Etter meir enn 13 år med død, undertrykking og øydelegging ringjer kyrkjeklokker håpefullt i syriske kyrkjer.
– Sist søndag var kyrkja full, seier Jacques Mourad til Vårt Land.
Han er biskop i den syrisk-katolske kyrkja i byen Homs.
Kyrkjene i fleire syriske byar vitne til ei merkverdig auke i talet personar som tok del i søndagsgudstenesta, utan tilfelle av restriksjonar og truslar, følgje Catholic News Agency.
Feirar fridommen
Biskop Mourad skildrar folk som tok til gatene for for å uttrykkje glede over regimet som fall den 8. desember. Framleis feriar det syriske folket fridommen, seier han.
– Alle syrarar er glade, dette er noko me har drøymt om lenge. Det var ei stor overrasking, for me trudde aldri denne dagen skulle komme. Det er ei veldig sterk oppleving for oss, seier biskopen.
– Syria har ingen kunnskap om politikk
Han fortel at alle nolevande generasjonane i Syria har vorte fødde eller levd under det 54 år lange Assad-regimet.
– Derfor er det ikkje lett for oss, for me har ingen kunnskap om politikk. Då vert det eit problem for oss å skulle velje ein ny politisk veg for landet vårt, seier biskopen.
Mourad seier han er ser med tvil på det nye styret med leiaren av gruppa Hayat Tahrir al-Sham (HTS), Ahmad al-Sharaa, i spissen.
– Det er ikkje vårt ynskje at dei skal påleggje oss eit islamsk styre, seier han.
HTS-leiar Ahmed al-Sharaa, også kjend som Abu Mohammed al-Jolani, har sagt han vil støtte pluralisme og religionsfridom, og har lova dei religiøse minoritetane i landet at ingen skal komme til skade under hans styring. Al-Sharaa var sentral under avsettinga av Bashar al-Assad.
Biskop Mourad er skeptisk til HTS-leiaren sitt «frieri» til religiøse minoritetar.
– Etter Assad-regimet er det vanskeleg for oss å ha tillit til nokon, seier han.
Biskopen har lyst å vere optimistisk, men han klarer det likevel ikkje heilt.
Eg håpar og likar å tru at framtida er lys, men for å vere ærleg er tankane mine bekymra for det nye politiske systemet. Eg håpar ikkje me skiftar ut diktatoren med eit islamistisk regime
– Eg håpar og likar å tru at framtida er lys, men for å vere ærleg er tankane mine bekymra for det nye politiske systemet. Eg håpar ikkje me skiftar ut diktatoren med eit islamistisk regime, seier han.
– Jula var ikkje lett under Assad
Det var ikkje lett å leve som kristen under Assad-regimet, ifølgje biskopen.
– Det er ein essensiell del av religionen vår å få vere fri til tenkje og uttrykkje seg. Under Assad-regimet var det ikkje slik. Frå 1970-åra reiste mange kristne frå Syria på grunn av dette, seier Mourad.
Etter Assad-regimet er det vanskeleg for oss å ha tillit til nokon
— Jacques Mourad, syrisk-katolsk erkebiskop i Homs
Tidlegare kunne ikkje kristne feire eller be offentleg i jula, men dekorasjonar i kristne bydelar var greitt. Men, i år trur han det vert annleis.
– Det kristne folket kjem til å feire, lage dekorasjonar og praktisere kristne tradisjonar, seier biskopen.
Sjølv skal han feire jul i kyrkja. Biskopen har også ein siste bodskap han vil dele:
– Me kan ikkje akseptere at nokon pålegg oss noko.
Caritas: Hærverk mot kyrkje
18. desember, over ei veke etter regimefallet, vart ei kyrkje og ein kyrkjegard i den syriske byen Hama angripe, Ifølgje Ingrid Rosendorf Joys, generalsekretær i Caritas Norge.
– Det vart utført hærverk, og mellom anna vart der rive ned kors, seier ho til Vårt Land.
Ho fortel at det er uklart kven som stod bak hærverket, men at kollegaene deira har ei tydeleg meining om at det ikkje er dei nye myndigheitene.
– Desse har elles har tatt direkte kontakt med kyrkjesamfunna og biskopane, og forsikra om at dei skal vere trygge og bli inkludert, seier Rosendorf Joys.
I kyrkjene vil det vere julefeiring, men høgtida kjem elles ikkje til å bli markert meir offentleg, ifølgje generalsekretæren.
Folk har ulike opplevingar
Sjølv om mange syrarar er glade for eit maktskifte, har folk forskjellige opplevingar av situasjonen.
– For nokre var det som å vakne frå ein lang og djup søvn; ein treng tid til å forstå kva som føregår. For andre var det som å bli lagt i koma, og mellom dei to tilstandane finst det tallause opplevingar.
Syriske Adib Alkhoury bur i utkanten av hovudstaden Damaskus. Han fortel i tekstmeldinga til Vårt Land at syrarar opplever Assad-regimet sitt fall veldig forskjellig.
Men, han føretrekkjer å snakke om si eiga oppleving av det som har skjedd.
Disippel av jesuittprest
– For meg er det absolutt ikkje eit spørsmål om regimet sitt fall, det handlar om ein stor universal krig i brotstykke, slik Pave Frans seier, der staten Syria er ein av delane og folkemordet i det heilage landet er ein annan, skriv han.
Alkhoury viser til at Pave Frans tidlegare har sagt at me lever i tredje verdskrig, og at denne ikkje utspelar seg som dei førre verdskrigane, men som ein «stykkevis og delt krig».
For nokre var det som å vakne frå ein lang og djup søvn
— Adib Alkhoury
Sjølv presenterer Alkhoury seg som disippel av den italienske jesuittpresten og fredsaktivisten Paolo Dall’ Oglio. Dall’ Oglio var mellom anna med på å rekonstruere Mar Musa, eit fleire tusen år gammalt kloster og å skape eit senter for interreligiøs dialog der. I tillegg var ein av dei kjende andleta i den syriske revolusjonen, som starta i 2011. I 2013 vart jesuittpresten bortført av terrorgruppa ISIS, og ein går no ut frå at han er død.
Fastar 16 timar om dagen
I tre månader har Alkhoury fasta 16 timar om dagen, fem til seks gonger i veka.
– Dette er i solidaritet med folk i Gaza og for fred over heile verda, seier han.
Alkhoury refererer til Barnemordet i Betlehem som vert skildra i Matteusevangeliet:
I Rama høyrast skrik,
gråt og høylytt klage:
Rakel græt over barna sine
og vil ikkje la seg trøyste.
For de er ikkje meir.
Matteus 2:18
Det går mot jul og Alkhoury fortel at han og familien prøver å glede seg over jula.
– Me har sett opp juletre i huset, og me prøver – kona mi, døtrene våre og eg – å glede oss over og feire at Jesus vart fødd, men stemma til Rakel overdøyver alle andre stemmer, seier han.
Vil spele ei rolle i Syrias framtid
Alkhoury fortel at han for tida jobbar saman med Bibelselskapet i Syria.
– Eg vart verande her og nekta å flykte, og prøvde heile tida å leve livet mitt som kristen – vitnesbyrdet om kjærleik til alle, seier han.
Alkhoury seier han ikkje kan føresjå kva som skjer framover. Sjølv ber og fastar han, og kommuniserer med folk.
Han ønskjer å spele ei rolle i forminga av Syria si framtid.
Ei framtid han vonar inneheld fred.
---
Kristendom i Syria
- Etter at borgarkrigen braut ut i 2011, reknar ein med at meir enn halvparten av den kristne befolkninga har forlate landet. Ifølgje ei syrisk avis var talet kristne i 2022 mindre enn 2 prosent av befolkninga.
- Den gresk-ortodokse kyrkje er den største kyrkja i landet og har patriarkatet sitt i Damaskus
- Andre kyrkjer er Den gresk-katolske og syrisk-ortodokse kyrkje, som også har patriarkata sine i hovudstaden. Den armensk-ortodokse og den maronittiske kyrkje har små kyrkjelydar, og protestantar er det svært få av.
- Krigshandlingar har gått sterkt ut over kyrkjer og kloster i landet. I dei kristne landsbyane Sednaya og Maaloula er kyrkjer frå tidleg kristen tid lagt i ruinar.
Kjelde: SNL og The Syrian Observer
---