Nyheter

«Nei-dronninga» Anne Enger er feminist og abortmotstandar

POLITIKK: Senterparti-profil Anne Enger starta si rikspolitiske karriere i Folkeaksjonen mot fri abort.

– Mitt grunnsyn på abort har alltid stått fast: At ein kvar abort er ei etisk konflikt.

Anne Enger sit seinsommarkledd og myser i solveggen. Den erfarne, pensjonerte politikaren gjev sjeldan intervju, men har gjort eit unntak for Vårt Land. Ho vil snakka om eit tema som står henne nær: Abortlova, som no kan bli endra for første gong på nesten 50 år.

Mange kjenner Anne Enger under tilnamnet «Nei-dronninga». Før nordmenn gjekk til urnene og stemte over EU i 1994, hadde ho barka saman i TV-sende debattar med dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland.

Anne Enger har fått stor del av æra – eller skulda, etter kven du spør – for at Noreg ikkje er med i EU.

Men den politiske karrieren hennar starta med kampen mot sjølvbestemt abort.

I dette intervjuet fortel Anne Enger om:

  • rolla ho spela i abortkampen
  • korleis ho etter kvart har komme til å støtta dagens abortlov
  • dei små meldingane ho sender til leiinga i Senterpartiet.
g

Skulle vera heimeverande mor

Året var 1978. Abortmotstandarane var stort sett eldre, kristne menn.

Så entra ei ung trebarnsmor manesjen.

Anne Enger hadde vakse opp i ein kristen familie på eit gardsbruk i Østfold-kommunen Trøgstad. Far var bonde, mor var bonde og kyrkjetenar.

Ho reiste til hovudstaden for å studera ved Diakonhjemmet. Så skulle ho prøva å vera heimeverande mor for ein periode.

– Eg hadde jobba medan dei to eldste barna mine var små. Då barn nummer tre kom, bestemte eg meg for å prøva å vera heime.

Anne Enger justerer på solbrillene.

– Det gjekk eigentleg ganske dårleg. Eg lengta ut igjen.

Eg trur at det eg sa, vart lagt meir merke til. For eg var jo ei ung kvinne og småbarnsmor.

—  Anne Enger

Brukar orda «fri abort», ikkje «sjølvbestemt»

Redninga for ei ung Anne Enger vart Folkeaksjonen mot fri abort.

Aksjonsgruppa vart etablert etter initiativ frå avisa som du no blar i eller les på skjerm. I september 1974 vart Vårt Land trykka i særtrykk som Folkeaksjonens informasjonsavis i 40.000 eksemplar.

Same haust samla gruppa inn over 600.000 underskrifter mot forslaget om ny abortlov.

h

Nokre år seinare vart Anne Enger spurt om å bli sekretariatsleiar for gruppa. Ho takka ja og leia Folkeaksjonen frå sommaren 1978 til 1979. Med tre barn, 60 prosent stilling i Folkeaksjonen, heimekontor og stensilmaskin i kjellaren.

I dag tonar Anne Enger ned betydninga ho har hatt for abortkampen.

– Eg trur ikkje eg betydde noko særleg. Men eg trur at det eg sa, vart lagt meir merke til. For eg var jo ei ung kvinne og småbarnsmor.

Ein ting vil ho likevel ta æra for:

– Eg fekk endra namnet på gruppa. Før heitte den Folkeaksjonen mot selvbestemt abort. Eg meinte det var ei tilsniking. Så eg fekk endra namnet til Folkeaksjonen mot fri abort.

Kva er forskjellen mellom orda?

– Ordet sjølvbestemt undervurderer at det er ei konflikt mellom to interesser.

Inspirert av kristen SV-ar

På 1970-talet studerte Anne Enger til å bli sjukepleiar, sosionom og diakon ved Diakonhjemmet. Møtet med medstudentar var viktige i å forma hennar syn på abort.

– Eg har sjølv aldri vore med på å utføra ein abort. Men eg hugsar skildringane frå medstudentar som hadde vore med på slike inngrep. Det gjorde veldig inntrykk.

Ei viktig inspirasjonskjelde var den kristne sosialisten Otto Hauglin. Hauglin var vald inn på Stortinget for SV, og han var rektor ved Diakonhjemmet medan Anne Enger var student.

I oktober 1974 vart Hauglins stemme avgjerande, då Stortinget stemte ned sjølvbestemt abort.

Støtter dagens abortlov som eit kompromiss

Om Anne Enger vann EU-kampen, tapte ho abortkampen.

Dagens abortlov, som gjev kvinna rett til sjølvbestemming til veke 12, vart vedteken våren 1978. Same året vart Anne Enger tilsett som sekretariatsleiar i Folkeaksjonen mot fri abort.

Anne Enger om abortloven, fotografert utenfor Galleri F15 i Moss.

I dag seier ho at ho støtter dagens abortlov, sjølv om ho eigentleg er kritisk til sjølvbestemt abort:

– Det er avgjerande viktig med politiske kompromiss, for me må leva med etiske konfliktar. I 50 år har det vore brei semje om lova. Det er også viktig for meg at aborttala har gått ned, i tida etter kvinner fekk fri abort til veke 12. Det synest eg er veldig fint.

Ho støttar at dagens abortlov gjev eit aukande rettsvern til fosteret:

– Eg tenker at verdien til fosteret aukar i takt med svangerskapen. Fosteret er spira til menneskeliv, når den spira veks, bør den ha større verdi.

Trur ikkje det blir fleire abortar med ny lov

Det historiske kompromisset om abortlova kan bli endra i nær framtid. Regjeringa har lagt fram eit nytt forslag til abortlov, der retten til sjølvbestemt abort blir heva til veke 18.

Det er Anne Enger kritisk til, og ho er glad Senterpartiet har teke dissens i regjering. Samstundes trur ho ikkje ei endring vil få store konsekvensar.

– Eg trur ikkje at det nødvendigvis blir fleire abortar med ny grense. Kvinner som skal ta dette valet, har vett og forstand. Og i dagens nemnder blir dei fleste abortar innvilga før veke 18.

Ho har printa ut regjeringas forslag til ny abortlov, og teke med til intervjuet. Ho vil peika på noko ho er nøgd med: Sjølve formålsparagrafen.

– Den tek både opp kvinnas rettar, men også fosterets rett til vern. Det avspeglar det etiske dilemmaet som abort er, seier ho og les opp paragrafen:

Loven skal sikre gravide rett til selvbestemmelse, lik rett til abort og tilgang til trygge aborter, og at den gravide ivaretas og gis informasjon, veiledning og støtte. Samtidig skal loven sikre respekten for det ufødte liv og retten til å fullføre svangerskapet.

Statsminister Kjell Magne Bondevik og statsrådene Lars Sponheim , Valgerd Svarstad Haugland og Anne Enger Lahnstein er fornøyd  etter 100 dager  med sentrumsregjering. (Foto: Terje Bendiksby, NTB Pluss)

Lang karriere i politikken

Anne Enger møter Vårt Land på Jeløya utanfor Moss. Herfrå kan 74-åringen skoda utover ytre Oslofjord, og over mot åsen der huset hennar ligg.

Engasjementet hennar i Folkeaksjonen mot fri abort vart kanskje eit springbrett inn i politikken. Ho kan sjå tilbake på ein imponerande CV:

  • Stortingsrepresentant frå 1985 til 2001
  • Leiar for Senterpartiet frå 1991 til 1999.
  • Kulturminister, fungerande statsminister og fungerande olje- og energiminister i Bondeviks sentrumsregjering.
  • Fylkesmann i Østfold frå 2004 til 2015.
  • Innstilt som ein av tre kandidatar til å bli ny leiar for Kyrkjerådet i 2016. Ho tapte mot Kristin Gunleiksrud Raaum.
  • Leiar av fleire offentlege utval, mellom anna Likelønnskommisjonen i 2008.

I dag er ho medlem i Nobelkomiteen, der ho er vald på ny for perioden 2021–2026.

h

Ville grunnlovsfesta liv frå unnfangelse

I 1995 skapte Anne Enger abortdebatt på Stortinget. Då la ho fram eit forslag om å grunnlovsfesta vern om liv frå unnfangelse til død.

Det skapte stor furore. Ap meinte forslaget langt på veg ville erklæra abortlova for ulovleg. Anne Enger møtte også motbør i eige parti.

Forslaget la ho fram saman med John Alvheim frå Framstegspartiet og Kristeleg Folkepartis Kåre Gjønnes. Der foreslo dei mellom anna:

Menneskeverdet skal være ukrenkelig. Enhver har rett til liv og legemlig integritet fra unfangelse til naturlig død.

Anne Enger hevda på den tida at forslaget ikkje ville påverka abortlova. Forslaget vart stemt ned med 99 mot 31 stemmer i Stortinget.

Sidan Anne Enger forlét rikspolitikken, har KrF-representantar lagt fram liknande grunnlovsforslag ved fleire høve.

Feminist? Ja visst!

Med seg til intervjuet har ho teke med sjølvbiografien Grønn dame – rød klut, frå 2001.

Ho legg ikkje skjul på at ho lener seg mot venstresida i politikken. I 2021 sa ho til Vårt Land at ho støtta at Senterpartiet skulle ta med SV i regjering saman med Ap.

Ho seier ho er grunnleggande feminist, sjølv om ho ikkje opplever det som naturlig å bruka uttrykket.

h

– Har det vore vanskeleg å vera både feminist og skeptisk til sjølvbestemt abort?

– Ja, sett utanfrå er det vanskeleg. For meg er det ikkje. Eg har vore svært fortruleg med mitt eige standpunkt til abort.

Ho peiker på kvinnerørsla som ein viktig alliert i EU-kampen på 1990-talet.

– Eg har stor respekt for mange i kvinnerørsla. Men eg synest dei kunne vore meir opne om den etiske konflikten som er rundt abort, seier ho og smiler.

– Det er heilt greitt, eg synest eg me kan vera ueinige, då.

Frå over 16 prosent i val til 6 prosent på målingar

Intervjuet går mot slutten. Anne Enger skal snart setta seg inn i bilen og køyre dei ti kilometrane til huset hennar der fuglehunden Bruno ventar.

Heilt på slutten spør Vårt Land om Sp-dronningas forhold til eige parti i dag. Under hennar leiing nådde Sp til rekordhøge 16,7 prosent i stortingsvalet i 1993. I dag ligg partiet på 6-talet på meiningsmålingar.

g

– Er du framleis med i Senterpartiet?

– Ja.

– Vil du seia noko om korleis du synest partiet har utvikla seg?

– Heile mitt vaksne liv har vore prega av partiet. Det er eg takksam for. Så er eg ikkje einig i alt dei gjer. Sånn er det, det er sikkert mange som ikkje var einig i det eg gjorde som partileiar heller.

Ho smiler og vedgår at ho tillèt seg sjølv å «sende små meldingar» til partileiar Trygve Slagsvold Vedum og parlamentarisk leiar Marit Arnstad «når jeg syns det blir for gærent».

– Og eg sende ei hyggeleg melding og takka for at Sp ville ta dissens i regjering mot ny abortlov.

– Korleis kan Sp gjera det betre til neste val enn dei gjer på målingar?

– Det synest eg dei må finna ut sjølv. Eg har hatt mi tid og gjort min jobb.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter