Nyheter

Løna til KrF-Ulstein er på nivå med ein statsråd

LØN: KrF-leiar Dag-Inge Ulstein har ei årsløn som er over 700.000 kroner høgare enn den til leiaren i Miljøpartiet Dei Grøne. – Løn har aldri vore del av min motivasjon, seier Ulstein.

Dag-Inge Ulstein er leiar for eit parti med tre representantar på Stortinget som har vore under sperregrensa på snitt-målingar dei siste ni månadane.

Vårt Land har spurt KrF kva Ulstein har i årsløn, og fått svar: 1.645.200 kroner. Det inkluderer eit tillegg på 240.000 kroner, som vart innført att i år då Ulstein formelt tok over roret som KrF-kaptein.

Til samanlikning tener ein statsråd 1.671.256 kroner i årleg godtgjersle. Det er dryge 26.000 kroner meir enn KrF-leiaren.

Arild Hermstad, leiar for Miljøpartiet Dei Grøne, har 936.800 kroner i årsløn. Hermstad leiar også eit parti med tre representantar på Stortinget utan å vera vald inn sjølv. Ulstein ligg an til å vera i same situasjon frå og med oktober.

Løna auka med 240.000 kroner i år

Reknestykket bak Dag-Inge Ulstein si løn er slik:

  • Han får ei godtgjersle for å vera stortingsrepresentant på 1.171 000 kroner.
  • I tillegg kjem godtgjersle som parlamentarisk leiar frå stortingsgruppa. Dette utgjer 234.200 kroner i året.
  • Frå partiet får Ulstein eit partileiar-tillegg. Denne godtgjersla er på 240.000 kroner i året.

Generalsekretær i KrF, Ingunn Ulfsten, seier at partileiar-tillegget på 240.000 kroner vart innført att i år.

– Eg tok initiativ til å gjeninnføra denne godtgjersla. Det har eg gjort saman med sentralstyret.

Også godtgjersla som Ulstein får som parlamentarisk leiar har auka. Etter eit vedtak i stortingsgruppa vart summen auka med rundt 58.000 kroner i fjor.

Forsvarar lønsnivå

– Løn har aldri vore del av min motivasjon eller bakgrunn for mi avgjersle om å bli partileiar.

Det skriv Dag-Inge Ulstein i ein SMS til Vårt Land. Han svarer ikkje på spørsmål om kva han tenker om eige lønsnivå eller om det er rimeleg.

Generalsekretær i KrF, Ingunn Ulfsten, forsvarar lønsnivået.

– Me har tradisjon for å gje denne forma for godtgjersle og løn til våre partileiarar i KrF. Ulstein bur med familien sin i Oslo, og har den tidsbruken og omfattande reiseverksemda han har. Det er eit val me har teke å gje han denne godtgjersla frå partiet utover det alle stortingsrepresentantar får.

KrFs landstyremøte.

Seier lønstillegg ikkje var krav for å bli partileiar

Etter først å ha sagt nei til å bli ny KrF-leiar, ombestemte Ulstein seg og sa ja i haust. Han vart formelt klappa inn som ny leiar i januar i år på KrFs ekstraordinære landsmøte.

Vårt Land har spurt generalsekretæren om det var eit krav frå Ulstein å gjeninnføra partileiar-tillegget på 240.000 kroner for å ta på seg partileiarvervet.

– Nei, det var ikkje noko krav, svarer Ingunn Ulfsten.

Ho opplyser at partiet har hatt tradisjon for partileiar-tillegg betalt av partiet. Denne vart fjerna under Kjell Ingolf Ropstad si tid som partileiar. Ifølgje Ulfsten var det Ropstad sjølv som tok initiativ til å fjerna tillegget.

Fire år i minus

Dag-Inge Ulstein tek ikkje gjenvalg på Stortinget. Det betyr at han frå hausten av ikkje får løn som stortingsrepresentant. Dermed ligg partiet an til å måtte ta ei større del av rekninga for løna hans.

KrF har gått i underskot dei siste fire åra. Årsresultatet har variert frå rundt ein halv million til 3,7 millionar i minus i denne perioden.

Generalsekretær Ingunn Ulfsten kan ikkje svara på kva løna til Ulstein blir til hausten.

– Det me har vedteke, er at me avklarer dette etter valet.

– Så Ulstein har sagt ja til å bli partileiar utan stortingsplass, men han veit ikkje kva han skal tena?

– Me har avklart i samråd med han at me skal sjå på det etter valet.

Ulstein: – Eg forheldt meg til kva partiet vedtar om løn

Dag-Inge Ulstein skriv i ein SMS til Vårt Land at det blir ein annan situasjon etter valet, når han ikkje lenger er stortingsrepresentant. Det er noko han og partiet er einig om å koma tilbake til.

– Eg forheldt meg til kva partiet vedtar om løn. Utover dette er det ikkje naturleg for meg å kommentera meir.

MDG-Hermstad tener 936.800 kroner

Leiar for MDG, Arild Hermstad, tener i dag 936.800 kroner i året, opplyser partiet til Vårt Land. Hermstad leier, i likskap med Ulstein, eit parti med tre representantar frå Stortinget.

Hermstad sit ikkje på Stortinget og får størstedelen av løna frå partiet. Den samla løna blir avkorta, ut frå eit prinsipp om at Hermstad ikkje skal tena meir enn 80 prosent av stortingsgodtgjersle.

Partileder Arild Hermstad i Miljøpartiet De Grønne er utålmodig for å få inn EUs fjerde energipakke i norsk lov. Foto: Thomas Fure / NTB

– Det er ikkje noko synd på meg. Eg har to vaksne barn som har flytta heimanfrå, solcellepanel på taket og nedbetalt bustadlån, så kona og eg klarer oss heilt fint, skriv Hermstad på SMS til Vårt Land.

Han skriv at det viktigaste for han er å bidra til å få MDG over sperregrensa.

– Derfor meiner eg me heller skal bruka partiets pengar på valkamp enn på meir løn til meg.

Opnar for at litt av løna kan koma frå Stortinget

Generalsekretær i KrF Ingunn Ulfsten seier at fleire ting speler inn og påverkar økonomien til partiet etter valet: Om KrF kjem over sperregrensa og om partiet går i regjering eller ikkje.

Ho legg til:

– Partiet har visst at Ulstein ikkje ønsker plass på Stortinget. Det må me i partiet ta ansvar for. Men å seia nokre summar no, eller korleis det skal organiserast, det kan me ikkje.

I utgangspunktet vil KrF betala løna til Ulstein etter valet, men Ingunn Ulfsten opnar for ulike løysingar:

– Han vil alternativt kunne ha ei mindre stilling i stortingsgruppa. Då får han litt av løna si frå stortingsgruppa. Her forheldt me oss til Stortingets regelverk. Men dette må me koma tilbake til etter valet.

– KrF vil måtte ta ei større del av rekninga for Ulsteins løn. Det uroar ikkje deg korleis det påverkar økonomien?

– Nei. Me er berre løysingsorientert på å finna ein veg rundt dette.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter