Nyheter

Var nær å bli ufør, no jobbar Cecilie hundre prosent

ARBEIDSLØYSE: I framtida må fleire ut i jobb, seier regjeringa. Korleis skal ein klare det? Cecilie Høgh veit kva som fungerte for ho.

– Eg hadde vore ufør om eg ikkje hadde fått hjelp, seier Cecilie Høgh då Vårt Land møter ho på Lamberseterhjemmet i Oslo.

Norge står i ei krise. Framover vil veksten i befolkninga stort sett skje hos dei eldre, samtidig vert færre born fødde og fleire av oss står utan arbeid.

Det ventast at innan 40 år vil det vere 700.000 fleire over 67 år. I 2023 fødde norske kvinner 1,4 born i snitt, og sjølv om dette skulle auke i åra som kjem, vil det ikkje bidra til å lette forsørgarbyrden før om lang tid. 24.000 fleire står utan jobb no enn på same tidspunkt i fjor, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Tal frå Nav viser også at fleire unge mellom 20 og 29 år som ikkje er i jobbe eller utdanning aukar.

Men for at samfunnet vårt skal fortsette å gå rundt, må fleire av oss jobbe i framtida. I Perspektivmeldinga regjeringa la fram førre veke sa dei 150.000 fleire nordmenn må ut i arbeid for å løyse problemet. Uføre må jobbe 30 prosent i snitt, ikkje-vestlege innvandrarar må opp i 85 prosent jobb, og sjukefråvær som er meir enn tre månader må ned 20 prosent.

Korleis skal me klare det?

Vårt Land har snakka med ei som gjekk frå sjukemelding til eit arbeidsmarkedstiltak, og som no jobbar hundre prosent.

Utmatta etter pandemien

Høgh er eigentleg utdanna barnepleiar og har i alle år jobba i barnehage. Men, så kom koronapandemien. Høgh fortel at ho vart utmatta og ikkje klarte å jobbe lenger. Målet hennar var å komme tilbake i 20 prosent arbeid.

Lamberseterhjemmet i Oslo.

– Gjennom NAV kom eg i inn i eit tiltak i regi av OsloKollega, og me byrja å kartleggje kva eg kunne tenkje meg å gjere. Eg bestemte meg for å prøve vere i arbeidstrening som resepsjonist på hotell. Det var skummelt å skifte yrke, men eg har fått veldig god støtte, seier ho.

Høgh fekk etter kvart vite at bedrifta også samarbeida med Lamberseterhjemmet. Ho søkte på praksisplass der. Høgh treivst umiddelbart på den nye sjukeheimen og gjorde eit godt inntrykk på dei andre tilsette.

– Me såg fort at Cecilie var ein stor ressurs og hadde mykje å bidra med, seier Randi Kvissel Haugen, prosjektleiar for OsloKollega på Lamberseterhjemmet.

Frå null til hundre

No er Høgh fast tilsett og jobbar hundre prosent.

– Stillinga var ikkje ferdigutvikla, så den har på eitt vis vorte bygga rundt meg, fortel ho.

Lamberseterhjemmet i Oslo.

Høgh gjer mange oppgåver som ikkje direkte er knytt til å vere resepsjonist. Ho har mykje med pårørande å gjere, leverer og pakkar ut mat, bestiller varer til fleire avdelingar, handterer posten og driv med rekneskap.

– Eg elskar jobben min og gler meg til å gå på jobb kvar dag, seier resepsjonisten.

Høgh trekkjer fram god og tett oppfølging, mykje ansvar og at ho har vorte behandla som ein vanleg tilsett heilt frå starten som grunnar til at ho no står i full jobb.

Me inkluderer ikkje menneske ved å samle utanforskap i ei eiga bedrift

—  Hanne Islund

Meiner dei har knekt kode

OsloKollega er ein av dei største arbeids- og inkluderingsbedriftene i Oslo og har eksistert i meir enn 50 år. Dei jobbar på oppdrag frå NAV, og målet til organisasjonen er å hjelpe folk, som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, å stå i eller komme tilbake i jobb.

Lamberseterhjemmet i Oslo.

Ifølgje Andreas Berfenstam, som er dagleg leiar i OsloKollega Utvikling, har dei i seinare tid utvikla ein ny modell for arbeidsinkludering, som dei ser verkar.

I staden for at dei har sine eigne bedrifter, satsar dei no på at folk skal få arbeidstrening ute i eksterne bedrifter. Her på Lamberseterhjemmet samarbeider dei med Sykehjemsetaten om å gjere det mogleg for menneske som står utanfor arbeidslivet å gjere viktige jobbar i helse- og omsorgssektoren.

– Forsking viser at trening på å jobbe i ein lukka arena ikkje fungerer. Så dette er eit strategisk val me har teke over fleire år, og me har turt å vere med på å utfordre dei rammene me har, seier Berfenstam.

Han fortel at dei ser at folk kjem lettare ut i jobb dersom dei har hatt arbeidstrening i ei ekstern bedrift, framfor ei av deira eigne bedrifter.

– Me inkluderer ikkje menneske ved å samle utanforskap i ei eiga bedrift. Då driv me med segregering og ikkje inkludering, seier kollegaen Hanne Islund.

Ho er dagleg leiar i karriereavdelinga i OsloKollega.

Begge snakkar dei om at dei med den nye modellen har knekt ein kode. Dei håpar no å overføre denne modellen som vert brukt på Lamberseterhjemmet til fleire arbeidsplassar og bedrifter så snart som mogleg.

Skapar nye arbeidsplassar

Ifølgje Berfenstam og Islund er ein del av den nye modellen noko dei kallar «jobbsnekring». Det betyr at dei kartlegg kva behov ei bedrift har, før dei spør om bedrifta vil samarbeide. Ofte inneber samarbeidet at det vert oppretta fleire heilt nye stillingar, som skal vere det dei kallar «profesjonsnøytrale».

– Det er viktig at me ikkje gjer slike stillingar om til ei ny utdanning, men at me med jobbsnekringa kan avdekkje nye stillingar som me håpar seinare vert lyst ut av bedrifta. Slik kan menneske i utanforskap som kanskje har vore i desse bedriftene på opplæring, står først i jobbsøkingskøen, seier Islund.

Lamberseterhjemmet i Oslo.

Ho meiner det er viktig å peike på at det ikkje er noko dugnad eller snillisme i dette, men at det handlar om å skape arbeidsplassar til personar som har ein reell nytteverdi for ein arbeidsgjevar.

– Med den utanforskapen me har i dag er me nødde til å tenkje heilt annleis innanfor inkluderingsarbeid, seier Islund.

Resultata etter nesten eit år med prøveprosjekt og 20–30 deltakarar på Lamberseterhjemmet er gode, ifølgje Berfenstam og Islund. Dei ønskjer å skalere opp løysinga til tre andre sjukeheimar i Oslo med mål om at prosjektet skal bidra til å redusere utanforskapet og samtidig vere ei av fleire løysingar på bemanningskrisa i helsevesenet.

– Alle veit at helsearbeidarar har nok å gjere, så ved å få folk inn i jobbar som tek på seg nokre av desse oppgåvene, vil det avlaste helsearbeidarar og samtidig skaffe jobb til fleire som står utanfor arbeidslivet. Desse to sidene er løysinga på kvarandre, seier Berfenstam.

– Det betyr mykje å bli sett

For Høgh var det avgjerande å få hjelp til å ta steget ut att i arbeidslivet, og til å gå ein litt annan veg. Ho trur løysinga kan vere den same for andre, og at det er avgjerande med tett oppfølging i ein jobb der ein kjenner seg som ein ressurs.

– Det betyr mykje å bli sett, seier ho.

---

Arbeidsløyse aukar:

  • I løpet av dei siste 12 månadane blei 306 000 personar arbeidslause, medan 282 000 personar fekk jobb. Det betyr at 24.000 fleire blei arbeidslause samanlikna med året før.
  • Arbeidsløysa i 2. kvartal var på 4,3 prosent.
  • For fyrste gong sidan 2017 aukar no delen unge mellom 20 og 29 år som verken er i jobb eller utdanning med nærare 4000 personar.
  • Ukrainske flyktningar og flyktningsituasjonen generelt påverkar utanforskapstala, men sjølv når ukrainske flyktningar haldast utanfor berekninga, er det ei lita auke i utanforskap.
  • 150.000 fleire må i jobb innan 2030, seier regjeringa i Perspektivmeldinga.

KJELDER: SSB og NAV

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Inger Lise Hammerstrøm

Inger Lise Hammerstrøm

Inger Lise Hammerstrøm er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter