Nyheter

Har svart mor og kvit far, og blei stempla som syndige barn. No krev dei erstatning

KOLONIOVERGREP: Då Monique Bitu Bingi var fire år blei mora tvinga til å gje frå seg dottera. Ho var eit barn av synd og måtte på barneheim. Fem kvinner krev erstatning frå Belgia.

Monique Bitu Bingi har svart mor og kvit far. Ho er eit resultat av eit lovbrot. I kolonien Belgisk Kongo skulle kongolesarar og belgiarar leve kvar for seg.

Samliv var forbode. Raseblanding var straffbart. Og syndig.

Difor blei Monique Bitu Bingi straffa. Ho var ein «metis»; blandingsrase. Straffa var barneheim driven av den katolske kyrkja. Fire år gammal blei ho henta hjå mora og tvangsplassert på institusjonen saman med andre metisbarn.

Faren arbeidde i den belgiske koloniadministrasjonen i Kongo. Ho møtte han aldri.

Fedrane var kolonifunksjonærar, plantasjeeigarar, offiserar, bønder, næringsdrivande, arbeidarar. Nokre barn var eit resultat av kjærleik. Andre av overgrep.

I åra Kongo var belgisk koloni, 1908-1960, tok Belgia rundt 15.000 metisbarn frå mødrene.

Var blandingsrasebarn

No krev Monique Bitu Bingi rettferd, oppgjer – og erstatning. Saman med fire andre kongolesiske kvinner, alle brennemerka av same lagnad.

Tatt frå mor, tvangsplassert på barneheim. Fordi dei var blandingsbarn. Belgia sa at metisbarna var statens eigedom.

Simone Ngalula, Lea Tavares Mujinga, Noelle Verbeeken, Marie-Jose Loshi og Monique Bitu Bingi krev 50.000 euro kvar i erstatning frå den belgiske staten.

Nesten 500.000 kroner til kvar skal plastre såra frå omsorgssvikt, mishandling og overgrep. Barna kom i hovudsak til barneheimar drivne av den katolske kyrkja. Her skulle jentene bli nonner. Nokre barn blei også sendt til Belgia.

– Me blei omtalte som barn av synd, for ein kvit mann kunne ikkje gifte seg med ei svart kvinne. Me blei definert som resultat av prostitusjon, forklarar Lea Tavares Mujinga under rettshøyringa i Brussel.

Søksmålet mot den belgiske staten blei levert i fjor, no i oktober var rettshøyringa. Sjølve rettssaka kjem seinare.

foreldre

Sa «orsak»

– Me mista identiteten vår, orsakingar er ikkje nok, seier Monique Bitu Bingi til nyhendebyrået AP.

I 2019 bad Belgias regjering ved statsminister Charles Michel om orsak for statens rolle då ein tok barn frå kongolesiske mødrer. Same år sa ein belgisk monark, for første gong i landets historie, seg lei for «smertefulle hendingar» under koloniåra. Kong Philippe bad om orsaking for «skader frå fortida».

– Orsakingar er for historia, ofra treng erstatningar, no, seier advokat Michele Hirsh til AP. Ho er ein av advokatane som arbeider med søksmålet.

Kvinnene krev også at Belgia vedtek ein eigen lov som sikrar erstatningar til alle som opplevde det same:

– Me vil ha ein lov som kan gjelde for alle, slik at den belgiske staten vedgår brotsverka og lidingane som råka metisbarna, forklarar advokat Hirsch.

Då Kongo blei sjølvstendig nasjon i 1960, var Simone, Lea, Noelle, Marie-Jose og Monique mellom ti og 15 år.

Medan belgiarane evakuerte kolonien for å sleppe unna opprørssoldatane, blei jentene overlatne til seg sjølve. Dei katolske nonnene stakk.

Soldatane tok for seg då dei kom til barneheimane.

Fryktar juridisk ansvar

Afrika-kjennaren Tore Linné Eriksen seier rettssaka i Belgia fortel den gjengse soga om kolonioppgjera i europeiske land.

– Fleire vedgår det historiske, men held seg langt unna noko som kan utløyse juridisk erstatningsansvar, fortel han til Vårt Land.

Eriksen trekkjer fram eit ferskt døme: Tyskland vedgår at landets handlingar som kolonimakt i dagens Namibia på starten av 1900-talet var eit folkemord – 75.000 hereoar og namaar blei slakte ned.

Men Tyskland seier berre orsak og gjev Namibia 11 milliardar kroner i bistand i 30 år framover. Ingen får individuelle erstatningar.

– Oppgjera skal vise vilje til forsoning, men oppgjera blir først reelle når det blir tale om erstatningar, seier Eriksen, som er professor emeritus i historie frå universitetet OsloMet.

---

Kongo

  • Kong Leopold II av Belgia sikra seg Kongo som privat koloni i 1885 - Fristaten Kongo – og plyndra han for særleg elfenbein og gummi i åra fram til 1908, millionar av menneske blei anten lemlesta som straff, eller mista livet som følgje av sjukdom, svolt eller drap.
  • I 1908 måtte staten Belgia ta over Kongo, dei administrerte kolonien som Belgisk Kongo fram til 1960, styrte med strenge raselover.
  • Sjølvstendig nasjon i 1960.

---

Nasjonal revisjon

Belgia har lenge strevd med å erkjenne at framferda i Belgisk Kongo var alt annan enn det som står i gullskrift på veggen i Det kongeleg sentralafrikanske museet rett utanfor Brussel:

«Belgia bringa sivilisasjonen til Kongo.»

Så seint som i 2010 sa landets tidlegare utanriksminister, Louis Michel, far til seinare statsminister Charles Michel at Leopold var «ein helt med store ambisjonar for eit lite land som Belgia».

FILE - In this Wednesday, June 10, 2020 file photo, a statue of Belgium's King Leopold II is smeared with red paint and graffiti in Brussels. With the protests sweeping the world in the wake of the killing of George Floyd in Minneapolis, King Leopold II is now increasingly seen as a stain on the nation. (AP Photo/Virginia Mayo, File)

Kongeleg bortforklaring

Då Black Lives Matters-bølgja skylla inn over Europa i fjor, forsvann grunnen under mange kong Leopold-statuar i Belgia. Anten blei dei tilgrisa, eller rivne ned. Kongo var kong Leopolds private koloni fram til 1908.

Mange ville ha monarken med millionar av liv på samvitet ned av sokkelen.

Bror til dagens konge, prins Laurent, stod fram som Leopolds forsvarar. Han vedgjekk historiske overgrep, men sa at Leopold ikkje kan skuldast for noko:

– Han var aldri i Kongo, så han påførte ikkje folk smerte.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter