«Antisemittisme er eit virus, det er ingen kur»

– Deborah Lipstadt, hyggjeleg, seier kvinna og rettar fram neven. Grepet er fast, blikket kvast.

Ho er historikar, forfattar og universitetsprofessor. Og eigentleg pensjonist. 77 år, seier fødselsattesten.

Men i 2021 bad USAs president Joe Biden henne svare ja til eit oppdrag:

Bli USAs spesialutsending for å overvake og kjempe ned antisemittisme, med rang som ambassadør.

I dag leiar Deborah Lipstadt arbeidet med å fremme amerikansk utanrikspolitikk for å motverke antisemittisme over heile verda.

Ropte etter rabbinaren på gata

På eit møterom i Oslo forklarar ho kvifor Norge står i reisekalenderen. Ambassadøren kjem med ros.

– Eg ville gjerne komme hit for Norge var langt framom USA i arbeidet med ein nasjonal handlingsplan mot antisemittisme. Då Det kvite hus arbeidde med USAs handlingsplan, kom ein norsk utsending til USA for å fortelje og for å dele dei norske røynslene med ein slik plan, så me er svært takksame.

Når Vårt Land møter sendekvinna har ho vitja Det Mosaiske Trossamfund (DMT), Norges største jødiske forsamling, Holocaustsenteret, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Utanriksdepartementet og Kommunaldepartementet, som har ansvaret for nasjonale minoritetar.

Hjå DMT fekk Lipstadt høyre om norsk kvardagsantisemittisme, av rabbinaren.

– Han gjekk på gata med barnet sitt, sju år gammal. Han fekk ropt noko antisemittisk etter seg.

«Jævla jøde» var orda.

Ambassadør Deborah E. Lipstadt, Special Envoy to Monitor and Combat Antisemitism.

Er ein trussel mot demokratiet

– Kvifor har USA har ein eigen antisemittisme-ambassadør?

– Me opplevde aukande antisemittisme og måtte vedgå at han utgjorde ein trussel. Difor trong med eit kontor for å overvake og kjempe ned antisemittisme.

– USA administrasjon ser på antisemittisme som ein nasjonal trussel, ein internasjonal trussel, ja, ein trussel mot demokratiet og mot stabilitet. Sjølvsagt også ein trussel mot jødar og jødiske institusjonar. Antisemittismen er ein trussel mot demokratiet fordi nokon aksepterer førestillinga om at jødar kontrollerer media, regjeringar, bankar eller kva som helst – og dei som aksepterer dette har gjeve opp demokratiet. Og når jødar byrjar å spørje seg sjølve om regjeringa, styresmaktene eller politiet kan verne oss, så truar det demokratiet.

Deborah Lipstadt hentar fram eit døme frå koronaåra for å illustrere truslane ho snakkar om.

– Det er godt dokumentert at under covidepidemien brukte Russland nettbaserte plattformer til å spreie bodskapar som var både provaksine og antivaksine. Til slutt opplevde dei at amerikanarar skreik til kvarandre, hata kvarandre og retta klagemål mot kvarandre, akkurat slik som planlagt. Eg trur me har liknande tilhøve når det kjem til antisemittisme.

Antisemittisme er eit virus, det er ingen kur, me må stadig vaksinerast. Antisemittisme er det eldgamle hatet

—  Deborah Lipstadt

Eit tilpassingsdyktig hat

– Du omtalar antisemittisme som eit virus som ikkje kan kurerast, kvifor?

– Mange av oss er blitt meir medvitne, på ein personleg måte, på korleis eit virus muterer. Det starta med covidvaksinene. Då sa folk: Eg har fått mine tre vaksinar, eg er ferdig. Men no må me få ei kvart år eller kvar sesong.

– Slik ser eg også på antisemittisme. Antisemittisme er eit virus, det er ingen kur, me må stadig vaksinerast. Antisemittisme er det eldgamle hatet. Nokon vil plassere det i det gamle Egypt, andre i den gamle kyrkja, i Jerusalem eller i Roma osv. Men så migrerer det, blir innebygd i islam, i protestantismen, i sosialismen, i kommunisme, i raseteori. Korleis kan eit hat vere så tilpassingsdyktig? Svaret er den eldgamle naturen.

Rasismen har djupe røter i samfunnet

Ambassadøren hentar fram ein hestesko, dette metallstykket der endane er bøygde nærme kvarandre.

– Du finn antisemittisme langs heile det politiske spekteret, frå langt til høgre til langt til venstre. I hesteskoteorien er det ytterpunkta som møtest. I kommunismen, særleg i Sovjetunionen – og i deira ideologiske restar – var og er ein dyktig til å fremje antisemittisme. Så finn me det same i kapitalistiske land, dei fremjar også antisemittisme. Korleis kan det same hatet komme frå begge kantar? Fordi hatet er tilpassingsdyktig.

– Vil eg kurere viruset, og bli kvitt det? Sjølvsagt. Kan det skje i nær framtid? Eg trur ikkje det. La meg ta eit døme frå mitt heimland. Me vil gjerne bli kvitt rasismen, ja, utrydde han. Men han er djupt forankra i samfunnet.

– Difor, seier Lipstadt, må me gjere folk medvitne på deira rasistiske haldningar, og kjempe dei ned.

SIGER: 11. april 2000, Deborah Lipstadt gjekk sigrande ut av rettssaka i High court i London. Ho vann over Holocaust-fornektaren David Irving, som hadde saksøkt henne.

Kalla han Holocaust-fornektar – og vann

Kamp har Deborah Lipstadt røynsler med. I domstolen.

I 1993 gav ho ut boka Denying the Holocaust om dei mange autoritetane som nekta for at folkemordet på seks millionar jødar hadde funne stad. Mellom dei Lipstadt namngav var den britiske historikaren David Irving, som publiserte revisjonistiske verk om andre verdskrig. Lipstadt omtalte Irving som «ein av dei farlegaste talsmennene for Holocaust-nekting».

Irving svarte med å saksøkje Lipstadt. Han drog den amerikanske professoren for retten i Storbritannia. Britisk injurielovgjeving pålegg nemleg saksøkte å føre prov for påstanden.

Teologen knust historikaren i domstolen. Dommaren slo fast at Irving var ein aktiv Holocaust-nektar, antisemitt og rasist. Punktum.

Avisa The Times hylla dommen og skreiv: «Historia har hatt sin dag i retten og vunne ein knusande siger». Irving prøvde å anke dommen, men blei avvist.

I 2016 kom spelefilmen Denial, som er tufta på Lipstadts bok History on Trial: My Day in Court with a Holocaust Denier. Du finn han på ein strøymekanal.

Leiarar må tale tydeleg

Korleis kan me som nasjon kjempe ned antisemittisme?

– Først og fremst må leiarar, og eg meiner nasjonale leiarar, regjeringsleiarar, utdanningsleiarar, religiøse leiarar, kyrkjeleiarar, universitetsleiarar, altså alle leiarar, tale tydeleg og ikkje bruke eit orsakande språk. For når det kjem til fordommar og fordomsfullt hat, er det ingen «men». Fordomsfullt hat er gale.

– Så må me vere svært forsiktige med å politisere kampen mot antisemittisme. Det går tilbake til hesteskoteorien. Eg har vener på den politiske venstresida, ulike variantar, som ser antisemittisme på den politiske høgresida. Og dei har rett, dei overdriv ikkje. Og eg har vener på den politiske høgresida som ser det på venstresida, og dei har også rett. Problemet er at begge grupper ikkje ser antisemittismen ved sida av seg.

Deborah Lipstadt kjem frå akademia. I kampen mot antisemittisme stolar ho på ordet, på kunnskap.

– Utdanning er viktig. Utdanning om kva antisemittisme er, me må gjere folk medvitne. Difor er handlingsplanar viktig. For heile samfunnet må ta antisemittismen på alvor. Folk må ikkje få seie «å, det angår ikkje meg, eg er ikkje jøde, eg har ingen jødiske slektningar, eg har ingen jødiske naboar». Antisemittisme er ein nasjonal tryggleikstrussel, ein trussel mot demokratiet, ein trussel mot harmonien i demokratiet.

Antisemittisme er ein nasjonal tryggleikstrussel, ein trussel mot demokratiet, ein trussel mot harmonien i demokratiet

—  Deborah Lipstadt

«7. oktober skapte ein tsunami av antisemittisme»

– I Norge kan me snakke om eit før og eit etter 7. oktober når det kjem til antisemittisme, kvifor har me fått dette skilje?

– I heile verda er det eit før og eit etter. 7. oktober skapte ein tsunami av antisemittisme.

– Går det ei tydeleg line mellom kva som er legitim Israels-kritikk og kva som er antisemittisme?

Eg trur det er veldig viktig for folk å forstå at kritikk av israelsk politikk ikkje er antisemittisme. Kritikk av amerikansk politikk er ikkje antiamerikanisme. I Israel er ikkje den mest levande nasjonale idretten fotball, men kritikk av regjeringa. Sjå kva som fyller gatene i Israel, folk som protesterer mot måten krigen blir ført på, som protesterte mot rettsreforma. Desse menneska er ikkje antisemittar, desse menneska er veldig dedikerte israelarar.

– Lina mellom antisemittisme og kritikk av Israel, anti-israelisme eller antisionisme, den lina er blitt trekt opp av handlingane me såg før 7. oktober, og heilt klart etter 7. oktober. Det har vore brenning av synagogar, banking av jødar, trakassering av jødiske studentar på campus i USA, på campus utanfor USA, vandalisering av Holocaust-minnesmerke i Paris, måling av jødestjerner på bygningar, på bustadar der jødar bur – eller trakassering av nokon som går på gata med ein kippa. Som rabbinaren i Oslo.

død

Markerer drapa på 85 personar

– Etter Norge ventar Argentina, kvifor reiser du til dette landet?

Veldig enkelt, for å delta på 30-årsmarkeringa for bombinga av det jødiske senteret i Buenos Aires. Fram til 7. oktober var dette det største angrepet, og det mest verknadsfulle åtaket på ein jødisk institusjon sidan Holocaust.

18. juli 1994 mista 85 menneske livet i ein bombeeksplosjon utanfor eit jødisk senter i Argentinas hovudstad. Alt som var att av den sju etasjar høge bygningen var ein ruinhaug

– Eg reiser fordi dette var ei antisemittisk handling av store proporsjonar. Mange argentinarar, ikkje-jødiske argentinarar, utan jødisk arv, såg på bombinga som eit reelt angrep, som ein trussel mot argentinsk demokrati, som var svært skjørt.

Skremt av norske haldningar

– I Norge er det nyleg publisert ei kartlegging som fortel at 51 prosent støttar fråsegna «Israel behandlar palestinarane like ille som jødane blei behandla under 2. verdskrig», kva seier du til desse haldningane?

– Det er veldig urovekkjande. Du kan drive ein legitim kritikk av Israels politikk, slik mange israelarar gjer. Men å samanlikne det med nazisme er veldig farleg. For det var eit systematisk folkemord, kontrollert av styresmaktene, over eit heilt kontinent.