Nyheter

Kvinna med flammen frå ytre høgre

HISTORISK VAL I ITALIA: Kan få første leiar frå ytre høgre sidan verdskrigen.

Ti afrikanske menn på ei steintrapp i Firenze. Dei er fiendar av den europeiske sivilisasjonen. Seier kvinna som styrer mot statsministerjobben i Italia.

Firenze: Ein et lønsj, to snakkar i mobilen, sju berre sit i trappa og ser på livet som sklir forbi.

Hadde Giorgia Meloni fått bestemme, hadde ingen av dei fått sett seg ned på trappa og skoda bort på Santa Maria Novella, den gotiske basilikaen rett over piazzaen.

Faktisk hadde ingen migrantar og flyktningar fått sleppe inn i Italia.

For Giorgia Meloni er desse fiendar av den europeiske sivilisasjonen, saman med homofile og aborttilhengjarar.

italia

«Gud, fridom og nasjon»

Ho sa det i ein flammande tale, i juni, blant vener langt der ute på høgre falang, på vitjing hjå spanske Vox.

Det var ja til hermetisk lukka grenser, ja til den naturlege familie, ja til retten til å ikkje ta abort, ja til korset som symbol på Europas kristne verdiar.

Ved årsskiftet husa Italia 165.000 asylsøkjarar, altså flyktningar og migrantar som hadde søkt om vern i landet som i kring 40 år, med eitt unntak, har opplevd at ingen regjeringar har styrt perioden ut.

No kjem Giorgia Meloni, og får truleg høve til å prøve å vere regjeringssjef, som Italias første kvinnelege statsminister. Ho leiar stort på meiningsmålingane. Hennar slagord er «Gud, fridom og nasjon».

Meloni er mor til ei dotter, men er ikkje gift med faren. Han deler ikkje synet på den tradisjonelle, katolske familien.

MAKT

Streng innvandringspolitikk

I juli blei det klart, Italias fjerde teknokratregjering på nesten 20 år var historie. På sundag går italienarane til røysteavlukka for å velje nytt parlament, og med det ny regjeringssjef.

Giorgia Meloni frå ytre høgre er i tet. Ho er inga politisk novise; valt inn i parlamentet i 2006, ungdomsminister i åra 2008-2011.

Med seg på laget som styrer mot regjeringskontora har ho partia Lega og Forza Italia.

Matteo Salvini, eks-innanriksminister, leiar Lega, eller Ligaen, eit høgrevridd, føderalistisk, populistisk og konservativt parti, som fører ein svært streng asyl-, flyktning- og innvandringspolitikk.

Silvio Berlusconi, eksstatsminister, leiar Heia Italia, eller Forza Italia, eit liberalt, katolsk og reformvenleg parti.

Det var desse to som drog det politiske teppet under statsminister Mario Draghi i juli; dei nekta å støtte eit tillitsvotum i parlamentet.

---

Giorgia Meloni

Født 15. januar 1977.

Leder i ytre høyre-partiet Italias Brødre siden 2014.

Meloni var selv med og stiftet partiet. Leder for grupperingen av europeiske konservative og reformister i EU-parlamentet siden 2020.

Ungdoms- og sportsminister i Silvio Berlusconis fjerde regjering mellom 2008 og 2011.

Meloni var den yngste statsråden i en italiensk regjering noensinne.

Ble i 2006 valgt inn i Italias deputertkammer for første gang. Alenemor for en fem år gammel datter.

---

Tufta på fascisme

Sjølv leiar Meloni Italias Brør, eller Fratelli d’Italia, eit post-fascistisk, nasjonalkonservativt, høgrevridd og populistisk parti.

Meloni er den mest omdiskuterte av dei tre, men hennar to mannlege, politiske partnarar slår ikkje handa av statssjefen som gjekk til åtak på nabolandet Ukraina i februar.

Fratelli d’Italia er tufta på italiensk fascisme. Meloni var med å skipe partiet i 2012, og blei leiar i to år seinare. Italias Brør er skipa på restane av Allenza Nazionale, som igjen var tufta på den nyfascistiske rørsla Movimento Sociale Italiano (MSI) frå 1946.

Denne førte arven etter Benito Mussolinis fascistiske parti og styre før og under verdskrigen vidare.

Har ein gammal flamme

Difor blir Meloni ofte stempla «fascist». I valkampen har italienske medium funne eit fransk tv-opptak frå 1996 der Fratelli d’Italia-leiaren seier at Mussolini «var ein god politikar som gav mykje for Italia».

I ein freistnad på kaste av seg fasciststempelet publiserte Meloni i august ein video, der ho på engelsk, fransk og spansk forsikrar sjåarane at er det ein ting ho ikkje er, så er det fascist.

Men Meloni har ikkje vendt ein gammal flamme ryggen. Partisymbolet til Italias Brør er ein flamme i dei italienske flaggfargane.

Symbolet har ho arva frå fascistrørsle MSI – og symboliserer den evige elden ved Mussolinis grav.

Adolf Hitler (t.v.) og Italias Benito Mussolini sammen i Firenze 1938.

Dyre løfte og høg gjeld

Klarar Giorgia Meloni, Matteo Salvini og Silvio Berlusconi å dra i land sigeren sundag, ventar ei stor oppgåve og ei stridssak.

G7-landet Italia er mellom EUs mest forgjelda medlemsland, gjelda ligg kring 150 prosent av BNP – og Meloni lovar skattekutt.

I valkampen har trioen forkynt ei lang rekkje dyre løfte. Mellom anna skal staten avhjelpe sterkt stigande energikostnadar og høge levekostnadar. Men Meloni og dei to herrane har ikkje sagt så mykje om kvar pengane skal komme frå.

Ho støttar sanksjonane, han fordømer dei

Stridssaka er ei landmine under samarbeidet. Giorgia Meloni lovar at Italia ikkje blir Vestens svake ledd i kjeda – om ho blir statsminister. Ho sluttar heilhjarta opp om Nato, og Natos støtte til Ukrainas forsvarskrig mot okkupanten Russland og EUs sanksjonar mot Vladimir Putin

Matteo Salvini har eit anna syn på den saka.

«Me er på veg inn i ei blindgate. Me skadar berre oss sjølve, og ingen politikarar vågar å snakke om det. Utanom meg», sa Salvini på eit debattmøte i september der også Meloni sat på podiet.

Medan ho tok seg til hovudet fordømte Salvini dei vestlege sanksjonane mot Russland.

Silvio Berlusconi og Forza Italia støttar offisielt sanksjonspolitikken, men 85-åringen Berlusconi har i ei årrekkje pleia venskapen med Putin.

Dedikerte tilskuere veier med flagg under et valgkamparrangement for Italias Brødre (Fratelli d'Italia) i Ancona på Italias østkyst i august. Foto: Domenico Stinellis / AP / NTB

Putins plan?

Her er me tilbake til dei ti afrikanarane som sit på steintrappa i Firenze.

Fram til april var båttrafikken over Middelhavet, frå Libya til Italia, på same nivå som åra før. I april blei trafikken med flyktningar og migrantar tredobla. Då juli gjekk over i august hadde italiensk styresmakter registrert over 10.000 fleire båtreisande enn i fjor.

Mange av dei som steig i land i Italia fortalde at dei hadde lagt ut frå det austlege, borgarkrigsherja Libya. Her er general Khalifa Haftar øvste krigsherre.

Haftars fremste internasjonale allierte har sendt leigesoldatar frå den private, russiske hæren Wagner. Hans namn er Vladimir Putin.

---

Italia val

  • Sundag skal Italia velje representantar til dei to kammera i parlamentet, underhuset og overhuset.
  • I dag tel dei høvesvis 630 og 315 parlamentarikarar, ved valet skal det etter reformer veljast 400 til underhuset og 200 til overhuset.
  • Giorgia Meloni, leiar for ytre høgre-partiet Italias Brør leiar stort på meiningsmålingane, ligg an til å skipe regjering saman med partia Ligaen og Heia Italia.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter