Nyheter

– Hamas er sterkt militært svekkja, men ikkje utsletta

GAZAKRIGEN: 42.000 er døde. Krigen mot terroristane har rast i eitt år. Hamas er svekka, ikkje knust. Den nye leiaren ønskjer ikkje fred no.

«Eg blei ringt opp av fetteren min, Nir, som sa at terroristar prøvde å bryte seg inn i huset deira. Dei kom seg ikkje inn, så dei brann ned det trygge rommet.»

Det er Ella S. som fortel kva som skjedde den sjuande dagen i oktober 2023.

Krigarar frå Gaza tok seg inn i kibbutzen Beeri, sør i Israel. Dei klarte ikkje å nå Ella og familien. Dei tok familien til Nir.

Søskenparet Raz Elipsur og Adi Clinton oppretta ei eiga side for vitneprov, October7.org. Det er her Ella S. fortel kva som skjedde då krigarane frå Hamas kom, ved daggry.

Tre forteljingar gjekk i knas

Før 7. oktober hadde Israels regjering tre forteljingar til folket.

Hamas-leiinga i Gaza var avskrekka.

Israels etterretning ville oppdage eit kvart åtak på landet, frå Gaza.

Israels forsvar ville raskt slå ned alle Hamas-åtak.

7. oktober blei lovnadane knuste. 7. oktober rulla, gjekk, flaug kring 3.000 menn under våpen inn i Israel, frå Gaza. Hamas-krigarane drap om lag 1.200 menn, kvinner, barn, eldre, sivile, soldatar.

Med seg tilbake til Gaza tok dei kring 240 gislar, mellom dei 30 barn.

gaza

Bomma på tre mål

Hamas sjokkerte ei heil verd då krigarar frå deira Qassam-styrke i Gaza utførte lynåtaket på Israel.

Men eitt år seinare er resultata magre, fortel Erik Skare til Vårt Land. Han er Midtausten-forskar ved Universitetet i Oslo og Hamas-kjennar.

– Eitt er sikkert, Hamas` har ikkje oppnådd mykje sidan dei gjekk til åtak på Israel 7. oktober. Den israelske blokaden blir ikkje letta, palestinske fangar i israelske fengsel blir ikkje sette fri, og dei er heller ikkje nærare å få på plass ein framforhandla, palestinsk suveren stat.

– Om noko så var 7. oktober ei feilkalkulering frå Hamas` side i den grad dei vona at det ville tenne gnisten på eit opprør på Vestbreidda og at motstandsaksen med Iran og Hizbollah ville hive seg med på deira side.

– Og no kan Israel klare å dreie vekk verdas merksemd mot Gaza med krigen i Libanon.

– Kvar ein Hamas-leiar er ein død mann

Åtaket kalla Hamas for Operasjon al-Aqsa-storm og kom dagen etter 50-årsdagen for Yom Kippurkrigen i 1973.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu svarte med å erklære Hamas krig og lova å knuse organisasjonen som er terrorstempla av EU og USA.

Netanyahu kunngjorde samstundes at «kvar ein Hamas-leiar er ein død mann». Etter 365 dagar med krig er målet delvis nådd.

Den politisk leiaren Ismail Haniyeh og leiaren av Hamas’ militære fløy, Mohammed Deif, er begge drepne.

Men kostnadane er enorme. Snart 42.000 menneske er døde i Gaza.

gaza

Hamas-leiaren i Gaza kleiv opp på makttoppen

Netanyahus lovnad om å knuse Hamas er ikkje innfridd.

– Hamas er sterkt militært svekkja, men ikkje utsletta. Hamas har også tidlegare vist at dei har evna å byggje seg opp att etter harde slag, seier Erik Skare.

Drapet på Ismail Haniyeh, truleg utført av Israel, bana veg for Yahya Sinwar, Hamas` leiar i Gaza. Krigen har ført han til makttoppen i Hamas.

Yahya Sinwar er fødd i Khan Yunis i Gaza. Hans CV er brutalt raud. Han grunnla Hamas` tryggingsteneste som jaktar palestinarar som er mistenkte for å samarbeide med Israel. Sinwars innsats gav han kallenamnet Slaktaren frå Khan Yunis. Han har også bygd opp Hamas` væpna styrke, Qassam-brigadane.

Viftar ikkje med kvite flagg

Sinwar, som skal vere arkitekten bak 7. oktober-åtaket, har ikkje vore villig til å inngå fredsavtale med Israel. Han er villig til å ofte palestinarar i tusental i Gaza, for å vende verdsopinionen mot Israel.

– Ved å velje Yahya Sinwar viser Hamas at dei vil halde fram den væpna kampen mot Israel, og ikkje ta ein meir fredeleg, diplomatisk posisjon, sjølv etter eit år med krig, seier Skare.

– Kva oppslutning har denne strategien i Gaza?

– Det er det vanskeleg å seie noko presist om. Meiningsmålingar er blitt utførte, dei viser stabil oppslutning om Hamas, men det heftar metodiske utfordringar ved målingar gjort i Gaza siste år.

– Korleis påverkar krigen i Libanon Hamas?

– Dei får eit pusterom som dei vil bruke til å byggje seg opp att.

Over 41.500 mennesker er drept i israelske angrep på Gazastripen det siste året, flertallet av dem barn og kvinner, viser navnelister fra palestinske helsemyndigheter. Foto: AP / NTB

Gaza bomba til ein feila stat

Då Hamas blei skipa i 1989 var det overordna målet klart: Utslette staten Israel.

Charteret blei revidert i 2017, men krev framleis «frigjering av heile Palestina».

Snart 365 dagar med krig har øydelagt Gaza. Som var hardt mishandla før 7. oktober 2023.

1,9 millionar menneske, eller 90 prosent av befolkninga i Gaza, er internt fordrive.

1,2 millionar barn har behov for psykisk helse- og psykososial støtte som følgje av krigen.

To tredeler av alle bygg er anten heilt eller delvis øydelagde.

Matmangelen er akutt, 68 prosent av alle avlingar er monaleg reduserte.

Vener som ikkje sviktar

Men to land står ved Hamas` side, og vil ikkje slå handa av organisasjonen, seier Erik Skare.

– To land har støtta Hamas lenge, og dei vil halde fram med å yte støtte, Iran militært og Qatar politisk og økonomisk.

---

Krigen i Gaza

  • Talet på palestinarar som er drepne i israelske åtak på Gaza, sidan 7. oktober 2023, passerer snart 42.000, melder Hamas-kontrollerte helsedepartementet.
  • Israels militære, IDF, opplyser at kring 15.000 av dei døde er Hamas-krigarar.
  • Snart 97.000 palestinarar i Gaza er meldt såra.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

Mer fra: Nyheter