Nyheter

Mehl til Brussel for å diskutere flyktningstraumen

EUs innanriksministrar skal torsdag diskutere om flyktningar frå Ukraina skal få kollektivt vern. Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) deltek på møtet.

Mehl reiser onsdag kveld til Brussel for å vere med på innanriksministermøtet torsdag, opplyser Justisdepartementet.

Det hastar med å få ei løysing på korleis europeiske land skal handtere flyktningstraumen frå Ukraina. FN opplyste onsdag at nesten 836.000 menneske har kryssa grensa frå Ukraina til nabolanda den siste veka. Talet hadde stige med 160.000 frå førre oppdatering dagen før.

Polen har teke imot flest flyktningar, over 450.000, ifølgje FNs oversikt. Mange har òg komme seg til Ungarn, Moldova og Slovakia. Ifølgje FNs flyktningebyrå har nesten 70.000 teke seg vidare til andre europeiske land.

Byråsjef Filippo Grandi har varsla at vi står overfor den største flyktningkrisa i Europa sidan Balkan-krigane.

EU-kommisjonen vil gi kollektivt vern

EU-kommisjonen foreslo onsdag at det skal innvilgast mellombels vern til alle som flyktar frå Ukraina. Det er første gong EU foreslår å ta i bruk massevernedirektivet.

– Europa står saman med dei som treng vern. Alle dei som flyktar frå Putins bomber, er velkomne i Europa. Vi vil gi vern til dei som søkjer ly og vil hjelpe dei som ser etter ein trygg veg heim, sa EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen.

Den norske regjeringa har hittil venta på prosessen i EU. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har sagt at Noreg må ta sin del når det gjeld fordeling av flyktningar, men har hittil ikkje ønskt å seie noko om kor mange vi kan ta imot.

Ønskt av opposisjonen

På Stortinget har ein nesten samla opposisjon gått inn for at regjeringa må ta i bruk moglegheita til å la ukrainarar få mellombels vern, slik paragraf 34 i utlendingslova opnar for. Målet er å sørgje for rask og effektiv hjelp i ein ekstraordinær situasjon.

Unntaket er Frp, som meiner det er betre at flyktningar får mellombels opphalds- og arbeidsløyve i staden for kollektivt vern, som dei meiner kan verke passiviserande.

Utlendingslova opnar for at søkjaren kan få mellombels opphaldsløyve i eitt år utan individuell grunngiving. Dette løyvet kan så blir forlengt i inntil tre år. Deretter kan det bli gitt eit mellombels opphaldsløyve som kan danne grunnlag for permanent opphaldsløyve.

Ordninga vart brukt her i landet overfor flyktningar frå Balkan på 1990-talet.

NTB Nyheter

NTB nyheter

Mer fra: Nyheter