Nyheter

KrFU om Sp-exit: – Me har alltid hatt armane opne for Sp

GÅR UT: KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland strekker ut ei hand til Senterpartiet, som går ut av regjeringa.

– No får me ein ny situasjon. Senterpartiet går tilbake til Stortinget og er fri frå den regjeringa som har teke Noreg i feil retning, seier KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland til Vårt Land.

Torsdag ettermiddag vart det klart at Senterpartiet forlèt regjeringa.

KrFU-leiar Bjuland peiker på sitsen i Stortinget, der dei fire partia Frp, Høgre, KrF og Sp til saman har 88 mandat. Grensa for fleirtal går ved 85.

– Me har fleirtal på Stortinget og me må kunna samarbeida. No må Sp lausriva seg frå det synkande skipet dei har vore del av i regjering.

– Må me bruka tida fram til stortingsvalet klokt

KrFU-leiaren ser for seg eit samarbeid med Senterpartiet i sak til sak. Han trekker fram tre saker som viktige der han opplever KrF og Sp er på linje:

  • Utbygging av kjernekraft
  • Styrka private og ideelle aktørar i rusomsorg
  • Styrka kristne privatskular

– No må me bruka tida fram til stortingsvalet klokt. Me har eit fleirtal som kan få Noreg i riktig politisk retning.

Seks av åtte regjeringar saman med KrF

Sidan krigen har Senterpartiet har vore del av åtte regjeringar. I seks av dei har partiet vore i regjering med KrF.

– KrF har alltid hatt armane opne for Sp. Historisk har me stått nær kvarandre både på verdipolitikk og distrikt. Me støtter forhandlingsinstituttet i landbruket og er på linje i verdispørsmål som abortlov og bioteknoigi, seier Bjuland.

Sidan Bondevik 1-regjeringa har Sp i to omgangar vore i regjering med Ap.

– Sidan 2000 har Sp blitt meir og meir sosialistiske. No må partiet gå i seg sjølv og finna ut kva dei vil, seier Bjuland.

Ulstein: Inga tru på at Sp byter side

KrF-leiar Dag-Inge Ulstein er avmålt i møte med tanken på eit samarbeid med Sp.

– Dette endrar ikkje KrFs plan. Eg har inga tru på at Senterpartiet vil byta side.

Han skriv i ein SMS til Vårt Land at Noreg no treng ei ny Høgre/KrF-basert regjering.

Med Dag-Inge Ulstein får KrF ein partileiar som ikkje sit på Stortinget, ettersom han ikkje tar attval i haust. Meir tid til partiarbeid, men det er jo også ulemper ved ei sånn løysing, seier han. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB/ NPK

Ulstein meiner, på same måte som KrFU-leiar Bjuland, at regjeringa har teke Noreg i feil retning.

– Dette vart ein rotete avslutning på eit rotete regjeringssamarbeid, skriv Ulstein og legg til:

– Manglande tiltak mot høge straumprisar kjem jo berre på toppen av ei rekke dårlege saker regjeringa har levert. Kraftig skatteauke for næringslivet, radikalt utvida grensa for fri abort og dei har late narkotikabruken auka.

Går ut etter strid om energipakke

Det var VG og NRK som først meldte at Senterpartiet går ut av regjeringa. Det skjer etter konflikten rundt Rein energi-pakka frå EU.

Ap har ivra for å innføra tre direktiv frå denne pakka, men har møtt motstand frå Senterpartiet. Sp har vore tydeleg på at partiet ikkje kan vera del av ei regjering som tek inn energipakka inn i norsk lov.

Rein energi-pakka vart vedteken i EU i 2019. Tre av dei åtte direktiva i pakka er på bordet til den norske regjeringa: fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og eit direktiv for energisparing i bygg.

Må finna åtte nye statsrådar

Når Senterpartiet går ut av regjering, må partiets åtte statsrådar bli erstatta. Dette er:

  • Finansminister Trygve Slagsvold Vedum
  • Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
  • Barne- og familieminister Kjersti Toppe
  • Forsvarsminister Bjørn Arild Gram
  • Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl
  • Landbruks- og matminister Geir Pollestad
  • Kommunal- og distriktsminister Erling Sande
  • Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel

I regjering i over 24 år

På nettsidene til Senterpartiet, viser partiet fram ei utrekning som viser at partiet har vore i regjering 8.150 dagar etter 2. verdskrig, fram til partiets landsmøte 17. mars 2023.

Sidan då er det gått 686 dagar. Dermed har Senterpartiet vore 8.836 dagar i regjering fram til torsdag 30. januar 2025.

Dronning Elizabeth i Norge sammen med familien i 1969. Statsminister Per Borten inviterte dronningen til lunsj hjemme hos seg på gården i Flå. Her ser vi Per Borten lærer dronningen å spille Boccia. Kong Olav t.h.
Foto: NTB arkiv / NTB

Dette svarar til over 24 år med regjeringserfaring.

Sidan november 1945 har Senterpartiet har vore del av åtte regjeringar. I seks av dei har partiet vore i regjering med KrF. Berre to av dei har vore med Ap.

---

Desse regjeringane har Senterpartiet vore del av etter krigen:

  • John Lyng, 28. august 1963–25. september 1963 (H, Sp, V, KrF)
  • Per Borten, 12. oktober 1965–17. mars 1971 (Sp, H, V, KrF)
  • Lars Korvald, 18. oktober 1972–16. oktober 1973 (KrF, Sp, V)
  • Kåre Willoch, 8. juni 1983–9. mai 1986 (H, KrF og Sp)
  • Jan P. Syse, 16. oktober 1989–3. november 1990 (H (, KrF, Sp)
  • Kjell M. Bondevik, 17. oktober 1997–17. mars 2000 (KrF, Sp, V)
  • Jens Stoltenberg, 17. oktober 2005–16. oktober 2013 (Ap, SV, Sp)
  • Jonas Gahr Støre, 14. oktober 2021–2024 (Ap, Sp)

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter