Nyheter

Kjem fleire alvorleg sjuke som treng ekstra medisinsk hjelp

LEGEMANGEL OG KRIG: Nesten 220.000 nordmenn mangler fastlege. No legg ukrainske flyktningar ekstra press på helsetenesta. I fleire kommunar er tilhøva kritisk, avdekkjer regjerings-rapport.

Frå Sel kommune i Gudbrandsdalen sender kommuneoverlege Therese Renaa ut eit naudrop, på vegner av kommunehelsetenesta.

– Det er ei krise for oss, fortel ho Vårt Land.

Renaa seier at både lokalpolitikarar og innbyggjarar i Sel ønskjer å stille opp for ukrainske flyktningar som søkjer vern i Norge.

– Men me er ikkje rusta til å handtere dei mange som kjem, anten for å bli busette i kommunen eller bli plasserte på dei to asylmottaka i kommunen.

Ho forklarar at det er ei sak å gje helsetenester til busette flyktningar, noko anna er å dimensjonere helsehjelp til dei som bur på akuttmottaka, for her varierer behov og belegg kraftig. Sel kommune er ikkje aleine.

Pressa kommunar

I ein fersk rapport blir det tegna eit lignande bilete frå resten av Norge.

  • Primærhelsetenesta har kapasitetsproblem i møte med tilstrøyminga av flyktningar frå Ukraina.
  • Det er særleg mangel på fastlegar.
  • I mellomstore kommunar (kring 5.000 innbyggjarar) til store bykommunar (opptil 30.000 innbyggjarar) er tilhøva kritiske.
  • Det kjem fleire eldre og alvorleg sjuke som treng ekstra medisinsk hjelp.
  • Kapasiteten i tannhelsetenesta er pressa.
  • Ukrainske flyktningar har stort behov for tannlegehjelp.

Rapporten er lagt fram av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og gjort av Proba Samfunnsanalyse AS og Advokatfirmaet Lund & Co på oppdrag for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

For å forenkle arbeidet med å ta imot ukrainske flyktningar, vedtok Stortinget i juni 2022 ein mellombels lov med regulering for ei rekke offentlege sektorar: barnevernet, skuleverket, integrering og helsevesenet.

Proba og Lund & Co har fått i oppdrag å utarbeide følgjeevalueringar av dei mellombelse reglane.

Rekordmange skal ut i kommunar

Tilstrøyminga av ukrainarar er det største flyktningutfordringa Norge har handtert i moderne tid. I 2022 og 2023 kom det nesten 72.400 krigsflyktningar til landet.

Til samanlikning kom det vel 31.000 asylsøkjarar til Norge i 2015, og då flest frå Syria.

No har Støre-regjeringa bedt norske kommunar førebu seg på å busetje rekordmange flyktningar: 37.000 i 2024.

Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, har kommunar busett over 50.000 krigsflyktningar.

«Vi skal fremdeles vise solidaritet og ta vår del av ansvaret for mennesker på flukt. Derfor trenger vi at kommunene stiller opp igjen», sa arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) i november.

Oslo 20220306. 
Flyktninger fra Ukraina kom søndag kveld til mottaket på Scandic Helsfyr, etter at de ble hentet med buss på grensen mellom Ukraina og Polen. 
Foto: Terje Pedersen / NTB


Me er ikkje rusta til å handtere dei mange som kjem

—  Therese Renaa, kommuneoverlege Sel kommune

Flyktningane er eldre og sjukare

Fleire forhold set kommunehelsetenesta på prøve, fortel kommuneoverlege Renaa i Sel kommune:

  • Fleire eldre flyktningar, fleire flyktningar som er alvorleg sjuke, fleire barn – alt dette krev ekstra innsats.
  • Samstundes har kommunen to ledige stillingar som fastlege, men det er svært vanskeleg å rekruttere legar til distriktet.

– Dette betyr at me må omprioritere ressursane våre, noko som igjen rammar folk i Sel.

Slit med større traume

Rapporten stadfester tilhøva i Sel:

  • Kommunar melder at det er krevjande å rekruttere kvalifisert helsepersonell.
  • Dei ukrainarane som kjem no «har større behov for helsetjenester enn de som kom tidligere» og dei «har større traume og psykiske utfordringer enn tidligere».

Tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) viser at Sel kommune til no har busett 61 ukrainarar og har gjort vedtak om å busetje 55 nye. I år er kommunen blitt utfordra til å gje hus og heim til 40 nye krigsflyktningar frå Ukraina.

I Sel bur det 5.621, viser siste tal frå kommunen.

I tillegg til å finne tiltak og som bidrar til å fremme et sunt kosthold, har ekspertgruppen fått i oppdrag å finne virkemidler som reduserer sosiale forskjeller, opplyser helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).Foto: Hanna Johre / NTB

Helseministeren erkjenner pressa helseteneste

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) erkjenner problema, i eit brev til Stortinget. Følgjeevalueringa viser, skriv ho, at «kommunar melder om at kapasitet i den kommunale helse- og omsorgstjenesten er en årsak til utfordringer med bosetting. Det er særlig fastlege og tilbud innen psykisk helse som trekkes frem».

Kjerkol ser at «helse- og omsorgstjenestene er presset i mange kommunar», men helseministeren meiner at «dette ikke primært er knyttet til tilbudet til flyktninger».

Det er den generelle kapasiteten som avgjer, melder ho. Akkurat no står opp mot 220.000 nordmenn utan fastlege.

---

Ukraina-flyktningar

  • Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022.
  • Norge tok i mot 35.920 flyktningar frå Ukraina i 2022 og 36.461 i 2023.
  • Sidan februar 2022 er 50.000 ukrainarar blitt busette i norske kommunar.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter