Nyheter

SV-Bergstø om Fosen-saka: – Eg har bedd Vårherre om å gje regjeringa klarsyn

I VINDEN: Påtroppande SV-leiar Kirsti Bergstø meiner vindmøllene på Fosen må rivast. Men ho vil ikkje bruka budsjettmakta til å tvinga regjeringa.

Regjeringskvartalet har dei siste dagane vore åstad for demonstrasjoner mot 151 vindmøller i Fosen i Trøndelag.

No stadfestar påtroppande SV-leiar Kirsti Bergstø at SV vil ha ned vindmøllene. Men, partiet vil ikkje tvinga saka gjennom i budsjettforhandlingar med regjeringa.

– Vindmøllene på Fosen er eit pågåande menneskerettsbrot som regjeringa ikkje kan utgreia seg vekk frå, seier ho til Vårt Land.

– Så SV vil ha ned dei 151 vindturbinane på Fosen?

– Ja.

Bergstø

Bergstø: – Me forhandlar ikkje om menneskerettar

SV er regjeringas føretrekte budsjettpartnar.

– Vil SV bruka posisjonen som budsjettpartnar for å tvinga fram riving av vindmøllene på Fosen?

– Me forhandlar ikkje om menneskerettar. Dette er ikkje eit spørsmål som kan takast inn i budsjettforhandlingar. Dette handlar om regjeringa ønsker å setta prinsippa til rettsstaten på prøve, seier Bergstø.

Ho vil heller ha statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til å svara for seg i Stortinget.

– Me treng nye signal frå regjeringa i denne saka. Eg vil lytta til kva Jonas Gahr Støre seier og gjer i denne saka.

Riv anlegget ned og bygg tillita opp.

—  Kirsti Bergstø under appellen

Åtvarar mot symbolpolitikk

Stortingspolitikar Lan Marie Berg har fortalt VG at MDG hausten 2021 foreslo å ta ned vindkraftanlegget, men då stemte berre Raudt for.

Dette var fremma som eit sokalla laust forslag til statsbudsjettet, der SV er forplikta gjennom budsjettavtalen med regjeringa.

Kirsti Bergstø er tydeleg ovanfor Vårt Land at ho meiner slike forslag er feil strategi.

– Kvifor stemte ikkje SV for å fjerna vindmøllene på Fosen?

– Me har åtvara andre parti mot å fremma forslag i så viktige saker om dei ikkje får fleirtal. Det kan svekke saka om alt blir til politiske markeringar og symbolpolitikk, seier Bergstø.

Lenka seg fast

Aksjonistar frå Norske Samers Riksforbund Nuorat og Natur og Ungdom er samla i Oslo i protest mot vindmøllene på Fosen.

Natt til måndag bar politiet ut 13 demonstrantar frå lokala til Olje- og energidepartementet OED. Demonstrantane held stand utanfor regjeringskvartalet måndag, fleire har lenka seg fast.

Fosen

Kirsti Bergstø var blant appellantane under demonstrasjonen i Oslo måndag.

– Eg har bedd Vårherre om å gje regjeringa klarsyn. Men det er ikkje sikkert me blir bønnhøyrt. Derfor er me her, ikkje for å be, men for å krevja at anlegget skal rivast ned, sa Kirsti Bergstø under appellen.

Ho kom med ei klar oppmoding til regjeringa:

– Riv anlegget ned, og bygg tillita opp.

Aasland vil henta inn ny kunnskap

Det er gått over 500 dagar sidan Høgsterett-dommen kom om at vindmølleparken i Fosen er oppført i strid med urfolks rettar.

Det betyr ikkje at vindmøllene blir rivne ned. Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) stadfestar til NTB at målet er eit vedtak der vindkraft og reindrift kan leve side om side på Fosen.

Måndag morgon sa ministeren til NRK at dei må «innhente ny kunnskap om situasjonen for reindriftsnæringen og se på avbøtende tiltak, for så å fatte nye vedtak som er i tråd med Høyesteretts domspremisser.»

Må svara i Stortinget

To skriftlege spørsmål vart sendt inn om Fosen-saka i Stortinget måndag 27. februar. Både Støre og Aasland blir utfordra i saka.

Lan Marie Nguyen Berg (MDG) stiller statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) spørsmålet: «Kan statsministeren garantere at vindmølleanlegget på Fosen vil bli fjernet, i tråd med Høyesterettsdommen?»

Geir Jørgensen (Raudt) viser til eit videoopptak frå et folkemøte i Namsos. Der skal olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på spørsmål frå salen ha sagt at konsesjonsvedtaka for vindkraftanlegget på Fosen er «gyldig no». Raudt-politikaren spør om han står inne denne vurderinga i dag.

Tema for SV-landsmøte

17. til 19. mars held SV landsmøte, då er Kirsti Bergstø er innstilt som ny SV-leiar etter Audun Lysbakken.

Det er komme inn 40 forslag til utsegner til landsmøtet. To av desse handlar om Fosen-saka.

Samepolitisk Råd i SV meiner vindkraftverket blir i dag driven på ugyldig konsesjon og at dagens situasjon er «uhaldbar».

«Menneskerettighetsbruddet kan kun opphøre ved at Roan og Storheia vindkraftverk blir revet og at området tilbakeføres til naturen, slik at reindriftssamene igjen får tilgang til sine tradisjonelle landområder.»

Også Sør-Varanger SV meiner konsesjonsvedtaket er ugyldig og skriv at «Vi støtter Fosen-samenes krav om at vindkraftverket rives.»

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter