Sommaren 2020 blir den tidlegare NRK-journalisten Hans Wilhelm Steinfeld kontakta av tidlegare sjefredaktør i Dagbladet John Arne Markussen. Omstendet er ei 175-årsmarkering for den kasakhstanske nasjonalpoeten Abai Kunanbayev, og Markussen gjev Steinfeld oppdraget med å skrive eit innlegg som kan seljast inn til norske medium.
I innlegget samanliknar Steinfeld Kasakhstan med naboen Turkmenistan og skriv at det er «fristende å fastslå, at Kasakhstan er den beste blant verstingene i Midt-Asia.» Han samanliknar også Kasakhstan med Noreg, og peikar blant anna på at «jødeparagrafen» vart ståande i den norske grunnlova fram til 1851, og at det gjekk 99 år frå 1814 til kvinner fekk røysterett, og avsluttar:
«Med slike minner fra norsk fortid, er det fristende å advare kritikere av strevet for nasjonsbygging i Kasakhstan med Bibelens eget ord om at ‘den kaste den første sten …’»
Markussen tok kontakt på vegner av PR-byrået Geelmuyden Kiese (GK), men dei som betalar oppdraget, er Kasakhstan si ambassade i Noreg. Dette blir stadfesta av Markussen i ein e-post til Vårt Land.
[ Tidlegare Dagbladet-redaktør bistod med PR-oppdrag for Kasakhstan ]
Fakturerte Geelmuyden Kiese
«Steinfelds deltakelse er et nytt eksempel på at vi mobiliserte de beste vi kunne finne – folk med kunnskap og integritet. Leser man kronikken og hører hva han sier i webinaret skal man slite med å påvise at dette er en mann som lar seg styre av regimet, eller oss som rådgivere», skriv Markussen.
På spørsmål om Steinfeld vart honorert, skriv Markussen at Steinfeld fakturerte GK, og understrekar at NRK-veteranen har jobba med kommunikasjonsoppdrag og foredragsverksemd etter at han i 2014 slutta hos kringkastaren.
«De fleste vil mene at man i Norge ikke har så mange som kan mer om det gamle Sovjet enn nettopp ham», skriv Markussen.
Hylla Nazarbajev på ambassadeseminar
24. juni i fjor takka Steinfeld på ny ja til eit oppdrag for den kasakhstanske ambassaden. Denne gongen stilte han opp i nettoverført seminar i samband med landet sitt 30-årsjubileum som sjølvstendig stat.
Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik deltok også i dette arrangement. Som Vårt Land tidlegare har skrive om, blei også Bondevik henta inn av John Arne Markussen for å gjere oppdrag for ambassaden.
Markussen stadfestar at det også var han som hyra inn Steinfeld til seminaret.
I ein samtale med tidlegare TV 2-journalist Thomas Henschien hyllar Steinfeld den nyleg avgåtte kasakhstanske presidenten Nursultan Nazarbajev for hans rolle i oppløysinga av Sovjetunionen for tretti år sidan.
Han omtalar det som eit under at Kasakhstan har blomstra etter sjølvstendet, og samanliknar landet med det han kallar eit «uhyggeleg bilde» i nabolanda Turkmenistan og Uzbeksistan. Han set menneskerettsbrota i desse landa i kontrast til situasjonen i Kasakhstan, som han kallar eit godt føredøme.
[ Ambassadør til Vårt Land: – Kasakhstan er ikkje eit fullt utvikla demokrati ]
«Vi kan ikke annet enn å hylle Nazarbayev for de grep han tok da landet ble uavhengig. Vi kan ikke bagatellisere landets historie og beliggenhet. Det tar tid å utvikle et demokrati». Det sa forfatter og tidligere utenrikskorrespondent for NRK i Russland, Hans Wilhelm Steinfeld under seminaret for å markere Kasakhstans 30 års jubileum som selvstendig stat.
Posted by Embassy of Kazakhstan in Norway on Wednesday, July 7, 2021
Kallar kritikk for moralsk peikefinger
I samtalen med Henschien ber Steinfeld Vesten om å vise landet meir respekt:
– Altfor mange, også i Noreg, trur at å skape eit moderne samfunn etter tusenvis av år med føydalisme er eit spørsmål om å fatte politiske vedtak. Ein ting folk i Kasakhstan er lei av, er den moralske peikefingeren frå vestlege demokrati. Det er tilrådeleg å innføre demokrati og menneskerettar, men som Kjell Magne Bondevik minna oss på – det tek tid å utvikle demokrati. Vi fekk vår grunnlov i 1814. Det tok nesten hundre år før kvinner fekk stemmerett. Så vi må vere litt forsiktige med den moralske peikefingeren på dagen vi feirar 30 års sjølvstende for Kasakhstan.
Vårt Land har vore i kontakt med Steinfeld og informert han om at vi skriv sak om hans engasjement for den kasakhstanske ambassaden. Han ønskjer ikkje å uttale seg til avisa.
Dagbladet: – Dette er ikkje greitt
Tidlegare Dagbladet-redaktør Markussen henta ikkje berre inn Steinfeld til oppdraget med å skrive innlegg. Det var også Markussen sjølv som tok direkte kontakt med si tidlegare avis og selde inn innlegget der. Innlegget stod på trykk i Dagbladet 3. august 2020.
Politisk redaktør Geir Ramnefjell i Dagbladet reagerer når han får vite at Steinfeld var honorert for innlegget.
– Det er ikkje greitt. Vi tar det for gjeve at når frie stemmer i samfunnet med lang bakgrunn, og som er ein ekspert på området melder seg med ein kronikk, så er det stoff han leverer på eige initiativ og at det ikkje ligg nokon skjulte interesser bak, seier han til Vårt Land.
– Dette gjer at vi må heve terskelen for å sjekke at det ikkje finst bakanforliggjande avtaler når vi tek inn stoff.
Visste ikkje at han fekk betalt
Han seier at Dagbladet, etter oppslaget om at Bondevik fekk betalt for innlegg førre veke, tydeleggjer at dette ikkje skal skje i det faste svaret til dei som melder seg med innlegg i avisa frå no av.
– Korleis reagerer du med at det var din tidlegare sjefredaktør som stod for innsalet av dette innlegget til Dagbladet?
– Eg er overraska over det. Her har nok vi gått ut frå at innsalet skjedde med utgangspunkt i at Markussen kjenner Steinfeld i samband med kontakten dei hadde då han har redaktør. Steinfeld har vore ein aktiv bidragsytar i fleire norske aviser. Vi tok det for gjeve at dette ikkje var noko han fekk betalt for.
[ Amnesty: – Bør tenkje seg om før ein støttar regime som skyt for å drepe ]