Nyheter

Justisministeren på fartskontroll: – Folk må skjerpe seg bak rattet

UP gjennomførte trafikkontroll på E18 i Holmestrand fredag. Med på laget var justisministeren, som meiner alle må bidra for å hindre auken i trafikkulykker.

– Det er alvorleg at dødstalet har gått så mykje opp. Folk må køyre forsiktig og skjerpe seg bak rattet, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NTB.

Så langt i år har 63 personar omkomme i trafikken, dobbelt så mange som i same periode i fjor.

Då Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte trafikkontroll på E18 ved Bentsrudkrysset i Holmestrand, var Mehl vitne til at heile 19 førarar fekk førelegg for å ha køyrt for fort.

– Politiet gjer ein enormt viktig jobb med å vere ute på vegane, vere synlege, ha kontrollar og sørgje for at folk køyrer mest mogleg trygt. Dersom ein er ukonsentrert og uforsiktig, set ein andre i fare. Eg håpar at vi alle kan vere med på å bidra til at det blir tryggast mogleg å ferdast på norske vegar, seier Mehl.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter