Nyheter

Vestre varslar grep mot høge leiarlønningar

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) varslar fleire grep for å få bukt med skyhøge toppleiarlønningar i selskap som har staten som dominerande eigar.

Vestre seier til VG at det kan bli aktuelt å skifte ut styremedlemmer som ikkje følgjer opp dei politiske signala hans på leiarlønningar.

Han seier vidare at han har gitt klare åtvaringar i samband med generalforsamlingane til selskapa, og at han vurderer å setje tak på – eller i nokre tilfelle forby – bonusordningar til toppleiarane.

– Det er styra som har ansvaret for leiarlønningane og må lytte til forventningane frå ein stor og viktig eigar som det norske folket er. Viss oppmodingane våre ikkje er tilstrekkeleg får vi anten endre regelverket eller setje andre folk i styra, seier næringsministeren.

Til avisa røper Vestre at han i samband med arbeidet med ny eigarskapsmelding, vil leggje til grunn at leiarane ikkje skal ha større lønnsvekst enn gjennomsnittet

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter