– Her har ingen journalistar fått komme inn, før no.
I lette klyv stig Dagfinn Høybråten opp på stabburshella, finn fram hengelåsnykkelen og opnar døra til rommet han har svært kjært.
Stabburet på Høybråten gård rommar ikkje lenger vinterforråd av mjøl, slik det gjorde då besteforeldra dreiv bruket i skogen på Nesodden.
– Her har me eit lite kapell.
Generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp (KN) kveikjer to stearinlys, set seg på ein stol og fortel at gardskapellet fyller ein viktig funksjon i livet hans.
– Det er ein kraftstasjon.
Styrken han går ut frå kapellet med trengst. Akkurat no er det krig og rykte om krig i svært mange av landa hjelpeorganisasjonen arbeider i. Sudan. Palestina. Libanon. Ukraina.
– Å leie Kirkens Nødhjelp er, og har alltid vore, krevjande. Men eg trur ikkje eg overdriv når eg seier at den tida me har akkurat no, kanskje er den mest krevjande i Kirkens Nødhjelps historie.
Trivst i framskotne posisjonar
Dagfinn Høybråten er på oppløpssida. Han skimtar yrkeslivets målsegl. Han skal bryte det over nyttår, vel 40 år etter at han fekk smaken på framskotne posisjonar, som formann i KrFU, eit verv han vann etter kampvotering.
CV-en hans er spekka med jobbar og verv der orda formann, leiar, direktør, statsråd, president og generalsekretær går att.
– Kvifor er dette blitt din livsgjerning?
– Det ligg nok i meg, at eg likar å ha slike roller. Eg har vore tiltrekt av dei.
Han veit kvar det starta. Som elev på Kristeleg Gymnasium i Oslo fekk han den aller første leiaropplæringa, han blei leiar av skulelaget.
– Så tok politikken meg.
I KrF-åra blei han KrFU-leiar, statssekretær, stortingsrepresentant, stortingsvisepresident, partileiar, statsråd.
Har eit kall som er urokkeleg
Sidan 2019 har Dagfinn Høybråten leia ein hjelpeorganisasjon som tel omsetjinga i milliardar.
– Me er avhengig av tillit, me er avhengig av støtte, både frå store institusjonelle gjevarar som Norad, Utanriksdepartementet, EU, FN – og frå einskildpersonar i Norge. Me har aldri hatt fleire faste gjevarar enn no. Det er ei sterk stadfesting på at me gjer ein viktig jobb.
– KN er ein organisasjon som er avhengig av at dei i front evnar å leggje øyra til bakken for å lytte til styringssignala frå dei som løyver mest støtte – har du vore særskilt flink?
– Det trur eg ikkje eg kan seie. Dette er eit lagarbeid.
Høybråten stoppar opp, etter eit sekundsveip summerer han opp kva perspektiv han har på toppleiarjobben.
– Som det står i ei engelsk omsetjing av Jesaja 58, og som er eit ord som har følgt meg gjennom livet: «I am spending myself on behalf of the poor». Altså, eg brukar det eg har lært, det eg er blitt utrusta med og det eg har erfart gjennom livet, på dei fattige i verda. Det betyr at her ligg det eit kall for meg, som ikkje kan bli overstyrt av politiske signal.
Eg brukar det eg har lært, det eg er blitt utrusta med og det eg har erfart gjennom livet, på dei fattige i verda
— Dagfinn Høybråten
Dyrebar lærdom frå besteforeldra
Farfaren vona at eldste barnebarnet, odelsguten på Høybråten, skulle bli bonde. For sonen fann vegen til akademia, blei veterinær – og politikar. I KrF.
Unge Dagfinn var med iver med i gardsstellet, gjekk i fjøset midt på natta, tok i mot grisungar, fora kyr og hestar morgon og kveld, henta inn egg – hjelpte gjerne besteforeldra som dreiv garden.
To ord definerer farfaren og farmora, fortel han vandrande over gardstunet.
– Det var gudsfrykt og nøysemd.
Dagfinn Høybråten opnar døra til fjøset, fortel kva inntrykk det gjorde på han som ung å høyre faren fortelje at farmora hadde ein fast bønestad der inne. Her knelte ho når fjøsstellet var unnagjort. Her snakka ho med Gud.
Odelsguten tok med seg trua då han reiste, til universitetet, til politikken, til leiarjobbane.
Bonde blei han ikkje. Men til Høybråten flytta han.
Snakkar om den himmelropande uretten
– Dersom me flyttar oss til Midtausten, ein region KN har vore lenge. Over eit år med krig i Gaza, korleis har det påverka ditt synspunkt på den israelsk-palestinske konflikten?
– Blir ein ikkje blir påverka av det som skjer i Midtausten no, då er ein på autopilot. For meg, i det oppdraget eg har i Kirkens Nødhjelp, er det først og fremst å utøve ei humanitær rolle i ein krigs- og krisesituasjon.
Høybråten løfter fram dei yngste, dei det er flest av i Gaza, barn og unge. Uretten som råkar dei kallar han himmelropande.
– Barna har ikkje gjort anna enn å bli fødde på feil stad til feil tid. Dei blir såra. Dei blir drepne. Og det eg ikkje forstår i den heimlege diskusjonen, er at det er mogleg å sjå ein annan veg, sjå vekk frå det, ikkje ta det innover seg.
Blir ein ikkje blir påverka av det som skjer i Midtausten no, då er ein på autopilot
— Dagfinn Høybråten
Ber lågmælte kyrkjeleiarar snakke høgare
– Kven er det som ser ein annan veg?
– Eg synest kyrkjene generelt har vore veldig tause når det gjeld lidingane som rammar sivilbefolkninga.
– Skal kyrkjeleiarar, frå ulike kyrkjer, rope høgare?
– Dersom ein står på det synet som styrer alt mitt engasjement, at mennesket er uendeleg verdifullt, og at alle har same verdi, altså det kristne synet på mennesket, dersom ein står for det, burde det ikkje vere mogleg å teie. Det burde ikkje vere mogleg å sjå ein annan veg når menneskeverdet blir krenka, noko som til dei grader skjer i denne konflikten.
Høybråten forklarar at ein kan ha ulike syn på politikken, også ulike syn på historia og kvar ein ønskjer konflikten skal ende.
– Men det å ikkje engasjere seg når menneskeverdet blir krenka, det forstår eg ikkje.
Refsar retorikken til regjeringa
For andre år på rad viser tal frå Norad at det er stillstand i fattigdomsutviklinga. Verda er no fullstendig ute av kurs til å nå FN-målet om å utrydde ekstrem fattigdom innan 2030.
Rundt 700 millionar menneske levde i ekstrem fattigdom i 2023, fortel Norad-rapporten.
Eller: Dei har mindre enn 22 kroner dagen å leve for, justert for kjøpekraft.
I Norge svarar Støre-regjeringa med å leggje fram eit bistandsbudsjett, for tredje år på rad, som ikkje innfrir stortingsforliket som seier éin prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) til bistand.
– Det er Norges ambisjonsnivå i høve til verdas fattige me snakkar om. Skal Norge, som har tent 2.000 ekstra milliardar på krigen i Ukraina, vere det landet som seier «me må kutte i Afrika, me må kutte på utdanning, me må kutte på helse, me må kutte på sivilsamfunnet – fordi me har så dårleg råd»?
Me seier at me må ta 4,5 milliardar kroner frå bistandsbudsjettet og betale rekningar for flyktningmottak i Norge, så dårleg råd har me
— Dagfinn Høybråten
Blir spurt «skal Norge òg svikte no»?
Høybråten trekkjer pusten:
– Me seier at me må ta 4,5 milliardar kroner frå bistandsbudsjettet og betale rekningar for flyktningmottak i Norge, så dårleg råd har me.
Høybråten er sikker på konsekvensane:
– Statsministeren, regjeringa og Norge taper vørdnad ute i verda. Eg får spørsmålet, på reiser, «skal Norge òg svikte no»? For det er kutt i Sverige, i Nederland og i Tyskland, til og med.
Testar viser kva han er sterk på
Dagfinn Høybråten har røynsle med å vere sjef for mange, som rådmann, trygdedirektør, partileiar, statsråd, generalsekretær i Nordisk råd og til sist i KN.
– Du har gjennomført ei rekkje personlegdomstestar for å få slike jobbar, kva har dei vist om dine sterkaste sider?
– Dei har vist at eg har eit strategisk blikk, og det er både ein styrkje og ein veikskap. Eg tenkjer ofte fleire steg framover, eg handlar ofte med tanke på framtida, for det handlar om å ta avgjerder i rett tid, men òg om å føreseie kva som kan gå gale.
– I løpet av den lange leiarkarrieren, har det hendt at du har gått tilbake til nokon og bedt om orsaking?
– Ja. Det kan vere ting som har blitt sagt i ein augneblink, du høyrer jo at eg har eit engasjement, og det hender at det tippar over, av og til. Nokre gonger blir ting oppfatta på ein annan måte enn dei var meinte. Då må ein be om orsaking.
Eg tenkjer ofte fleire steg framover, eg handlar ofte med tanke på framtida, for det handlar om å ta avgjerder i rett tid, men òg om å føreseie kva som kan gå gale
— Dagfinn Høybråten
Måtte sove med alarmknapp
Høybråten som har levd eit yrkesliv godt synleg, langt framme på den offentlege scenen, fortel at i fasar av leiarlivet har trykket vore veldig høgt.
– Angrepa har av og til gått over i personleg hets. Då har eg i ettertid tenkt: Var det verdt det? Og eg veit at det ikkje berre er eg som har betalt ein pris. Dei rundt meg har òg betalt ein pris. Dei seier sjølve at dei ikkje har tatt skade av det, men det har vore krevjande.
Då helseminister Høybråten arbeidde med å gje landet ein røykjelov – som alle takkar han for i dag, nesten – fekk han drapstruslar. Brått stod politiet på tunet. Livvakter blei faste følgjesveinar.
Sjølv sov han med alarmknapp på nattbordet.
Kyrkjer vurderte å trekkje seg ut av KN
Ein av Norges minst reviderte lover får no totaloverhaling. Støre-regjeringa skal lose ein ny abortlov gjennom Stortinget.
Striden står om kvar grensa for sjølvbestemt abort skal gå.
Då Dagfinn Høybråten tok kommandoen i Kirkens Nødhjelp i 2019, hadde det vore abortbråk i organisasjonen. Generalsekretæren sjølv brukar mildare ord.
– Ei tid før eg tok over hadde det vore uro rundt abort. Fleire av våre oppdragsgjevarar, kyrkjene, vurderte å trekkje seg ut.
Bakgrunnen var eit utspel frå dåverande generalsekretær i Vårt Land i 2017
«Å tro at et forbud bidrar til at abortar ikke skjer, er kunnskapsløst, og denne holdningen tar fleire menneskeliv (...) All erfaring viser at tallet på døde går ned når abort blir legalisert og skjer under kontrollerte former», sa Anne-Marie Helland.
Kirkens Nødhjelp meiner at abort er eit vonde, men eit nødvendig vonde i visse tilfelle
— Dagfinn Høybråten
«Eg har ikkje kryssa nokre raude liner»
– Har du endra abortstandpunkt som KN-general samanlikna med då du var helseminister for KrF?
– Du må hugse at eg har vore helseminister, med ansvar for alle. For meg personleg har eg ikkje kryssa nokre raude liner. Eg har ikkje endra standpunkt, men eg har heller ikkje funne det vanskeleg å forvalte den politikken KN hadde då eg kom, og som me framleis har.
– Som seier?
– Kirkens Nødhjelp meiner at abort er eit vonde, men eit nødvendig vonde i visse tilfelle.
– Det er viktig at kvinner har tilgang til trygge abortar, men endå viktigare er det å førebyggje abortar og ta vare på liv der det er mogleg. Dette er essensen i vår haldning, og det er konsistent med kva eg sjølv står for.
Tek telefonen når det er strid i KrF
Sidan han gjekk ut av partipolitikken i 2013 for å bli generalsekretær i Nordisk ministerråd, så i KN, har Dagfinn Høybråten vore lågmælt om stridane som har herja partiet hans.
– Så spør du meg om kva eg synest om stoda i det gamle partiet mitt, så svarar eg: eg følgjer med. Eg tek telefonen når han ringjer. Og eg bryr meg, men eg blandar meg ikkje, dersom du forstår nyansen.
– Det er klart at når du har lagt ned så mykje av livet ditt i eit slikt arbeid, så bryr du deg når det går dårleg.
– Ringjer du?
– Nei, det skal mykje til.
Vonar Stortinget tek oppgjer med mørk historie
Ein telefonoppringing overraska Dagfinn Høybråten. Men han er glad for at Stortinget kontakta han med spørsmålet «vil du leie sannings- og forsoningskommisjonen»?
Høybråten seier han får vere med, på vegner av storsamfunnet, å ta eit historisk oppgjer med ein mørk del av historia.
Overgrepa som ramma urfolket samane og minoritetane kvenar og skogfinnar.
No set Høybråten si lit til at Stortinget, i haust, vil setje inn støyten der skadane er størst – om ein verkeleg vil reparere og forsone.
Seier Storting og regjering har svikta
– Det handlar særleg om språk og kultur. Ein kan jo starte med å oppfylle dei rettane urfolket og minoritetane allereie har etter dagens reglar.
Adressatane for kritikken er tydeleg: Stortinget, regjeringa.
Kommisjonsleiar Høybråten har også sterk tru på eit tredje tiltak. Han vil ha eit forskings- og formidlingssenter, for urfolket og dei nasjonale minoritetane, lik det staten oppretta etter jødeoppgjeret – HL-senteret.
Arbeider med manus til ny bok
Rett innom inngangsdøra i kårbustaden har Dagfinn Høybråten bibliotek og skrivestove og ein vegg foto frå livet i det offentlege rommet.
I ei mappe på skrivebordet ligg eit manuskript.
– Er dette eit avskilsintervju, eit farvel til det offentlege livet?
– Nei. Eg trivst med praktisk arbeid på garden - så det blir det nok meir av. Sjølv om eg ikkje lenger skal vere toppleiar, vil eg gjere nytte for meg også på andre måtar; styrearbeid, foredragsverksemd og så kjem det ei bok til våren. Eg vil gjerne dele røynslene mine med andre.