Nyheter

Han tapte rettsstriden mot staten. Må reise frå Norge

RETTSRUNDE: Suel Kassembo saksøkte staten for å få bli i Norge, og tapte. Kyrkjeasylanten kan bli justisminister Emilie Mehls (Sp) testsak .

– Suel blir i Herøy kyrkje inntil vidare, så skal støttegruppa hans saman med sokneråd og fellesråd snakke saman om vegen vidare, fortel Solfrid Leinebø Seljås til Vårt Land.

Ho er sokneprest i Herøy.

Utlendingsnemnda sa nei, Suel Kassembo har ikkje rett på opphald i Norge og avviste asylsøknaden.

Kassembo svarte med å stemne staten. Først tapte han i Oslo tingrett. Så tapte han i Borgarting lagmannsrett i fjor haust.

No har Ankeutvalet i Høgsterett sagt nei til å behandle anken:

«Ankeutvalet finner enstemmig at det ikke er tilstrekkelig grunn til at saken blir fremmet for Høyesterett, jf. tvisteloven § 30–4. Anken tillates derfor ikke fremmet».

Det er ein sjølvsagt ein tung beskjed å få

—  Arild Humlen, advokat

Hadde ikkje grunn til å anke dom

Dermed blir dommen frå lagmannsretten ståande:

«Saken har ikke budt på tvil på noen av tvistepunktene og har ikke reist uavklarte spørsmål av prinsipiell interesse. Lagmannsretten kan ikke se at Kassembo hadde god grunn til anke tingrettens dom. Det er for lagmannsretten ikke ført nye bevis som var egnet til å endre tingrettens vurdering».

– Det er ein sjølvsagt ein tung beskjed å få, men me har ikkje gitt opp saka, me held fram arbeidet, seier advokat Arild Humlen til NRK, som melde saka først.

Fakkeltog til støtte for Suel Kassengo

Gjekk i kyrkjeasyl

Suel Kassembo er truleg landets einaste kyrkjeasylant.

Han kom til landet for 20 år sidan og søkte asyl. Men utlendingsforvaltninga meiner at han ikkje kjem frå Burundi, slik han hevdar, ei heller at han var i livsfare i Burundi grunna farens politiske aktivitetar.

I nyttårshelga 2023 gjekk Kassembo i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje på Sunnmøre. Han ønskte ikkje å bli tvangssendt ut av Norge.

Kassembo har budd på Sunnmøre sidan han var ein ung gut.

Kan bli henta av politiet

Då han gjekk i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje, varsla politiet at dei prøver å snakke Suel Kassembo ut av kyrkjeasylet – og: fører ikkje dialogen fram, er politiet budde på å bruke makt.

Politimeister Ingar Bøen fortalde Vårt Land i januar i fjor at «det kan bli aktuelt å gå inn i kyrkja etter kvart».

Justisminister Emilie Mehl (Sp) oppheva i 2023 instruksane og retningslinene som i 30 år hadde hindra politiet i å gå inn i kyrkjer og hente ut kyrkjeasylantar med makt.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har foreslått en lovendring for å senke beviskravet slik at politiet lettere kan inndra verdier fra kriminelle. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Melding til støttespelarar

Meldinga til kyrkjelydar som opnar dørene for kyrkjeasyl og støttespelarar som stiller opp, var tydeleg:

«Det vil fremover ikke lenger være særskilte retningslinjer for fremtidig uttransport av personer som har tatt opphold i kirker. Det betyr at om det skulle oppstå nye tilfeller av kirkeasyl, skal sakene løses i tråd med politiets vanlige rutiner.»

NRK melder at lokalt politi på Sunnmøre seier at saka ligg hjå Politiets utlendingseining. PU har ansvaret for å tvangsreturnere personar med endeleg avslag på asylsøknaden.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter