Nyheter

Leiar i Abortklagenemnda: Abortgrensa bør hevast

NY LOV: Ho behandler sakene til kvinner som ønsker abort, men som har fått avslag. Inger Økland meiner kvinner bør sleppe nemnd opp til veke 16 eller 18.

Framtida til abortlova er i spel. Regjeringa har sett ned eit abortutval som skal vurdera dagens lov og grensa for sjølvbestemt abort. I dag går grensa ved veke 12 i svangerskapet.

No kan Vårt Land melda at utvalet har fått råd frå Sentral klagenemnd for abortsaker om å heva dagens abortgrense.

– Me har diskutert heving av abortgrensa med abortutvalet, og spela inn at me meiner grensa bør hevast, seier leiar i klagenemnda Inger Økland.

I dei få tilfella der kvinner får avslag i primærnemnd, hamnar sakene på bordet til Inger Økland og Sentral klagenemnd for abortsaker.

Eg tenker det er logisk å heva grensa for sjølvbestemt abort

—  Inger Økland, leiar i Sentral klagenemnd for abortsaker

Ei unødvendig belastning for kvinna

– Eg tenker det er logisk å heva grensa for sjølvbestemt abort. Men eg har ikkje teke endeleg stilling til om eg meiner den bør hevast til 16 eller 18 veker, seier Inger Økland.

Ho gjev to grunnar til at nemndene bør fjernast opp til veke 16 eller 18: Nemndene er ei stor belastning for kvinna, og nemndene innvilgar uansett nesten alltid abort fram til denne grensa.

– Fram til veke 16 eller 18 ser det ikkje ut som nemndene har så viktig funksjon sett opp mot det ein utset kvinnene for. Så har du det praktiske med å etablera og organisera nemndene.

I fjor vart det utført 11.967 abortar i Noreg. Dei fleste var tidleg i svangerskapet, 9.567 var utført før veke ni, viser tal frå Abortregisteret.

Det vart utført 590 nemndbehandla abortar. Etter veke 12 må abort bli innvilga i primærnemnd. Det store fleirtalet av kvinner som søker abort i primærnemnd, får det innvilga.

Viser til Sverige

– Kva tenker du om at abortnemnder kan gje kvinna ein moglegheit til å reflektera over kva som skjer. Er det eit godt argument?

– Eg er mot å ha tvungen rådgjeving og rettleiing, der ligg det ein form for undervurdering av kvinner. Men det bør absolutt vera eit tilbod til kvinner som synest valet er vanskeleg, seier Inger Økland i Sentral klagenemnd for abortsaker.

Inger Økland

Ho viser til erfaringar frå Sverige, der grensa for sjølvbestemt abort går ved veke 18.

– Det er ingen som har klart å påvisa at då svenskane gjekk frå 12 til 18 veker, så gjekk aborttala i vêret. Det store fleirtalet av abortar blir utført før veke 9. Alle som oppdagar at dei er gravide og som ikkje ønsker å vera det, dei tek abort så tidleg som dei kan.

---

Inger Økland

  • Lege og gynekolog.
  • Førsteamanuensis II i kvinnehelse og fødselsvitskap ved Universitetet i Stavanger og seniorrådgjevar i Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom).
  • Tok i februar 2022 over som leiar i Sentral abortklagenemnd.

---

Abort-saka splittar regjeringa

Regjeringas abortutval skal legga fram ein NOU mot slutten av 2023.

Synet på abortlova splittar mindretalsregjeringa:

  • Ap har programfesta at partiet vil avvikla nemndene mellom veke 12 og 18 og greia ut eit alternativ med oppfølging og rettleiing, der kvinnas sjølvråderett blir sikra.
  • Senterpartiet vil vidareføra dagens abortgrense ved veke 12.
I tillegg til å finne tiltak og som bidrar til å fremme et sunt kosthold, har ekspertgruppen fått i oppdrag å finne virkemidler som reduserer sosiale forskjeller, opplyser helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).Foto: Hanna Johre / NTB

Kritisk til veke 22 som abortgrense

Til venstre for regjeringa har partia SV og Raudt programfesta ei total fjerning av abortnemndene. Då vil kvinna ha sjølvbestemming fram til veke 22, som er abortlovas yttergrense. Etter veke 22 kan abort berre innvilgast om fosteret ikkje er levedyktig.

– Eg trur ikkje det er mange av oss i fagmiljøet som snakkar om ei grense for sjølvbestemt abort ved veke 20 eller veke 22. Då ser ein nesten vekk frå fosterets rettsvern, seier Økland.

Ho viser til dagens abortlov, der krava som ligg til grunn for innvilging av abort aukar med svangerskapets lengde.

Møter kvinner i kriser

Som leiar for Sentral klagenemnd for abortsaker møter Økland kvinner som ønsker abort, ofte seint i svangerskapen.

– Dei er kvinner i djupe kriser, som ikkje ser nokon annan utveg. Dei er fast bestemt på at dette er einaste moglegheit.

I Noreg er det 24 primærnemnder spreidd ut over landet som tek stilling til om kvinner kan ta abort etter veke 12.

Får kvinnene avslag i primærnemnd, blir saka automatisk sendt til Sentral klagenemnd for abortsaker. I fjor vart det meldt inn 18 saker. Tre saker vart trekt av kvinna sjølv, så klagenemnda behandla 15 saker.

– Ikkje vanskeleg å forstå at det er forferdeleg

I ni av sakene fekk kvinnene avslag medan seks søknader om abort vart innvilga. Alle kvinnene som fekk avslag var komme over 18 veker i svangerskapen.

– De gav avslag til ni kvinner i fjor. Dei må bere fram eit barn dei ikkje ønsker å ha. Kva tenker du om det?

– ­Det er ikkje vanskeleg å forstå at det er forferdeleg. Det er i desse sakene der fosterets krav til rettsvern slår inn, seier Inger Økland.

Etter dagens abortlov skal det særskild tungtvegande grunnar til å innvilga abort etter veke 18.

­– I dei sakene me har gjeve avslag, har ikkje desse grunnane vege tungt nok. Hadde svangerskapen komme kortare, hadde me kanskje innvilga abort i desse tilfella.

I fire av sakene vurderte klagenemnda saka annleis enn primærnemnda, og innvilga abort der primærnemnda hadde sagt nei.

Det tyder ikkje at jobben primærnemnda gjer, er for dårleg, ifølge Økland.

– Primærnemndene er veldig flinke. Men me er fleire i klagenemnda, me har betre tid og kan innhenta meir opplysningar. Då får me belyst saka meir grundig.

---

Sentral abortklagenemnd

  • Om ei kvinne søker abort i primærnemnd og får avslag, blir saka automatisk sendt til sentral abortklagenemnd. Om kvinna ikkje trekker klagen, behandlar klagenemnda saka så raskt som mogleg.
  • Nemnda består av fem medlemmer, minst to skal vera legar og eitt medlem skal vera jurist.
  • Nemnda held møta ved gynekologisk poliklinikk Ullevål sjukehus, eller på videomøte. Her møter dei som regel kvinna som søker abort.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter