Nyheter

Folkekrav om norske våpen til Ukraina

KRIGEN I UKRAINA: Regjeringa må sende norske våpen til Ukrainas hær, seier nordmenn i fersk måling. Frp-veljarar meiner Russland kan få ukrainsk land i byte mot fred.

Snart har krigen i Ukraina rast i eitt år.

Statsminister Jonas Gahr Støres (Ap) analysar er at krigen dreg ut i tid, og at han splitter:

– Eit jernteppe har på nytt har senka seg i Europa, og delt Europa i to. Slik er me meir splitta i Europa enn før, men me er også meir samla.

Sa regjeringssjefen i Stortinget torsdag, då han heldt ei Ukraina-orientering. Måndag kom han på nytt til dei folkevalde og la fram regjeringas forslag til hjelpepakke til Ukraina.

Sterk støtte til Ukraina

Ei fersk meiningsmåling viser at folket samlar seg bak statsministeren. Nordmenns støtte til ukrainaranes kamp er svært sterk. Russlands krav blir kontant avviste.

Det er By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved universitetet OsloMet som har sett nærare på nordmenns haldningar til Russlands invasjon av nabolandet, krigen som har vart i snart eit år og norsk våpenhjelp.

For forskingsprosjektet Proruss har Respons Analyse gjort ei landsomfattande og representativ spørjeundersøking med 1.165 respondentar.

Statsminister Jonas Gahr Støre lover langvarig støtte til Ukraina. Her er han med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i Kyiv i juli. Foto: Javad Parsa / NTB

Må sende norske våpen

Dette meiner dei som har gjort seg opp ei meining:

  • Nesten av ni av ti vil sende norske våpen austover til Ukraina. Berre fem prosent nektar ukrainarane våpenhjelp.
  • Nesten åtte av ti meiner Ukraina ikkje må avstå land til Russland for å få slutt på krigen.
  • Ni av ti seier Krym-halvøya tilhøyrer Ukraina.
  • Vel ni av ti meiner Norge ikkje må oppheve sanksjonane mot Russland.
  • Nesten ni av ti slår fast at Vesten ikkje har skulda for at Russland invaderte Ukraina.

Frp-veljarar skil seg ut

På eitt spørsmål er det ikkje like stor samling på svara.

På spørsmålet «Ukraina bør ikke bli Nato-medlem», er faktisk heile ti prosent «heilt enig» og 12 prosent er «delvis enig».

Forskar Aadne Aasland arbeider med Proruss-prosjektet. Det gjev kunnskap om korleis Russland opptrer i møte med Norge og nordmenn, og andre europeiske land. Prosjektet prøver å identifisere dei som er opne for «Russlands initiativ».

Aasland fortel at på eit spørsmål er det tydelege partiskilnader på svara. Spørsmålet lydde: «Ukraina bør avstå områder til Russland for å få en slutt på krigen».

– Framstegspartiets veljarar skil seg ut. 29 prosent av desse er heilt eller delvis samde i at Ukraina bør avstå område til Russland for at krigen skal ta slutt.

Framstegspartiets veljarar skil seg ut

—  Aadne Aasland, forskar Proruss-prosjektet

Våpenstøtte i både Raudt og SV

Statsminister Støre understreka torsdag at ein må klare å ha to tankar i hovudet samstundes:

– Det er ikkje ein motsetnad mellom donasjon av våpen og eit ønskje om fred i Ukraina, som nokre også i denne sal hevdar.

Undersøkinga til Proruss-prosjektet viser at veljarane til alle parti sluttar opp om norsk våpenhjelp – og eit fleirtal meiner at Vesten bør sende meir våpen.

– Meir enn to tredelar mellom både Raudts og SVs veljarar er «helt uenig» i at slik norsk våpenhjelp bør opphøyre, fortel Aasland.

Fleire tvilarar i Frp og Sp

Berre 13 prosent av Raudts og ni prosent av SVs veljarar er heilt eller delvis samde i påstanden «Norge må slutte å sende våpen til Ukraina».

Oppslutninga om norske våpendonasjonar er lågast mellom dei som røystar på Senterpartiet og Framstegspartiet. Men i begge parti seier eit tydeleg fleirtal, høvesvis 53 og 56 prosent seg «helt uenig» i påstanden.

---

Krigen i Ukraina

  • 24. februar 2022 invaderte Russland Ukraina, no går fronten aust i Ukraina.
  • 7,9 millionar ukrainske flyktningar er registrerte i Europa, inkludert Russland, 5,9 millionar er internflyktningar i Ukraina.
  • FN har registrert kring 18.000 sivile som er drepne eller såra, men seier at det reelle talet er langt høgare.
  • Ukraina hevdar at 100.000 russiske soldatar er drepne, talet er svært usikkert

---

En boligblokk ble truffet av en rakett i den ukrainske byen Kramatorsk natt til torsdag. Foto: AP / NTB

Folket i ryggen

Til dei som ikkje sluttar opp om Ukrainas fridomskamp, hadde Støre ei helsing torsdag:

– Russland har gjennom året som har gått svart på vår og verdssamfunnets fordøming – og på eigne nederlag, med meir øydelegging, meir krig, endå meir brutalitet.

Aadne Aasland i Proruss-prosjektet seier at det vil vere enklare for politikarar i Norge og andre vestlege land å halde oppe den aktive støtta til Ukraina dersom dei veit dei har opinionen i ryggen.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter