Nyheter

Kyrkjemusikkutdanninga ved NTNU vert lagt ned: – Dramatisk

NEDLEGGING: Det er no vedtatt at NTNU ikkje lenger skal utdanne organistar og kyrkjemusikarar. Tilsett ved utdanninga på NTNU meiner me er i ei «kyrkjemusikarkrise» og håpar politikarar forstår dramatikken.

– Eg tenkjer at dette er ganske dramatisk for samfunnet og for Den norske kyrkje. Eg trur ikkje alvoret har gått heilt opp for verken kyrkja eller politikarane enno, seier Knut Størdal til Vårt Land.

Han er fagkoordinator for kyrkjemusikkutdanninga ved Institutt for musikk ved NTNU.

Knut Størdal er fagkoordinator ved kyrkjemusikkutdanninga ved NTNU.

Marknaden treng ny arbeidskraft

Størdal seier at me har ein situasjon no, der mange av dagens kyrkjemusikarar snart kjem til å gå av med pensjon, og dermed ein marknad som skrik etter ny arbeidskraft.

– For kvar norsk kyrkje skal det vere tilsett ein kyrkjemusikar, seier han.

Størdal seier at kyrkjemusikarane er dei som er i mest i direkte kontakt med lokalmiljøa, og han trur kyrkja dermed vil miste eit viktig kontaktpunkt her.

Fraus opptak

I vår skreiv Vårt Land om korleis NTNU fraus opptaket av studentar i orgel- og kyrkjemusikk, og korleis studiet stod i fare for å bli lagt ned grunna få elevar og dårleg økonomi. Då gjekk også NTNU-topp ut og bad Den norske kyrkja ta ansvar og ein del av rekninga.

– Me treng fleire som er med på ta ansvaret og rekninga for å utvikle og sikre utdanninga av kyrkjemusikarar. Då tenkjer eg på Den norske kyrkje, sa Nora Bilalovic Kulset ved NTNU til Vårt Land då.

Meiner det trengst nasjonal dugnad

Størdal peikar på at økonomien i universitetssektoren er dårlegare enn nokon gong, og at finansieringssystemet i dag ikkje subsidierer kostbare utdanningar. Kyrkjemusikkutdanninga er eit eksempel på ei utdanning som krev meir økonomi enn andre utdanningar, ifølgje Størdal.

– Dei som kan gjere noko med dette er politikarane, som må leggje til rette for finansiering av slik utdanning. Dette gjeld kunstfaga generelt, seier Størdal.

Han meiner det trengst ein nasjonal dugnad for kunstfaga og kyrkjemusikken.

– Eg håpar verkeleg Kyrkjerådet og Den norske kyrkja kjenner si besøkstid, og står i kampen med oss. Me treng at dei løftar saka politisk, og at Stortinget og regjeringa forstår dramatikken. Eg har trua på at me kan få til dette dersom me løftar i lag, seier han.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter