Nei, takk!
Verda over lyder orda. Ti månader etter at Gaza-krigen mellom Hamas og Israel starta, vel fleire å boikotte globale mat- og drikkeprodusentar grunna banda deira til Israel.
To av dei aller største er Coca-Cola og PepsiCo, to amerikanske drikkevaregigantar som knivar om folks drikkevanar på alle kontinent.
Berre to land nektar å servere Coca-Cola, Cuba og Nord-Korea.
No blir cola-gigantane utfordra av tre palestinske brør frå Malmö i Sverige.
Tre brør miksa ein palestinsk cola
I mars var Hussein, Mohammed og Ahmad Hassoun klare med Palestine Cola. Trioen bydde fram brusen i boksar pryda av palestinske symbol; olivengreiner og element frå hovudplagget keffiyeh – samt orda «fridom for alle».
Brusgründerane, som er blitt velståande på bilrekvisita og eigedom, har to mål med drikkesatsinga. Gjere folk medvitne på stoda i Palestina og generere inntekter til hjelpearbeid i Palestina.
Palestine Cola skal vere eit alternativ til dei som ikkje ønskjer amerikansk cola, og han skal gje gode salsinntekter, brusen kom ikkje på marknaden for å fremje boikottar, forklarar produksjonsselskapet til Vårt Land.
Dei som kjem og et hjå meg skal få eit alternativ til dei to store cola-produsentane, Pepsi og Coca-Cola
— Mohamad Belal Al-Hindi, Zitona
Restauranten vil gjerne selje
Ja, takk!
Mohamad Belal Al-Hindi er dagleg leiar på Zitona, ein syrisk restaurant i Oslo.
– Då grossisten min ringde og spurte om eg ville ha Palestine Cola, var svaret ja, sjølvsagt.
– Kvifor?
– Dei som kjem og et hjå meg skal få eit alternativ til dei to store cola-produsentane, Pepsi og Coca-Cola, fortel restaurantsjefen til Vårt Land, og viser veg til bakgarden. Her har Al-Hindi og moskeen, som er nabo til restauranten, eit større lager med palestinsk cola, for drikken er etterspurt.
… og det vil puben også
Ja, takk!
Øystein Elstad er dagleg leiar på Ramp Pub & Spiseri i Trondheim. Også han er glad for å kunne by gjestene ein cola som ikkje kjem frå dei to store, globale produsentane.
– Eg har fått tak i ti brett Palestine Cola, og interessa for drikken er stor, fortel han Vårt Land.
Han forklarar kvifor:
– Me gjev kundane som ikkje vil ha Pepsi eller Coca-Cola eit alternativ. Dei tek eit standpunkt i valet av drikke, det er ei lita sak, men det viser kvar dei står.
Elstad fortel at dei aller fleste har respondert positivt på utvidinga av berrsortimentet.
– Me har berre fått nokre få sure kommentarar i sosiale medium som er for oppgulp å rekne.
På Ramp får kundane framleis Coca-Cola og Pepsi.
Me har produsert kring 25 millionar boksar med Palestine Cola til no
— Mohamed Kiswani, kommunikasjonssjef Safad Food
Har fylt 25 millionar boksar sidan mars
I Malmö får Vårt Land snakke med ein nøgd talsmann for brusseljarane:
– Me har produsert kring 25 millionar boksar med Palestine Cola til no, opplyser kommunikasjonssjef Mohamed Kiswani i Safad Food til Vårt Land.
Han fortel at dei no får på plass distribusjonsavtalar i land etter land, på fleire kontinent.
– Me sel boksane i Sverige og Danmark og er snart på plass i Storbritannia.
– Kva med Norge?
– Palestine Cola får snart distribusjon i Norge også, me må berre få på plass nokre avtalar, seier Kiswani.
Restaurantane, pubane og butikkane i Norge som sel brusen får han via grossistar som handlar i Sverige.
Brus blir til mat og vatn i Gaza
Alle inntektene frå salet av Palestine Cola går til Safad Foundation, stifting eigarane har etablert. Ho har eitt formål, drive langsiktig hjelpearbeid i Palestina, og særleg i Gaza.
– Stiftinga sikrar palestinarar basale tenester som vatn og mat, men styrkjer også menneskerettsarbeidet i Palestina, fortel Kiswani, og legg til:
– 100 prosent av overskotet frå brussalet går til dette viktige arbeidet.
Safad er namnet på byen bestefar til Hassoun-brørne flykta frå i 1948, då staten Israel blei oppretta. Byen ligg nord for Tiberiassjøen.
Etter at bestefaren blei utvist frå Libanon, kom han til Sverige.
Produserer på okkupert land
Kvifor styrer bruskundar unna Coca-Cola og Pepsi?
PepsiCo eig selskapet Sodastream som lenge produserte brusmaskiner i Mishor Adumim, ein israelsk industrisone på den okkuperte Vestbreidda. Etter massivt press flytta Sodastream til Negev sør i Israel, men mange boikottar selskapet og eigaren PepsiCo fordi det framleis har produksjon i Israel.
Palestinakomiteen skriv på eiga heimeside at organisasjonen «vil boikotte brusmaskinen så lenge selskapet med sin virksomhet støtter okkupanten Israel».
Coca-Cola blir kritisert og boikotta fordi selskapet i Israel produserer i og distribuerer brusen ut frå Atarot Settlement Industrial Zone, ein industrisone på Vestbreidda, som Israel har okkupert sidan 1967.
Dette kan vi dessverre ikke kommentere på
— Inger Marie Ingdahl, kommunikasjonsdirektør Coca-Cola Norge
Coca-Cola Norge vil ikkje utdjupe salstal
Vårt Land har spurt selskapa som produserer og distribuerer Coca-Cola og Pepsi i Norge om salet er påverka av Gaza-krigen; om nordmenn kjøper mindre av Coca-Colas og Pepsis brusar?
I Coca-Cola Norge vil dei ikkje svare på spørsmålet. Kommunikasjonsdirektør Inger Marie Ingdahl skriv i ein epost at «dette kan vi dessverre ikke kommentere på».
I Ringnes, som har ansvaret for Pepsis produkt i Norge, svarar presseansvarleg Nicolay Bruusgaard, i ein epost:
«Når vi sammenligner oss mot fjoråret ser vi at Pepsi og Pepsi MAX følger utviklingen for markedet for colabrus for øvrig målt i volum. Pepsi MAX opprettholder også sin posisjon som det største brusmerket innen colasegmentet.»