Nyheter

Pastoren skildrar det som «ein av dei mørkaste augneblinkane» i Vestbreidda si historie

VESTBREIDDA: Israelsk militære vil trappe opp operasjonar på den okkuperte Vestbreidda, og har sendt stridsvogner til området for fyrste gong på over 20 år. – Kyrkjene gjer alt for å hjelpe folk, seier lokal pastor.

– Me ser kva som skjer i Gaza, og spør oss sjølve «vil det bli vår skjebne også»? seier Munther Isaac, pastor i Evangelical Lutheran Christmas Church i Betlehem, til Vatican News.

For fyrste gong på over 20 år har israelske stridsvogner entra den okkuperte Vestbreidda. Ikkje sidan slutten av den andre intifadaen i 2005 har dette skjedd, ifølgje nyhendebyrået AFP.

Over 40.000 palestinarar er no drivne på flukt frå flyktningleirane i Jenin, Tulkarem og Nur a-Shams.

Flykningstruamen på Vestbreidda er den største sidan det palestinske området vart ulovleg okkupert av Israel i 1967, skriv NTB.

Våpenkvile i Gaza – eskalering på Vestbreidda

Sidan våpenkvila på Gaza trådde i kraft 19. januar, har valden derimot auka på den israelskokkuperte Vestbreidda. Både israelske militæroperasjonar og vald frå ulovlege israelske busetjarar har ført til redusert tryggleik, fordriving og avgrensingar i palestinarane sine moglegheiter til å bevege seg fritt.

Israelske troppar og busetjarar har drepe minst 900 palestinarar sidan 7. oktober 2023, ifølgje palestinske helsemyndigheiter.

Israeli tanks are deployed during an ongoing army operation in the West Bank Jenin refugee camp, Monday, Feb. 24, 2025. (AP Photo/Majdi Mohammed)

Isaac fortel Vatican News at israelske busettingar og vegsperringar raskt gjer området umogleg å bu i. Dette kuttar område med infrastruktur frå kvarandre og frå landsbyane rundt, og i praksis vert Vestbreidda forvandla til «ei serie av opne fengsel».

Pastor Munther Isaac i Betlehem

Berre rundt Betlehem er det rundt 80 vegsperringar, som gjer at det ofte tek seks eller sju timar å krysse, fortel pastoren.

I tillegg lir Vestbreidda av svært dårleg økonomi. Betlehem støtta seg før stort på religiøs turisme, men turismen har stoppa heilt opp. Kyrkjene i området brukar no all si tid på å hjelpe familiar utan inntekt å overleve, fortel pastoren til den katolske avisa.

– Me i kyrkjene prøver å gjere alt me kan. Men det betyr ikkje at me klarar å hjelpe alle, seier han.

Minst 100 kristne familiar har reist

Betlehem-pastoren reknar ut at minst 100 av dei kristne familiane i Betlehem har reist frå byen sidan 7. oktober 2023. Den største trusselen for kristne på Vestbreidda, seier pastoren, er det aukande talet av tvangsforflyttingar som går føre seg.

– Me er allereie eit lite samfunn som slit med å overleve, seier Isaac.

Han fortel Vatican News korleis palestinarar på Vestbreidda må vente i mange timar ved israelske kontrollpunkt kvar dag, og om redselen ein kjenner på når israelske soldatar rettar våpena sine mot ein – også mot borna.

A child looks at blood at the site where Jaafar Dababsah, a Palestinian Hamas commander was killed in a raid by Israeli forces, in the village of Talouza, near the West Bank city of Nablus, Tuesday, Jan. 7, 2025. (AP Photo/Majdi Mohammed)

– Ein heil generasjon er traumatisert. Ein tenkjer på framtida til borna og lurer på kvifor ein framleis er her. Likevel er mange av oss er bestemt på å bli. Men kor mykje meir kan me tole i ein slik situasjon? Dette er ein av dei mørkaste augneblinkane våre, seier han.

I 2017 var det rundt 23.000 kristne i Betlehem, som utgjorde rundt 10 prosent av befolkninga i byen. På heile Vestbreidda og i Jerusalem var det rundt 51.000 kristne i 2022, før krigen mellom Israel og Hamas braut ut.

Forsvarsminister Katz: Førebu dykk på bli verande

Den israelske forsvarsministeren Israel Katz har uttalt at Det israelske militæret (IDF) må førebu seg på å bli verande i flyktningleirane på den okkuperte Vestbreidda det neste året.

Katz seier at styrkjene skal «hindre at innbyggerne vender tilbake og terrorisme blomstrer opp igjen», ifølgje NTB.

---

Fakta om situasjonen på Vestbreidda

  • Israel har drive over 40.000 palestinarar på flukt frå flyktningleirane Jenin, Tulkarem og Nur a-Shams på den okkuperte Vestbreidda.
  • 51 palestinarar, inkludert sju barn, og tre israelske soldatar har vorte drepne i Jenin, Tulkarm og Tubas den siste månaden.
  • Dei israelske angrepa har påført store skadar på vassforsyning og anna infrastruktur. Titusen av menneske har mista tilgangen til vatn.
  • Israelske busetjarar har vandalisert og felt 155 oliven- og frukttre i landsbyen Yasuf i Salfit. Dette er éin av 34 hendingar med israelske busetjarar som OCHA dokumenterte i perioden 11. til 17. februar.
  • Nær 40 palestinarar som er avhengig av dyrehald som inntektskjelde, er fordrive nær landsbyen Al Maniya i Betlehem på grunn av gjentekne angrep frå israelske busetjarar.
  • Cirka 806.000 studentar over heile Vestbreidda fekk utdanninga si alvorleg svekkja i 2024, viser ein rapport frå Education Cluster.

Kjelde: NTB, FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA)

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter