– Eg ser at det tikkar inn nye underskrifter heile tida. Det er valdsamt, langt meir enn det me såg for oss, seier Morten Dahle Stærk, generalsekretær i Menneskeverd.
Forrige fredag rundt klokka 15 delte Menneskeverd eit opprop mot ny abortgrense til medlemmer og følgarar på Facebook. Rundt eit døgn seinare hadde kampanjen til organisasjonen fått inn 14.507 underskrifter.
Onsdag, klokka 17, hadde over 39.500 personer signert oppropet.
I desember skal Stortinget stemma over ny abortlov. Forslaget om å utvida abortgrensa til veke 18 ligg an til å bli vedteke, men marginane er usikre. Stemmer frå enkeltrepresentantar kan bli avgjerande.
– Responsen på kampanjen vår viser at abortlova engasjerer breitt. Dette må politikarane på Stortinget ta på alvor. Målet vårt er å påverka politikarar som er usikre på kva dei skal stemma, seier Stærk.
Responsen på kampanjen vår viser at abortlova engasjerer breitt. Dette må politikarane på Stortinget ta på alvor.
— Morten Dahle Stærk, generalsekretær i Menneskeverd
Menneskeverd er ein organisasjon som jobbar for å styrka vernet om menneskelivet frå befruktning til naturleg død.
– Ein stille majoritet er kritisk til å utvida abortgrensa
Underskriftskampanjen er delt av ei rekke kristenprofilar. Mellom dei er Thomas Neteland, forkynnar, lovsongartist og kommunikasjonsleiar i Pinsebevegelsen i Noreg.
– Dette er noko av det viktigaste som skjer i politikken i Noreg akkurat no. Abort er eit betent tema, med ein stille majoritet som er kritisk til å utvida abortgrensa, seier han til Vårt Land.
Han seier han prinsipielt er mot abort, men at han ser at land treng regulering av abort og abortgrenser.
– Ein treng ikkje vera kristen for å forstå at å utvida abortgrensa til veke 18 er absurd.
Neteland har delt ein video på sine eigne kanalar der han går ut mot ny abortlov.
I videoen stiller Neteland spørsmålet: «Kva er eit foster? Enten så drep vi 12.000 menneske kvart år i Norge, eller så gjør vi ikkje det».
3. desember er en skjebnedag for ufødte, norske barn. Si nei til fri abort frem til halvgått svangerskap. abortgrensen.no
Publisert av Thomas Neteland Onsdag 13. november 2024
Kampanjen er også delt av Morten Magelssen, som sat i regjeringas abortutval. Utvalet gjekk inn for å utvida abortgrensa, men Magelssen tok dissens.
Farmen-Røinås: Kampanjen signaliserer håp
Mellom andre kristenprofilar som har delt kampanjen på Facebook, er Cecilie Marie Røinås, podkastvert og deltakar på TV-programmet Farmen.
– Denne saka er viktig for meg fordi dei ufødde barna er både skapt og høgt elska av Gud. Underskriftskampanjen er viktig fordi den signaliserer håp om endring i landet vårt, seier Røinås til Vårt Land.
Ho seier at fleire kvinner har fortalt henne historier om at dei sørger etter å ha teke abort.
– Det knuser meg å tenka på alle barna som ikkje har fått moglegheita til å veksa opp fordi me har teke livet av dei.
2.500 underskrifter til støtte for ny grense
Menneskeverd har oppretta ei eiga nettside – abortgrensen.no – der folk kan signera på oppropet mot ny abortgrense. I oppropet skriv Menneskeverd at «Forslaget fjerner rettsvernet til fosteret nærmere halvveis inn i svangerskapet og peker ikkje på noe alternativ for de kvinnene som i dag er beskyttet av lovverket.»
Kampanjen vart oppretta torsdag denne veka, men vart først delt offentleg fredag ettermiddag. Før fredag ettermiddag hadde kampanjen fått inn nokre hundre underskrifter, seier Morten Dahle Stærk i Menneskeverd.
I starten av veka la Kvinnebevegelsens abortutvalg (KA) ut ei underskriftskampanje til støtte for ei utviding av abortgrensa. Den blir støtta av mellom anna Sanitetskvinnene, Sex og Samfunn og Kvinnegruppa Ottar. Laurdag ettermiddag hadde denne fått rundt 2.500 underskrifter.
Endringslogg: Oppdatert torsdag 14. november med nye tal.