Margrethe Cammermeyer vart kjent i USA og Norge over natta då ho i 1992 vart kasta ut av den amerikanske hæren.
– Etter 25 år i militæret sa dei meg opp, fortel Cammermeyer til Vårt Land i ein videosamtale.
Sjølv hadde ho inga aning om at det ho hadde svart på eit spørsmål i ei tryggleiksklarering i det amerikanske forsvaret skulle få så store følgjer som det gjorde.
Historia til Cammermeyer, som du snart skal å høyre, har i løpet av dei siste vekene igjen vorte svært aktuell i USA.
![Margrethe Cammermeyer](https://www.vl.no/resizer/v2/5KECYBLULBCM7KCPCORH5X3MQE.png?auth=c70a5528151296ba745b68280395cbe53ea8b97bc62b42440d5f28dfed1c790f&width=1440&quality=70&smart=true)
Ein president i strupen på mangfald og inkludering
I dei vekene Donald Trump har vore president i USA, har han gjort og sagt mykje som skremmer folk i et amerikanske LHBT+-miljøet.
Under innsetjingstalen sin sa Trump at USA no offisielt berre vil anerkjenne to kjønn – mann og kvinne. Dagen etter gjekk Trump hardt ut mot Washington-biskop Marianne Budde fordi ho under innsetjingsgudstenesta bad presidenten vise nåde og barmhjertighet for homofile, lesbiske og transpersonar.
![President Donald Trump insisterer på at hans planer om toll på produkter fra Mexico, Canada og Kina skal iverksettes. Foto: Matt Rourke / AP / NTB](https://www.vl.no/resizer/v2/2YM4KDYEFBUWMYX4UTB2UHYDNY.jpg?auth=117d618901857d49b22f3ca002ac4d6be5c382184d0b87184ba05cbbe5fb6d95&width=1440&quality=70&smart=true)
Presidenten nølte heller ikkje med å gå til åtak på statlege program som skal sørgje for mangfald, rettferd og inkludering (DEI) nokre dagar seinare. Alle offentleg tilsette i desse programma ønskjer Trump å få sparka.
I si andre veke som president signert Trump ei ordre som har som mål å forby transpersonar frå militæret. Dagen etter signerte han ei ordre som pålegg føderale helseforsikringsprogram – som dekkjer militærfamiliar – å ikkje dekkje kjønnsbekreftande behandling. I tillegg har han bede justisdepartementet om å bruke rettsvesenet og lova til å motarbeide denne behandlinga, ifølgje NTB.
Organisasjonen The Modern Military Association of America, som jobbar for LHBTQ+-rettar i det amerikanske militæret, har fordømt signeringa av presidentordra som vil forby transpersonar i militæret. Dei kallar det «eit betydeleg steg tilbake for militær beredskap og likestilling».
![Margrethe Cammermeyer vart fødd i Oslo. Her budde ho til ho var ni år gammal.](https://www.vl.no/resizer/v2/DR44FHH5R5BEBCFICA7V6POLGY.jpg?auth=5c6749e6e3c5d41c388ea312a0cd9d31586dfa13ee560100b343f7e574c97aae&width=768&quality=70&smart=true)
Flytta frå Norge etter krigen
Vidare i videosamtalen mellom Oslo og Washington, fortel Cammermeyer at ho vart fødd i Oslo 24. mars 1942, midt under den tyske okkupasjonen. Saman med familien budde ho i Camilla Colltets vei – rett bak slottet – til ho var ni år gammal. Men, i 1951 pakka familien Cammermeyer koffertane og emigrerte til USA.
Som 19-åring verva Cammermeyer seg i den amerikanske hæren og tok utdanning som sjukepleiar. Ho tenestegjorde i Tyskland, USA og Vietnam. Under tenesta i Tyskland møtte ho sin kommande ektemann – offiseren Harvey Hawken – som ho gifta seg med i 1965. Eit par år etter tenestegjorde dei begge i Vietnam. Cammermeyer jobba 14 månader som sjukepleiar på eit evakueringssjukehus i Long Binh, nær Saigon – noko ho fekk ho krigsdekorasjonen Bronze Star for.
Cammermeyer og mannen fekk fire søner saman og heldt saman i 15 år. Men, i 1980 skilte ho seg frå han.
– Eg fann ut at eg var lesbisk, fortel ho.
– Eg tolte ikkje tanken på å lyge
I 1987 vart Cammermeyer forfremma til oberst i nasjonalgarden i Washington, og allereie året etter bestemte ho seg for å søkje på krigsskulen. Ho ville bli general.
Men, under søknadsprosessen til U.S Army War College, måtte ho gjennom ei tryggleiksklarering der ho fekk spørsmål om seksuell orientering – og det var her problema oppstod.
– Eg sa med ein gong at eg var lesbisk, og det vart på ein måte starten på slutten av karrieren mi, fortel ho.
For Cammermeyer tolte ikkje tanken på å lyge.
– Eg skulle i alle fall ikkje lyge under ei tryggleiksklarering, seier ho.
I USA på denne tida var det forbode for homoseksuelle å tenestegjere i militæret – det var faktisk grunn til avskjed. Og det var akkurat det som skjedde – i 1992 vart Cammermeyer sagt opp frå stillinga si.
Ho bestemte seg for å ta saka til retten og kjempe for å få tilbake stillinga si. Cammermeyer fekk stor mediemerksemd, også her i Norge.
– Folk trudde homofile berre tenkte på sex
Etter ein årelang kamp mot oppseiinga hennar, fekk ho til slutt medhald i retten i 1994. Cammermeyer fekk tilbake både rangen og stillinga ho hadde hatt før ho vart sparka.
![Norskættede Grethe Cammermeyer ble landskjent i USA da hun måtte slutte i forsvaret på grunn av sin homofile legning.](https://www.vl.no/resizer/v2/MHX6OGC4IJGSPGD73K6QLDED34.jpg?auth=78534360bd6ce0722c7907934029920a0f14ce71df946b06b356d936580a2402&width=768&quality=70&smart=true)
– Korleis var det å komme tilbake i jobben etter først å ha blitt sparka?
– Der og då var det verste å vere flau over at alle visste at eg var lesbisk. Eg var flau, fordi for tretti-førti år sidan visste ikkje folk at homoseksuelle sine liv inneheldt andre ting enn sex. Folk rekna med at, om du var homofil, var sex det einaste du hadde i tankane. Dette var nok ein del av tauet i byrjinga, seier ho.
Ho fortel at ho enda opp med å skilje det private og det profesjonelle livet sitt.
– Etter kvart møtte eg Diane, og me har vore saman i 36 år no. Men me levde eit veldig privat liv då eg framleis jobba i militæret, fortel ho.
Ser likskapar med opptrappinga til nazi-tida
Cammermeyer har vorte eit symbol for homofile og lesbiske sin kamp mot diskriminering i det amerikanske militæret, og har hatt mykje å seie for dei som har komme etter ho. I 1993 signerte dåverande president Bill Clinton eit militærpolitisk direktiv, «Don’t ask, Don’t tell», som forbydde opent homofile og lesbiske å tene i militæret, men som også forbydde trakassering av «skaphomofile». Intensjonen var at det skulle vere eit kompromiss mellom eit fullt forbod mot homofile i militærteneste, og full aksept.
Men, i praksis verka «Don’t ask, Dont tell» som eit forbod – og førte til at meir enn 14.000 personar i militæret vart sagde opp på grunn av seksuell orientering.
– Det var ein lang kamp. Men, det som ikkje var inkludert i mi tid, var transpersonar i militæret. Deira rettar var på ein måte separert frå homofile rettar. Og det er derfor det no har vore ein slags «snøballeffekt». Den første Trump-administrasjonen forbydde transpersonar frå å tene i militæret, så kom Joe Biden inn som president og sa «de kan tene i militæret likevel», og no er Trump igjen etter transpersonar.
![Margrethe Cammermeyer](https://www.vl.no/resizer/v2/YDYLCO5T2BFHDLF6IDCRPR2FT4.png?auth=4823f9c05446f5dec0dbbf7398f3bf7fdeef398a95ca325e63aed6c70d374b8f&width=1440&quality=70&smart=true)
Den tidlegare obersten utelukkar ikkje at Trump også kan komme til å prøve å ekskludere homofile frå militæret. Ho er redd datainnsamling om seksuell orientering og kjønnsidentitet skal bli misbrukt av dei som no styrer landet.
– Ein kan ikkje la vere å tenkje på at dette er mykje av det same som skjedde under opptrappinga av nazi-tida i Tyskland. Dei har lister med homoseksuelle, som dei potensielt kan gå etter. På grunn av openheita vår her, der dei får all personleg informasjon og alt – så kjem dei kanskje snart etter oss, seier ho.
Cammermeyer seier historia hennar er gammal. Men, gammal betyr ikkje at ho ikkje er aktuell.
– Det ser ut som at historia gjentek seg. Gjer ho ikkje? seier ho.
---
LHBT+-rettar i det amerikanske militæret:
- 1993 – President Bill Clinton signerte eit militærpolitisk direktiv, kjent som «ikkje spør, ikkje fortel». Direktivet forbydde opent homofile og lesbiske frå teneste i militæret, men forbydde samtidig trakassering av «skaphomofile» i militæret. Rundt 14.000 personar vart sagde opp under denne linja.
- 1994 – Margarethe Cammermeyer får medhald i at nasjonalgarden må ta ho tilbake i teneste. To år før vart ho sparka fordi ho var open om at ho var lesbisk.
- 2011 – «Ikkje spør, ikkje fortel»- direktivet vert oppheva av Barack Obama. Ope homofile får tenestegjere i militæret.
- 2016 – Forsvarsminister Ashton B. Carter annonserer at Pentagon opphevar forbodet mot at transpersonar tenestegjer i militæret. Dette skjer månader før Donald Trump vert president for første gong.
- 2018 – Pentagon stadfester at første (opne) transperson har signert kontrakt om teneste i det amerikanske militæret.
- 2018 – Trump-administrasjonen annonserer eit politisk direktiv som vil forby dei fleste transpersonar teneste i militæret.
- 2021 – President Joe Biden signerer ei presidentordre som opphevar alle forboda mot transpersonar i militæret, som vart innført i Trump innførte sin presidentperiode (2016-2020).
- 2025: Trump signerer ei presidentordre som vil revidere reglane for transpersonar i militæret – som kan resultere i at dei vert kasta ut.
Kjelde: CNN
---