei eggdonasjon og assistert befruktning for einslege lovleg i Norge.
---
Ei juridisk kvinne
I svarbrevet utdjupar Høie dagens praksis:
Retten til eggdonasjon for likekjønna kvinnelege par gjeld berre par «der begge er født som kvinner med livmor og minst den ene har medisinsk mulighet til å bære frem barnet».
Transmenn har ikkje rett til å donere egg til partnaren, fordi det ikkje er tale om eit likekjønna kvinneleg par.
Ikkje-binære har rett til partnardonasjon dersom begge i paret har juridisk kjønn som kvinne.
Par der ein eller begge er ikkje-binære og begge er registrerte som kvinner, vil ha rett til partnardonasjon.
[ Overlege etterlyser mer penger til eggdonasjon-tilbud ]
Forslag frå departementet
SVs Wilkinson takkar for tilbodet om lovteknisk hjelp frå Høies departement, og ber i eit nytt skriftleg spørsmål om slik hjelp:
«Jeg ber om lovmessig bistand for at partnerdonasjon skal gjelde uavhengig av juridisk kjønn.»
Bent Høie og Helsedepartementets lovkunnige juristar legg så fram dette forslaget til lovendring:
«Ved assistert befruktning til personer som har endret juridisk kjønn (...) skal personens fødselskjønn legges til grunn (...) dersom personen ønsker det.»
Juridisk kjønn
I det andre svarbrevet til Wilkinson skriv helseminister Høie:
«Ved en eventuell endring for partnerdonasjon, bør det derfor vurderes å gjøre anvendelsen av alle bestemmelsene i bioteknologilovens regler om assistert befruktning uavhengig av juridisk kjønn.»
Nicholas Wilkinson legg lovarbeidet i hendene til partiets nye stortingsgruppe. Helseminister Bent Høie på si side er ferdig som statsråd, han skal bli statsforvaltar i Rogland.
Inge Alexander Gjestvang i Fri vonar SV tek saka med seg inn i forhandlingane om ny regjering.