Nyheter

Talet på Hamas-gislar stig, er oppe i 239 menn, kvinner og barn

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: Talet på gislar i fangenskap hjå Hamas i Gaza aukar. Det same gjer talet på arresterte palestinarar i israelske fengsel.

Hamas-angrepet på Israel 7. oktober, der den terrorstempla organisasjonen massakrerte kring 1.400 sivile og soldatar sør i Israel, fekk også to synlege konsekvensar:

  • Hamas tok gislar og førte dei til underjordiske anlegg i Gaza.
  • Israel byrja å arrestere store grupper med palestinarar.

40 har ukjent lagnad

Kontreadmiral Daniel Hagari, talsmann i IDF, Israels forsvar, opplyste sundag at dei kan stadfeste at 239 personar er i fangenskap hjå militante palestinarar i Gaza. Dei fire som er sette fri er rekna med i det nye talet.

Dermed er talet på gislar justert opp frå 229, som var talet IDF opererte med på fredag. Oppjusteringa kjem etter at israelske styresmakter får betre oversikt over kven som var kvar den 7. oktober.

Mellom gislane er det ei stor gruppe utanlandske statsborgarar som deltok på ein musikkfestival nær grensa til Gaza. Mange kjem særleg frå USA og Thailand.

Men, opplyste IDF, framleis er lagnaden til 40 personar ukjent. Det kan betyr at dei er gislar i Gaza, eller er døde, men ikkje identifiserte endå.

– Kva skal Hamas med gislane, Erik Skare?

– Hamas vil ha dei som menneskeleg skjold når Israel no trappar opp krigen. Difor har dei truleg spreidd gislane over heile Gaza. Hamas vil også ha ut palestinarane som sit fengsla i Israel. Mellom desse er det mange leiarar i organisasjonen, fortel Skare, som er Hamas-kjennar og Midtausten-forskar ved Universitetet i Oslo.

Den israelske soldaten Gilad Shalit kunne omsider sette sine bein på israelsk jord, etter fem år som fange hos Hamas på Gazastripen. Faren Noam (t.h.), statsminister Benjamin Netanyahu og forsvarsminister Ehud Barak møtte 25-åringen på flybasen Tel Nof tirsdag.

Bytta ein mot 1.027

Ti dagar ut i krigen mellom Hamas og Israel gjekk Khaled Meshaal, mangeårige leiar for Hamas, ut i TV-kanalen Al Araby TV, melder Reuters, og fortalde kva organisasjonen ønskte å oppnå då dei tok over 200 gislar:

Byte dei mot 6.000 palestinarar som sat fengsla i Israel.

Meshal leia Hamas frå 2004 til 2017. I dag er sjef for gruppas såkalla diasporakontor i Qatar.

Sist Israel gjorde ein bytehandel med Hamas var 2011. Då var byteforholdet ekstraordinært.

Soldaten Gilad Shalit, som blei teken til fange i Gaza i 2006, blei sendt heim mot at Israel måtte låse ut 1.027 palestinske fangar frå israelske fengsel.

Dobla talet fangar

Før krigen mellom Hamas og Israel braut ut 7. oktober, hadde Israel låst inn vel 5.200 palestinarar, melder menneskerettsorganisasjonen Addameer, som støttar palestinske, politiske fangar som sit i fengsel i Palestina og Israel.

Tre veker ut i krigen har dette talet meir enn dobla seg, fortel TV-kanalen Al Jazeera.

Israel har arrestert vel 4.000 palestinarar frå Gaza som arbeidde i Israel, og internert dei i leirar, melder Reuters. I tillegg har israelsk politi arrestert over 1.000 palestinarar frå Vestbreidda og Aust-Jerusalem.

Fleire blir arresterte fordi israelsk politi mistenkjer dei for å støtte terror, skriv Reuters.

HAMAS

Avviser utveksling av fangar

Israel har avvist bytehandelforslaget frå Hamas. Regjeringa held fast på at deira mål med opptrappinga av krigen mot Hamas, er å knuse organisasjonen militært og politisk – samt å hente gislane heim

Statsminister Benjamin Netanyahu møtte laurdag representantar for familiane til israelarar som er fangar i Gaza. Han lova to ting:

Ingen fangeutveksling – at IDF skal gjere alt dei kan for å få gislane heim. Det betyr å trappe opp krigen mot Hamas.

Hamas vil ha dei som menneskeleg skjold når Israel no trappar opp krigen

—  Erik Skare, Hamas-kjennar

Skilnad på sivil logikk og militær logikk

– Dette kan betyr døde gislar, kor mange døde gislar kan ein israelsk opinion godta, Hanne Eggen Røislien?

– Det spørsmålet er det heilt umogleg å gje eit svar på. Men la meg likevel prøve. Det er stor skilnad på sivil logikk og militær logikk. Den siste er alltid meir kalkulerande og kynisk.

Hanne Eggen Røislien er Israel-kjennar, og arbeider i forsvarsstaben i Forsvaret.

– Men kan fangeutveksling bli aktuelt?

– Ut frå tilhøva i dag er det politisk heilt uaktuelt i Israel. Regjeringa kan ikkje gå for ei fullstendig øydelegging av Hamas militært og samstundes setje fri 10.000 palestinarar. Men alle som følgjer israelsk politikk veit at det kan komme bråe skifter.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter