– Eg håpar ho skal få det like fint på skulen som det eg hadde, då eg var barn.
Ingeborg Skomedal Torvanger heldt dottera Lara tett inntil seg. Lara er berre fire månader, men mamma har alt begynt å tenka på framtida.
– Skule er ei viktig sak for meg. Eg er opptatt av at barn lærer å samarbeida og lytta til kvarandre, og ikkje berre lærer teori. Derfor er kunstfag viktig for meg.
Vårt Land har teke turen til babysong i Grønland kyrkje i Oslo for å høyra kva folk tenker er viktige saker i forkant av stortingsvalet.
For Torvanger er det altså skule. Og den bør vera så skjermfri som mogleg.
– Skjermen gjev barn mange inntrykk som kan vera vanskelege å fordøya. Det er noko eg også kjenner på sjølv, seier ho.
Skule toppar lista over politiske saker
Den nybakte mora er ikkje åleine om å synest at skule er viktig. I ei ny undersøking seglar skule og utdanning opp som ei viktig sak for veljarane.
På oppdrag frå Vårt Land har Norstat spurt 1.052 nordmenn om kva politiske saker dei tenker er viktige i forkant av valet.
Nokre klare trendar trer fram:
- Skule og utdanning er på topp. 17 prosent av dei spurte, trekker fram dette som saka som opptek dei mest.
- Miljø er langt mindre viktig for folk no enn før stortingsvalet i 2021.
- Lommeboka kan bli avgjerande. Mange av dei spurde trekker fram økonomi og skatt som dei viktigaste sakene.
- Trass dyrtid og aukande forskjellar er det få som trekker fram sosial utjamning som ei viktig sak.
No er skule kome tilbake på dagsorden.
— Johannes Bergh, valforskar
Peikar på debatten om skjerm i skulen
Valforskar Johannes Bergh seier skule ligg an til å få eit comeback i årets val.
– Skule har vore lågare på agendaen til folk dei siste 20 åra. No er saka komen tilbake på dagsorden, seier Bergh.
Før stortingsvalet i 2021 trekte 9 prosent fram skule og utdanning som ei viktig sak. Det viser ei oversikt frå Institutt for samfunnsforskning (ISF). I den nye Vårt Land-målinga er altså denne delen nesten dobla.
– Den siste tida har det vore mykje debatt om skule. Eg trur diskusjonen om skjermbruk har vore viktig for å få skule opp på agendaen, seier Bergh.
– Me kan gå mot eit lommebok-val i haust
I ei årrekke har Johannes Bergh følgt kva nordmenn ser på som dei viktigaste sakene, som forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).
Han les målinga frå Vårt Land som eit teikn på at norske veljarar er «tilbake til normalen», med vekt på nære saker som helse, økonomi, skatt og skule.
Dermed kan økonomi bli særs viktig før haustens val.
– Me kan gå mot eit lommebok-val i haust. Det er gode nyheiter for Høgre og Frp. Om valkampen handlar om økonomi og misnøye, vil det gå utover den sittande regjeringa, seier Bergh.
Høgresida er sterke på lommebok-saker, viser tala frå Vårt Land. Heile 25 prosent av dei spurte meiner Høgre har den beste politikken for økonomi, industri og sysselsetting. På skattar og avgifter tronar Frp med 19 prosent.
Sosial utjamning mindre viktig
Dei siste åra har vore prega av dyrtid og aukande økonomiske forskjellar. Likevel er det berre fem prosent som trekker fram sosial utjamning som ei viktig politisk sak.
Til samanlikning var 16 prosent opptekne av sosial utjamning før valet i 2021, viser tal frå ISF.
– Sosial utjamning var viktig før valet i 2021. Det, saman med klima var ein viktig grunn til at dei raudgrøne partia gjorde det bra. No ser me at desse sakene er blitt mindre viktige, seier Johannes Bergh.
Krigen på Gaza mobiliserer folk i Oslo
Fem prosent av dei spurte, trekker fram Israel/Palestina som den saka som opptek dei mest om dagen.
Det overraskar valforskar Johannes Bergh.
– Det er relativt mange. Det er uvanleg at så mange nemner utanrikspolitiske saker, seier Bergh.
Oslo-folk er mest opptekne av Israel/Palestina – her trekker 14 prosent fram dette som ei viktig sak. I området som husar deler av det såkalla bibelbeltet – Sørlandet, inkludert Telemark og Vestfold – er saka mindre viktig. Her trekker berre to prosent fram saka.
– Det er eit urbant fenomen å vera oppteken av Israel/Palestina, spesielt for dei med pro-palestinsk syn. Ein kan sjå for seg at unge, høgt utdanna er opptekne av saka. Det er dei same gruppene som har engasjert seg i miljøsaka, seier Johannes Bergh.
– Dyr er ikkje mat for alle
Tilbake i Grønland kyrkje har foreldra samla seg på gym-matter framme ved alteret. Babyane ligg dandert i ein sirkel. Nokon ligg på magen og kikar seg rundt med oppsperra auge, medan andre ligg strak ut i ein velfortent lur.
I sirkelen sit Usman Choudri. Han fortel at dyrevern, miljø og skule er viktige saker når han skal stemma ved stortingsvalet.
– Eg vil til dømes ikkje at Mattilsynet skal ha ansvar for dyrevelferd. For det er ikkje alle som ser på dyr som mat, seier Choudri, som sjølv er vegetarianar.
Han er mellom veljarane som framleis er oppteken av miljøsaka, som er på vikande front.
Før valet i 2021 sa heile 30 prosent at miljø var ein eller to av dei viktigaste sakene. I Vårt Land-undersøkinga svarer berre 15 prosent det same.
– For nokre år tilbake var miljøsaka heilt dominerande, men no er temaet mindre viktig. Det verkar som at folk er meir opptekne av nære ting, seier valforskar Johannes Bergh.
Om lag like mange kvinner som menn trekker fram miljøsaka i Vårt Lands undersøking.
– Det bryt med tidlegare trendar, der kvinner har vore meir opptekne av miljø, seier Bergh.
Samstundes står miljø relativt sterkt i hovudstaden. 22 prosent av dei spurte Oslo-buarane trekker fram miljø, samanlikna med 15 prosent for heile landet.
---
Om målinga:
- Norstat-målinga for Vårt Land vart gjort første veka i desember.
- 1.052 personar har svara på kva politiske saker som opptek dei mest om dagen, og kva parti dei meiner har dei beste løysingane på sakene.
- Kvar person kan nemna opp til tre saker dei meiner er viktige. I snitt trekker kvar respondent fram to saker.
- Svara blir plassert i ulike kategoriar av Norstat. Feilmarginen varierer frå 1,4 % til 2,3 %.
---