Nyheter

KrF hadde 11 ordførarar, no har dei 12

MAKTOPPTELJING: Før valet hadde KrF 11 ordførarar. No har partiet forhandla til seg 12 lokale toppverv.

– Det er viktig for partiet å ha ordførarar over heile landet, og særleg her i nord, fortel Ørjan Albrigtsen til Vårt Land.

Torsdag blei det klart at han får fire nye år som ordførar i Skjervøy kommune i Troms. Bak den politiske styringsplattforma står KrF, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, og så har trioen valteknisk samarbeid med SV, noko som sikrar SV plass i formannsskapet. Sp får varaordføraren.

– Eg er svært takksam for tilliten som blir vist meg, seier Albrigtsen. Han er glad Skjervøy held fram som KrF-bastion i nord.

– Kva blir den største utfordringa for den attvalde ordføraren?

– Kommuneøkonomien er god, men me slit med å rekruttere fagfolk, særleg innan helse og utdanning

Hadde 11 menn.

Norge har 356 ordførarar. Før veljarane fortalde kven dei ville ha i by- og kommunestyrer, hadde KrF 11 tillitsvalde som kunne smykke seg med ordførarkjeder.

Alle menn.

Vårt Land har sett innom dei 11 kommune for å sjekke korleis det gjekk.

I Vennesla er det sedvane at det største partiet får ordføraren

—  Nils Olav Larsen, ordførar for KrF i Vennesla
TIL TOPPS: Elisabeth Hammer (t.v.) blir ordførar i Siljan kommune i Telemark mens Gro Helleland blir ordførar i Lund kommune i Rogaland.

To kvinner gjekk til topps

Dette er utfallet i favør KrF etter mange og lange og overraskande maktfordelingsrundar:

Nye ordførarar:

  • Gro Helleland i Lund kommune i Rogaland, ho var varaordførar.
  • Elisabeth Hammer i Siljan kommune i Telemark.
  • Helge Kjøll I Aukra kommune i Møre og Romsdal.
  • Morten Haraldstad i Evje og Hornnes i Agder.
  • Morten Helland i Bømlo kommune i Vestland.
  • Andreas Bjorland i Hå kommune i Rogaland, KrF hadde også den førre ordføraren.
  • Nils Christian Harnes i Hustavika kommune i Møre og Romsdal.
  • Tarjei Andreas Draugedal i Kviteseid kommune Telemark.

Fekk fornya tilliten

Attvalde ordførarar:

  • Kjetil Torp i Vegårshei kommune i Agder.
  • Per Sverre Kvinlaug i Kvinesdal kommune i Agder.
  • Ørjan Albrigtsen i Skjervøy kommune i Troms.
  • Nils Olav Larsen i Vennesla kommune i Agder.

– I Vennesla er det sedvane at det største partiet får ordføraren, sa Nils Olav Larsen til Vårt Land før det blei kjent at han held fram som ordførar i KrF-bastionen.

Nils Olav Larsen, ordfører i
Vennesla KrF

Menn tapte kampen om kjeder

Fleire KrF-ordførarar blei vraka

  • Stian Bjørsvik i Kvitsøy kommune i Rogaland, KrF mistar ordførarmakta etter 24 år.
  • Jonas Andersen Sayed i Sokndal i Rogaland, partiet gjekk fram, Sp tek ordføraren.
  • Terje Møkjåland i Iveland kommune i Agder, Høgre får ordføraren, KrF og Sp har hatt ordføraren i tiår.
  • Ove Gundersen i Froland kommune i Agder tok ikkje attval, KrFs ordførarkandidat, Ingunn Fjærbu Roppestad, nådde ikkje opp, ho blir varaordførar.
  • Harry Valderhaug i Giske kommune i Møre og Romsdal, gjorde KrF til største parti, men tapte ordførarmakta til Høgre, Valderhaug blir varaordførar.
  • Harald Rydland i Fitjar i Vestland, tapte ordførarkjedet til Høgre.
Jonas Andersen Sayed var Noregs yngste ordførar då han blei vald i 2019 og gjekk fram i valet i år. Likevel får han ikkje halde fram som ordførar i Sokndal i Rogaland. Foto: Carina Johansen / NTB / NPK

Kvinner i fleirtal i bibelbeltet

KrF har sikra seg det nest gjævaste vervet i fleire kommunar. Desse 14 blir varaordførarar – flest i Agder, sju er kvinner:

  • Jytte Somme i Lillehammer kommune i Innlandet.
  • Charlotte Beckmann Finnestad i Kristiansand i Agder.
  • Ingunn Fjærbu Roppestad i Froland kommune i Agder.
  • Ruth Kylland Martinsen i Birkenes kommune i Agder.
  • Kjetil Glimsdal i Grimstad i Agder.
  • Henrik Halleland i Stavanger kommune i Rogaland.
  • Torbjørn Indrebø i Suldal kommune i Rogaland.
  • Bjørg Tryland i Strand kommune i Rogaland.
  • Gustav Løge Fosse i Vindafjord kommune i Rogaland
  • Astrid Aarhus Byrknes i Alver kommune i Vestland.
  • Harry Valderhaug i Giske kommune i Møre og Romsdal, han var ordførar sist periode.
  • Iselin Bjørnstad i Rakkestad kommune i Østfold.
  • Per Arild Torsen i Rennebu kommune i Trøndelag.
  • Geir Christian Enger i Nissedal kommune i Telemark.

Ein fylkesvaraordførar

KrF har sikra seg eit framskote fylkesverv. Jorunn Gleditsch Lossius blir fylkesvaraordførar i Agder fylkeskommune. Ho tapte i vår kampen om å bli nestleiar i KrF.

---

KrF

  • Stifta i 1933, 90 år i haust
  • Partileiar er Olaug Bollestad.
  • Har tre stortingsrepresentantar.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter