I januar i år kom det inn seks asylsøknader frå amerikanske statsborgarar. Det viser tal frå UDI.
Talet er lågt, men langt høgare enn månadstala for dei tre åra som har gått.
Til samanlikning kom det inn ni søknader frå amerikanske statsborgarar i heile 2024 og åtte søknader i 2023 og i 2022.
I januar å år vart Donald Trump teke i eid som ny president i USA. Vårt Land har kontakta Utlendingsdirektoratet (UDI) og spurt om dei ser tala i samanheng med dette.
– Det er for tidleg å seia om det no er ein tendens til auke av tal på søknader frå USA og om dette skjer som følge av den politiske utviklinga i landet.
Det skriv Per-Jan Brekke ved presseavdelinga til UDI, i ein e-post til Vårt Land.
Tala gjeld søknader om vern på individuelt grunnlag etter paragraf 28 i utlendingslova.
– Me har for øvrig ikkje informasjon om nokre forhold i USA som på generelt grunnlag kvalifiserer for vern, skriv Brekke i UDI.